Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Déjà vu Lars Norén
Bent Kvalvik,  18.03.06

Oppsetjinga på Det Norske Teatret av Kaos er granne med Gud er absolutt eit verdig stykke teater, skriv meldaren. Foto: Det Norske Teatret
TEATER
Det Norske Teatret:
Kaos er granne med Gud
Av Lars Norén
Regi og omsetjing: Carl Jørgen Kiønig
Musikk: Åsmund Feidje
Scenografi/kostyme: Milja Salovaara

Utanom Jon Fosse et det vel knapt nokon skandinavisk dramatikar som vert spela oftare – i og utanfor Skandinavia – enn Lars Norén. Denne teaterdiktaren har greidd å halde ein framskoten posisjon på teaterscenene i snart 25 år no. Ein moderne Norén-klassikar frå tidleg i 80-åra, Kaos er granne med Gud, går no på Det Norske Teatret.

Forrykande dialog
Dialogane er framleis forrykande i Kaos er granne med Gud. Skodespelarane, og den eruptive regissøren Carl Jørgen Kiønig, tek òg dette ut for alt det er verdt. Stykket handlar om ein skakkøyrd familie; far, mor, og to vaksne born som bur i si eiga familieverksemd, eit aude hotell, lite vitja av gjester. Dei klassiske forfalls-symptoma er rasjonelt fordelte mellom dei: alkoholisme, kreft, kriminalitet og psykose. I akselererande samtaler får alle desse personane fram ein engasjerande og galgenhumoristisk klagesong om livskampen, der det mest mogleg handlar om å klyngje seg til gamle løgner og voner som for lengst er brotne. Virtuositeten i utspelet er av og til så blendande at det trugar med å brenne ut sjelsmørkret som ligg under. Det er faktisk nokre dropar for mykje eleganse i det svingande samspelet mellom Sverre Bentzen som faren, Britt Langlie som mora, Lasse Kolsrud som eldstesonen og Ståle Bjørnhaug som den sære husvenen. Yngstesonen, spela av Aksel Hennie, er kan hende den som får synt mest reell smerte, og historia hans er på eit vis den mest spanande, av di han faldar seg så skøyrt og langsamt ut mot dei andre i familien.

Oppskrifta
Men alt då dei fyrste stykka til Lars Norén var nye, var førebileta hans så tydelege at det ikkje kunne døljast. Han gjorde ikkje eingong nokon løyndom av det sjølv. Både Kaos ... og tvillingstykket Natten er dagens mor, skrivne mest samstundes, har persongalleri, problemstillingar og intrigeutvikling som kan sjåast som rein parafrasering over Lang dags ferd mot natt av Eugene O’Neill. Han heldt endåtil fram med same oppskrifta i fleire stykke, som til dømes Bobby Fischer bur i Pasadena, med openlyse referansar til O’Neill-stykket, og Och ge oss skuggorna, som er eit reint biografisk stykke om O’Neills eigen familie. Slik har rett nok store dramatikarar halde på til alle tider. Men nyare klassikarar som refererer til gamle, gjer det mest for si eiga samtid, og i dag sjokkerer ikkje Noréns «notidige» avsløringar av familiehelvetet på same måten som før. Eit stykke som går føre seg tidleg i 60-åra, er skrive tidleg i 80-åra og vert spela i 2006, må sjå fåren i augo for å hamne i eit ingenmannsland, i eit kaos som ikkje er granne med Gud, om ein så må seie.

Oppsetjinga på Det Norske Teatret er absolutt eit verdig stykke teater. Men det er alltid naudsynt å setje spørjeteikn ved om ein skodespelsuksess automatisk er ein klassikar.

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake