Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Fallskjerm-kanon

Av Svein Gjerdåker
,  25.03.06


Har styret i Norske Skog vore rause nok? Vi har kåra dei seks beste:

Pål Kraby, NAF 1986: 22 millionar. Klar førsteplass. Kraby starta det heile, men makta å halda det skjult til Arne O. Holm avslørde ukulturen i NHO.

Arne A. Jensen, TV 2 1999: 5 millionar. Ikkje den største summen, men han fekk trass i alt pengane sjølv om han gjekk av eigen fri vilje til Braathens, der han etter kort tid fekk ein ny fallskjerm. «Alle ønsker vi å selge vårt talent», sa han då.

Kjell Almskog, Kværner 2001: 23 millionar, eller var det 78 millionar? Fekk som ein annan fotballproff 9 millionar i eingongssum berre for å ta jobben. Kjøpte så gardiner til huset sitt for 900.000 med sjekkheftet til Kværner. Tala støtt om å få til dugnader i Kværner.

Erik Tønseth, Kværner 1998: 20 millionar. Flytte Kværner til London, kjøpte eit engelsk gods til 70 millionar, og skaffa Kværner eigen båt i Whitbread-seilasen samstundes som pengane rann bort i Trafalgar House.

Harald Norvik, Statoil 1999: 29 millionar? Her verserer mange tal. Staten vil òg syna at han kan. Luringen Ole Lund var styreformann og meinte at avtalen ikkje var urimeleg. Etter stort press sa Norvik frå seg delar av avtalen, men for seint. Norvik må med på lista.

Finn A. Hvistendahl, DnB 1998: 10,8 millionar kroner. Godtok ikkje oppseiinga, lyste krig, hyrde ein råtass av ein advokat og pressa fram ein gullavtale. Summen skulle reduserast om han tok imot inntekter frå andre. I 2000 tente han 4 millionar, men heldt likevel på fallskjermen.

Kva med Jan Oksum? Han får poeng for tidspunktet. 11 millionar etter alt bråket i Norske Skog er godt gjort, og han er ein god opprykkskandidat.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake