Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Sanseleg film om sentral myte
Øystein Vidnes,  25.02.06

Bileta er vakre, djupt grøne og djupt blå, og kjem til liv ved lyden av vatnet som slår mot stranda, eller vinden som stryk gjennom graset og tretoppane, skriv meldaren. Foto: SF Norge/ New Line Cinema
FILM
The New World
USA
Regi: Terrence Malick
Med Q’Orianka Kilcher,
Colin Farrell, Christian Bale

The New World er ei sanseleg og overdådig oppleving av ein film. I enkeltscener er det meisterleg filmhandverk, men for å nyte denne filmen må ein seinke pulsen – uavhengig av kva slags puls ein har frå før. Og ein må prøve å gløyme dei forventningane ein møter denne filmen med – uavhengig av kva slags forventningar det er snakk om, for han trassar alle.

Terrence Malick er den kresne regissøren som berre har laga tre filmar sidan debuten med Badlands i 1973. For åtte år sidan kom The Thin Red Line, som var ein ambisiøs, sanseleg og filosofisk krigsfilm, som skildra ein liten flik av den andre verdskrigen: det amerikanske åtaket på den japansk-okkuperte Gualdacanal-øya i Stillehavet.

Denne gongen skildrar Malick også ein landgang. Han tek tak i ei av dei mest vidgjetne og myteomspunne historiene bak dagens USA. Det vi får sjå, er historia om den første etablering av ein permanent britisk busetnad i den nye verda i 1607. Med på ferda var kaptein John Smith, som ettertida kjenner best for tilknytinga si til «indianarprinsessa» Pocahontas. Velkjende mekanismar for å skape ei god historie har gjort hendingane i Virginia i byrjinga av 1600-talet til ein myte med alle ingrediensane som trengst av kjærleik, død og heroisme. Og filmen til Malick er ikkje noko forsøk på å fortelje eller analysere det historiske, men er – som Disney-filmen Pocahontas – ei øving i å gje liv til ein myte.

Den tafatte mannen
Med eit slikt førelegg, og med det storslegne filmspråket til regissøren, skulle ein tru at det kunne ligge til rette for ei sterk skildring av møtet mellom to kulturar. I staden konsentrerer filmen seg om einskildmenneska og naturen. John Smith og indianarjenta med barndomsnamnet Pocahontas får fortelje kvar sine delar av forteljinga, med mykje bruk av forteljarstemmer. Det finst så godt som ingen dialogar i denne filmen, berre indre og ytre monologar og skrik, indre og ytre.

Mest av alt ser det ut til at det er naturen som er perspektivet i denne filmen. Det byrjar – som i The Thin Red Line – i naturen, under vassflata. Bileta er vakre, djupt grøne og djupt blå, og kjem til liv ved lyden av vatnet som slår mot stranda, eller vinden som stryk gjennom graset og tretoppane. Denne sanselege, for ikkje å seie erotiske, tilnærminga til naturen er det som gjer filmen til ei oppleving. Malick har òg ein spesiell måte å bruke musikk på, der filmmusikken sakte bygger seg opp til crescendo som lader bileta med ei statisk spenning.

At menneska og historiene deira må finne seg i å kome i andre rekkje, er naturlegvis gjort med vilje, men det er også dette som gjer filmen til ei utfordring. Colin Farrell som John Smith ser ut som den romantiske helten som godt kunne ha spelt i ein ikkje-teikna Disney-versjon av Pocahontas. Men som handlande helt er han så lamma og taus at det nesten er til å le av, sjølv om dette langt frå er ein komedie. Vi ventar oss ein helt, men får i staden sjå eit tidleg kapittel i den tafatte mannen si verdshistorie. Dette kunne ha vore eit effektfullt grep, men sjåaren blir likevel sitjande og undre seg, fordi kjærleikshistoria er så underleg konvensjonell. Kva er det den unge indianarjenta ser i den mutte engelskmannen?

Ingen sivilisasjon
Q’Orianka Kilcher har den mest overtydande rolletolkinga i filmen, som indianarprinsessa som lèt seg døype og giftar seg med ein engelskmann. Portrettet blir likevel merkeleg innettervendt og fråverande, som alle dei andre menneska i filmen. Dette er ei filmforteljing som tek seg den tida ho vil, som ofte verkar både underleg og irriterande, men som i alle tilfelle er eit friskt pust av uparfymert ande i fleisen på ein filmindustri med panikk for alle typar steg utanfor den opptrakka stien.

Meir enn ein film om møtet mellom to sivilisasjonar er det ein film om fråvære og tap. Malick har ikkje nokon ambisjonar om å lære oss noko om kulturen til urfolka, eller om inntrengjarane, sjølv om mykje arbeid er lagt ned i å få dei til å sjå realistiske ut. Måtane dei to kulturane er ulike på, er heller ikkje eit tema. Snarare er det mangelen på kultur på begge sider som er slåande. Både nybyggjarane og dei innfødde viser seg som stakkarslege, vondskapsfulle og dumme. Det er noko tomt over liva deira. I verda til Terrence Malick finst det ikkje nokon sivilisasjon. Det som finst, er natur med menneske og dyr.

Øystein Vidnes er skribent og fast filmmeldar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake