Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den store tilbakekomsten
Øyvind Vågnes,  18.03.06

MUSIKK
Kaizers Orchestra:
Live at Vega
EMI

DumDum Boys:
Gravitasjon
Oh Yeah!/EMI

Det stig og stuper, i slakke og bratte kurver. Og så flatar det ofte ut. Sjå føre deg ein graf som representerer diskografien til eit rockeband, med høge og låge punkt. For i dialog med tilhengjarar og kritikarar utviklar alle band hovudforteljinga si: Om dei første åra, om oppturane og nedturane som følgde. Om fråværet, om tilbakekomsten. Etter kvart vert så denne hovudforteljinga skriven om, fortida stiller seg i nytt lys: Var eigentleg den sjuande plata til DumDum Boys, Totem (1998), så dårleg som alle ville ha det til? Byrja det å gå nedover på eller etter Pstereo (1990)? Eller kanskje tok vi feil? Og slik held det fram. For mange er det å halde fram med å stille slike spørsmål ein del av moroa.

Ein eller annan stad i dette terrenget, mellom høgdepunkt og lågpunkt, dukkar den obligatoriske konsertplata opp. 1001 Watt (1994) kom etter at DumDum Boys hadde gjeve ut fem studioplater, og la i likskap med samleplata Schlägers (2001) vekt på dei tre første og suverent beste albuma deira: Blodig Alvor NaNaNaNaNa (1988) – ei av dei fem-seks beste rockeplatene som har kome ut her heime etter mi meining – og Splitter Pine (1989) og Pstereo. Slik sett dokumenterte 1001 Watt ikkje berre at DumDum Boys midt på nittitalet var eit godt konsertband, men òg at platekarrieren var på hell.

Kanskje er det slik sett eit godt tidspunkt når Kaizers Orchestra no er aktuelle med konsertplata Live at Vega? Etter tre studioalbum som har etablert dei som eit av dei mest sentrale rockebanda i Noreg, møter vi eit band som på alle måtar struttar, som meistrar dynamikken i ein rockekonsert til fulle, som skrur det opp nokre hakk, tek det ned igjen, og så opp igjen, alt til rett tid. Her gjeld det å svare til forventningane, ikkje å overraske. Men det går ikkje på autopilot, gnisten er der.

Før og etter konsertplata
Eg kan ikkje motstå freistinga, og tillèt meg for ein gongs skuld å gå over i det anekdotiske for ein augneblink: Som venn av venner av Ottesen og Geir Zahl hadde eg gleda av å høyre dei to på tre-fire seine festar og mindre konsertar for vel ti år sidan, då dei framleis var ein talentfull duo med namnet Blod, snått og juling og laga flotte, skranglete demokassettar. Det gjekk i underfundige viser og Simon-and-Garfunkelske vokalharmoniar. Janove spela kassegitar i passasjen ved busstasjonen i Bergen, kan eg hugse. Forbipasserande sleppte kronestykke i ei kasse.

Ein del av forteljinga om bandet, utan tvil, i likskap med dette konsertopptaket frå København, der dei alle desse åra seinare framviser ein naturleg og udiskutabel autoritet på scenen. Det verkar ikkje anstrengt når dei vekslar mellom engelsk og jærdialekt i kommunikasjon med publikum, det er tøft. Eg trur det var ein særs god idé å sleppe eit slikt album no – eit som lèt oss høyre korleis bandet høyrest akkurat i dag, i ein by som ikkje er norsk, men der alle likevel syng med.

Plasserer ein Vega side om side med 1001 Watt tolv år etter at plata kom ut, er spørsmålet likevel uunngåeleg: Ein må lure på kva Kaizers skal gjere i åra som kjem, i kva retning dei skal ta det heile, etter triumfen. For Live at Vega får meg til å tenkje at dei har teke uttrykket sitt til eit slags vegkryss, og at dei no er på leit etter noko nytt. Plata representerer ein pust i bakken. Janove sa ein gong i eit intervju at han ønskjer at bandet skal kunne nyskape seg slik Beck og Radiohead gjer. Det ville i så fall tyde store omveltingar, og ei drastisk orientering mot nye horisontar i tida som kjem. Om ein skal nytte slike referansar, kjem det òg til å krevje ein meir dramatisk innovasjon enn dei tre platene så langt framviser, sjølv om dei jo har ein distinkt identitet som skil dei frå kvarandre. Den mest openberre innsikta er vel at Tom Waits-avtrykket no er fullt utnytta. Tida vil vise.

Skreddarsydd og heilstøypt
Slike forventningar veit DumDum Boys alt om. Det er snart tjue år sidan småfuglen i hekken byrja å syngje songen til låtskrivar Kjartan Kristiansen, eller vokalist Prepple Houmb, alt ettersom. Bandet, som no har vorte ufrivillig offer for den oppskrudde «comeback»-retorikken til platebransjen og media, er ute med ei ny fin plate, Gravitasjon.

Det er sjølvsagt ei glede å konstatere at DumDum Boys framleis er til å rekne med på den norske rocke-scenen, men sjølv om bandet er i god form, ser eg ikkje nokon grunn til heilt å misse fatninga heller. Det seier ein del om tenkinga i musikkbransjen om utgjevingsfrekvens at dette vert rekna som ein tilbakekomst; så lenge har vel ikkje bandet vore borte? I 2001 kom altså ei samleplate, og to år seinare var dei tilbake på scenen. Mange artistar kan la det gå årevis mellom album. Det finst andre prosjekt i livet enn å lage plater.

Vel. Gravitasjon har i alle fall vorte eit skreddarsydd og heilstøypt DumDum-produkt. Frå beint-fram-rock til slentre-country og tilbake igjen, via balladeri, og det heile kulminerer sjølvsagt passande nok i ein småskeiv rockevals. Vi er innom eit par-tre halvgode spor undervegs, og i alle fall eitt er svakt. Best er det når Kristiansen forblir kaptein på skuta.

Første halvdel av Gravitasjon er betre enn andre. Men vi er jo ikkje urimelege, og tek imot og seier takk med eit smil. Så lenge bandet er førebudd på at vi kjem vi til å stå der og rope på «Sorgenfri» og «En vill en» når dei no legg ut på turné.

Øyvind Vågnes er fast platemeldar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake