|
|
Lita von om å fjerna diktatoren Av Ottar Fyllingsnes, 18.02.06 Denne veka kom Aliaksandr Bialiatski til Oslo for å ta mot Andrej Sakharovs fredspris for 2006. Det er Den norske Helsingforskomiteen som deler ut prisen, og leiaren for den kvitrussiske menneskerettsorganisasjonen Viasna («vår») fekk prisen for framifrå og modig arbeid for å fremja menneskerettane i Kviterussland. Bialiatski er naturlegvis stolt over å få Sakharov-prisen, men best hadde det vore om Kviterussland ikkje hadde fått slike prisar, seier han. Sikker vinnar – Han har alle dei kjenneteikna som ein finn hjå ein diktator. Eit hovudkjenneteikn på at Kviterussland er eit diktatur, er den manglande utskiftinga i maktapparatet. Lukasjenko stiller no til val for ein tredje periode, medan grunnlova berre tillèt to periodar. Den 19. mars er det presidentval i landet, og ingen finn grunn til å tvila på at Lukasjenko kjem til å vinna. Det første valet vann han på demokratisk vis i 1994, men sidan har Kviterussland endra seg på negativt vis. Difor har Bialiatski ikkje store forventningar til presidentvalet den 19. mars. – Det er ingen tvil om at Lukasjenko kjem til å vinna. Eg tippar han får mellom 78 og 82 prosent. Viasna har vore i drift i ti år, og snakkast me om ti år, kan situasjonen kanskje ha endra seg i Kviterussland også, seier prisvinnaren – pessimistisk. Offisielt stengd – Både juristar, journalistar – og eg, seier Bialiatski. – Me har 17 avdelingar kringom i landet, og 200 personar arbeider på friviljug basis. Problemet er at organisasjonen har vore offisielt stengd i to år, og at me dermed arbeider ulovleg. – Er det mogleg? – Den 1. januar i år fekk me ein lovparagraf som inneber straff på opptil to års fengsel for arbeid i organisasjonar som ikkje er registrerte. Førebels veit me ikkje korleis denne paragrafen kjem til å verta brukt, men me merkar at styresmaktene prøver å stramma inn før valet. Førebels har ingen av avdelingane våre tenkt å stogga arbeidet. Driv ulovleg – Kvart år vert det gjennomført fleire titals politisk motiverte straffesaker. Om lag 1000 personar vert kvart år stilte til ansvar for å ha spreidd flygeblad, trykksaker eller for å ha stått streikevakt. I dag finst det åtte politiske fangar i Kviterussland. Nokre av dei er fengsla for å ha svartmåla eller injuriert presidenten. Andre er fengsla for å ha delteke i fredelege demonstrasjonar. Ungdommar har hamna i varetekt etter at dei måla graffiti med politisk innhald på husveggene. «Me ønskjer ein ny president! No er me leie deg!» skreiv dei. Styresmaktene meinte at dette var vondskapsfull rølpeframferd. Den maksimale strafferamma for slikt er seks år. Viasna prøver å finna advokatar til dei som hamnar i fengsel, men det er ikkje alltid så lett. Fangane får mat for mindre enn ein dollar dagen, og av dette stel styresmaktene. Det er mest slik at fangane svelt. Så godt som me kan, prøver me å hjelpa. Også familiane hamnar i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Kontinuerleg er me på jakt etter midlar så me kan betala bøtene og dekkja advokathonorar. Diverre er det slik at samfunnsengasjerte personar risikerer å missa både arbeid og inntekt. Betalar ein ikkje bota for å ha delteke i ei streikevakt, sørgjer styresmaktene for å kverrsetja eigneluter. Då Bialiatski var med på å starta Viasna, ante han ingenting om at han skulle driva dette arbeidet ti år seinare. Stadig arrestert Aliaksandr Bialiatski har vorte arrestert 20 gonger, men ved fleire høve har han vorte sleppt ut etter nokre få timar. Grunnane til arrestasjonen har som oftast vore at han har arrangert streikevakter eller demonstrasjonar, eller på grunn av talar eller appellar han har halde. Tidlegare var Bialiatski innvald i bystyret, og den gongen hadde han ein viss immunitet. Fleire gonger vart han arrestert og halden i tre timar, før han vart sleppt ut på grunn av at han var folkevald. – Den første arrestasjonen var i 1988 – i sovjettida – då me arrangerte den første masseaksjonen. Me minte om Stalins represaliar og dei som måtte lata livet. I Kuropati, ein forstad til Minsk, vart 150.000 personar skotne mellom 1937 og 1941, og Sovjet-styresmaktene valde å løyna desse opplysningane. Denne dagen i 1988 møtte mellom 10.000 og 20.000 opp til demonstrasjonen. Eg vart arrestert og fekk den første bota mi på 200 sovjetiske rublar. Dette året vart den demokratiske rørsla fødd i Kviterussland, og me fekk demokratiske parti og uavhengige rørsler. Det var ei historisk hending og starten på noko nytt. Opposisjonskandidat – I Kviterussland tel ein ikkje opp røystene lenger, men noterer det som folk i høgare posisjonar ønskjer. Før kvart val er det ein enorm agitasjon og propaganda frå massemedia, spekka med utsegner om at alt går som det skal. I valet prøver me å spreia kunnskap blant folk om at det ikkje er deira røyster som avgjer. Eit positivt teikn i valprosessen er at dei demokratiske kreftene i oktober i fjor samla seg om ein kandidat, Aliaksandr Milinkevich. Det førde til at styresmaktene kjende seg truga, og valet vart framskunda frå juli til 19. mars. Milinkevich tilfredsstilte dei fleste – frå dei opposisjonelle kommunistane til sosialdemokratar og liberale. Det vart samla inn 200.000 røyster til kandidaturet hans. Populariteten hans er veksande, men det er stort sett gjennom dør-til-dør-kampanjar han må samla røystene. Diverre trur eg ikkje at det kjem til å skje noko sensasjonelt den 19. mars. Det som skjedde i Ukraina, kjem neppe til å skje hjå oss. Kviterussland er ikkje Ukraina. Frykta er stor, og den politiske situasjonen er heilt annleis. Det positive er at dei demokratiske kreftene har gått saman om éin kandidat. Truleg kjem denne samlinga til å halda fram dei to-tre neste åra, og då kan Lukasjenko få problem, seier vinnaren av Sakharov-prisen. Han viser til at i dag er Russlands opne støtte til Lukasjenko eit problem. Mediemonopol – Det er umogleg. Sensuren er total. Det er til og med innført forbod mot somme rockeband. Forbodet er ikkje offisielt, men det er reelt, seier han. – I staden for å stengja avisene har styresmaktene valt å leggja hindringar i vegen for spreiinga av dei – både gjennom kiosk- og abonnementssystemet. Dette gjeld fem nasjonale og femten regionale, uavhengige aviser. Folk får ikkje kjøpa avisene i kioskar, og hindringar gjer abonnement vanskeleg. Difor er det vanskeleg for opposisjonen å spreia bodskapen, men ein driv med dør-til-dør-aksjonar og flygeblad. Både i Serbia, Georgia og Ukraina hadde ein uavhengige fjernsynskanalar, men det har ein ikkje i Kviterussland. Radiostasjonen Frie Tibet sender i dag frå Noreg. Kanskje burde me ha fått ein liknande stasjon – Det frie Kviterussland – som sende herifrå. I EU vert det no vurdert å få til uavhengige stasjonar, fortel Bialiatski. Sovjet-restar – Det finst nærare 1100 personar som er fritekne frå arbeidet. Dei er plasserte kringom i verksemder og opplæringsinstitusjonar og er ansvarlege for det idelogiske arbeidet, og at det ikkje vert utført politiske aktivitetar på staden, fortel Bialiatski. Han reknar med at det kjem til å verta demonstrasjonar etter valet den 19. mars, men kor mange som kjem til å delta, veit han ingenting om. – Men eg kjem no i alle fall til å vera der, seier han – og ler.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|