Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Nokre vener slæst!

Av Olaug Nilssen
,  04.02.06


Illustrasjon: Odvar Torsheim
Noregs Mållag vart skipa om lag klokka to natta mellom 4. og 5. februar. Akkurat då var det nemleg at målmenn og -kvinner frå lokale og regionale mållag over heile landet var samla for å vedta at dei skulle stå saman, i første omgang om å kjempe om å få vedteke ein sidemålsstil. Etter ein svært lang diskusjon var dei samde om korleis sidemålskravet skulle vere, og klokka var difor langt over midnatt då dei vedtok reglane for det nye, landsfemnande mållaget. Første lov lydde som følgjer:

«Norigs Mållag hev til fyreloga aa fylka maalmennerne til samarbeid fyr den norske maalreising.»

Då dette vart vedteke, var det strålande lys i møtesalen, men litt før på kvelden hadde lyset gått, og som dei fleste som er her, veit, fekk akkurat det ein sentral plass i den seinare mållagshistorieskrivinga. Eg siterer Olaf Almenningen i 75-årsjubileumsboka til Mållaget:

«Då klokka var på lag 1 om natta, gjekk brått lyset i møtelokalet. Då skar diktarpresten Anders Hovden gjennom og ropte: «Men me hev ljos innvertes!» og så stemde han i med «Millom bakkar og berg». Forsamlinga vart riven med, og aldri hadde denne kjære songen tona så fullstemt før, fortel fleire av møtedeltakarane etterpå. Midt i songen kom lyset att, og etterpå vart det eit «leve» for Ivar Aasens minne.»

Det er ei stor ære for meg å stå her i dette nesten hundre år gamle innvertes ljoset og skulle tale til forsamlinga dykkar. Sjølv melde eg meg ikkje inn i Noregs Mållag før for om lag fire veker sidan, og eg medgjev gjerne at eg skjemmest over at det er eg, og ikkje ei av dei som har gjort seigt og slitsamt målarbeid i årevis, som står på talarstolen på ein dag som denne. Ikkje berre er det for gale at eg ikkje har vore medlem i Mållaget før no, eg har også vore ei av dei som har hatt fordommar mot Noregs Mållag.

Og ikkje berre har eg hatt fordommar, eg har også fortalt andre om desse fordommane, og når eg har fortalt om desse fordommane, har eg ikkje lagt dei fram som «fordommar», men derimot som sanningar. Difor kan det vere det er mange som har høyrt meg seie at mållagsfolk er sure, sinte og bitre, at mållagsfolk rettar seg etter ei gamaldags språknorm som dei prøver å tvinge på alle andre, meir moderate nynorskfolk, at mållagsfolk slåst og kranglar, og at det dei slåst og kranglar om, er noko flisespikkeri av nokre språkspørsmål som ingen andre bryr seg om.

Som de skjønar, så tenkjer eg no og har tenkt lenge at dette er fordommar. Det tenkjer nok alle som er her også. Likevel skal eg bruke denne taletida til å prøve å plukke desse fordommane frå kvarandre, med håp om dermed å få gjort dei til ålmenn spott.

Den første fordommen mot mållagsfolk, er altså at dei er sinte, sure og bitre, og denne fordommen er det stort sett andre nynorskfolk som har. Bokmålsfolk flest trur at alle nynorskfolk er sinte, sure og bitre, men vanlege nynorskfolk veit betre: Det er mållagsfolka som er sinte, sure og bitre, vi vanlege nynorskfolk er nemleg svært avslappa. Vi er avslappa i høve til det aller meste, og særleg når det gjeld nynorsk. Vi får jo alltids brukt nynorsken vår, fortel vi alle vi kjenner, og det held for oss, det. Vi er dermed ikkje av dei som lagar bråk når eksamenen på universitetet er skriven på dårleg nynorsk.

Då seier vi derimot at det ikkje gjer noko, for vi forstår jo kva som står der, og vi kan framleis skrive svaret vårt på nynorsk. Vi er heller ikkje av dei som lagar bråk når arbeidsplassen forlangar at vi skriv på bokmål. Bokmål er no ein gong majoritetsspråket, argumenterer vi med då, og viser til at det er ingen som kan nekte oss å bruke nynorsk i e-breva vi skriv, og at vi framleis svært gjerne les nynorsk. Vi er også svært avslappa når vi får skjema frå likningskontoret og lånekassen på bokmål i staden for nynorsk, det same gjeld når vi får landsdekkjande aviser og vekeblad der alt står på bokmål og det same gjeld når vi går på kino og ser amerikanske filmar som er teksta på bokmål.

Vidare gjeld det same nesten når vi får høyre om politiske ungdomsorganisasjonar som brenner nynorske ordlister eller kallar nynorsk for rauting. Når så skjer, må vi berre telje til ti før vi smiler og er avslappa og tek opp att at bokmål er majoritetsspråket. Kvifor det er så mange bokmålsfolk som hatar nynorsk, det skjønar vi ikkje, så små som vi gjer oss, men vi nikkar gjerne når ordet sidemål blir nemnt, for det kan jo vere at det har mykje med sidemålet å gjere, at nynorsken blir hata så djupt og inderleg. Deretter held vi fram med at det er greitt at sidemålsstilen snart er hundre år, og at det hadde vore kjekt å feire han og all ting, men det kan likevel hende det er akkurat den gamlingen som hindrar oss.

Viss det blei slutt på sidemålsstilen, så kunne vi jo oppnå at bokmålsfolket slutta å hate språket vårt, ettersom dei då slapp å skrive nynorsk når dei var på sitt mest pubertale. Og om dei slapp sidemålsstilen, då ville dei sikkert ha lese nynorsk litt oftare og med i alle fall litt større begeistring. Dessutan er jo raute-skuldingane og ordlistebrenninga gjord med glimt i auget. Kan det sjå ut til. Og denne godmodige mobbinga bør vi tole!   

I motsetnad til oss som eg har beskrive over, så blir Mållaget ofte engasjert, Mållaget reagerer faktisk med lesarinnlegg og invitasjonar til debatt kvar gong politiske ungdomsorganisasjonar brenner ordlister og kallar nynorsk for rauting. Vidare meiner mållagsfolk at sidemålsundervisning er viktig, dette har dei som nemnt meint i snart hundre år. Mållaget synest ikkje at det er urimeleg å krevje at alle offentlege tenestefolk skal meistre nynorsk, og Mållaget trur ikkje det hadde vore så lett for offentlege tenestefolk å meistre nynorsk dersom dei ikkje hadde hatt undervisning i målforma på skulen. Mållaget meiner nemleg at det er viktig at nynorskfolk skal få lese språket sitt i aviser, på skjema og i teksten til amerikanske filmar, dei meiner det er viktig at det finst gode eksamensoppgåver og skjema på nynorsk, og viss det skal vere like lett for alle å få jobb som offentlege tenestefolk, så må alle få god opplæring i begge målformer. Og vidare meiner Mållaget faktisk at det ikkje er nok for elevane i den bokmålske skulen å lese gode, kule og morosame nynorske bøker som sidemålsundervisning. Det hjelper, og det hjelper også at dei ser at Odd Nordstoga gjer eit nummer av at han deler ut ein spelemannspris på nynorsk og at dei ser Idol-Tone svare på nynorsk i nettmøte hos VG. Det hjelper mykje. Men det er ikkje nok. Dersom alle skal lære seg å skrive nokolunde godt og nokolunde rett, må ein ha sidemålsopplæring på nynorsk.

Så OK, viss det å ha og å argumentere for desse meiningane er å vere sint, sur og bitter, så er mållagsfolk sinte, sure og bitre. Då er dei sinte fordi det er vanskeleg å få oppfylt krav som burde vere sjølvsagde i eit land som har hatt lovfesta sidemålstil i 99 år og som har hatt ei lov om jamstelling mellom målformene nynorsk og bokmål i over hundre år. Men det å ha desse meiningane er ikkje det same som å vere sint, og viss det er nokon som klarer å halde hovudet kaldt i oppheta måldiskusjonar, så er det jo nettopp Mållaget. Dei einaste gongene mållagsfolka blir sinte, det er når det kjem andre nynorskfolk og gjer narr av dei.

For vi som er så opptekne av å gjere oss små, skal hugse på følgjande: Hadde det ikkje vore for Mållaget sin hundre år lange og til tider hundre år bestemte språk-kamp, så hadde vi ikkje kunna berre bruke nynorsken. Vi treng skulebøker på begge målformer. Vi treng ålmenne mediekanalar som tillèt oss å ytre oss på nynorsk. Vi treng retteprogram på pc-en som ikkje lagar raude strekar under alle nynorske ord, og ingen av desse goda hadde vi hatt dersom Mållaget ikkje hadde funnest.

Vidare skal vi hugse på at det er trist at Mållaget har måtta kjempe i 100 år, vi skal hugse at det er leitt at det framleis er grunn til å kjempe mot fordommar som burde vore utrydda, og for rettar som burde vere sjølvsagde. Og så skal vi tenkje: Det kan hende det blir meir morosamt på mållagsmøta dersom det er der eg er når eg fortel vitsar som er sjølvironiske på nynorsken sine vegner. Då får eg sikkert sjå at mållagsfolka ikkje er så sinte som eg trur. Dessutan blir det meir makt bak dei sjølvsagde krava dersom eg melder meg inn og får med meg alle eg kjenner.

Den andre fordommen mot mållagsfoka er at dei rettar seg etter ei gamaldags og streng språknorm som dei prøver å tvinge på alle andre, meir avslappa nynorskfolk. Sjølv har eg alltid vore svært avslappa med omsyn til nynorsk rettskriving, og lenge meinte eg at det kunne alle andre også vere. Eg har meint at det er flautt at vi absolutt skulle vere så opptekne av at ord med an-, be-, -het og -else ikkje skulle vere lov, og eg har ledd godt av ord som «ålmenta» og «røynda», for ikkje å snakke om bøyingsformene appelsinane og bananane.

Eg har meint at det ikkje gjorde noko om eg veksla mellom «raud» og «rød» i same tekst, for dei to orda stod jo for to heilt ulike ting! Raud er raud, og rød er rød. Men når eg har prøvd å forklare skilnaden på «raud» og «rød» til andre, viser det seg raskt at dei ikkje skjønar skilnaden. Raud er nynorsk og rød er bokmål, seier dei, og eg kjenner frå inst til ytst at det er heilt rett, den personlege språkkjensla mi er ikkje ålmenn lov, ikkje i røynda. Og dermed er det kanskje ikkje så lurt å ha ho som personleg rettesnor heller, ettersom eg ikkje vil vere altfor vanskeleg å forstå.

Men så er det altså skilnad på det å insistere på si eiga personlege språkkjensle og det å vere ei stor gruppe menneske som meiner at alle verb skal slutte på -e i infinitiv. Elder å vera ei stor gruppa menneske som meiner den nynorske rettskrivingi bør stydja seg på Ivar Aasen-normalen. Eller å vere ei stor gruppe menneske som meiner at ein kan gjøre mye spennande med ord som noe og løpe. Alle desse gruppene har mykje betre argument for å hevde at dei har det rette rettskrivingssynet enn eg har når eg hevdar at eg som god feminist aldri kjem til å godta fruktene appelsin og banan som hankjønnsord, verken i eintal eller fleirtal. Vidare er det somme som meiner at det er viktig at nynorsken vel ei fast norm som skyv dei andre til sides, medan andre meiner at det er ein rikdom at ein kan velje mange ulike ord og skrivemåtar – nynorsken er trass i alt laga med utgangspunkt i dialektar, og dialektane i Noreg er ikkje prikk like, sjølv om dei fleste ligg nærare nynorsk enn bokmål.

Men Noregs Mållag sitt offisielle vedtak når det gjeld dette med påtvinging av normer, er ikkje så skremmande for dei som fryktar det gamaldagse, og også den andre fordommen min vart gjord til skamme – Noregs Mållag sitt offisielle vedtak er nemleg at dagens norm er fin som ho er, og at valfridom er av det gode så lenge valfridom er viktig for mange. Men for somme er det dette som er provoserande, ettersom følgjande fordom også kan vere fråstøytande: nemleg at dagens norm ligg for nær bokmål og at Noregs Mållag dermed rettar seg etter ei samnorsk språknorm som dei prøver å tvinge på alle andre.

Og dermed heng fordommen om Mållaget som forkjempar for ei bestemt språknorm nært saman med fordommane om at mållagsfolk slåst og kranglar, og at det dei slåst og kranglar om, er noko flisespikkeri av nokre språkspørsmål som ingen andre bryr seg om. For det er ikkje slik at alle målfolk er samde. Det er ikkje eingong slik at alle målfolk er samde om kva målreisinga eigentleg går ut på.

Somme meiner målreisinga er eit prosjekt for å skape rettferd mellom nynorsk og bokmål, medan andre meiner ho er del av eit større prosjekt både nasjonalt og globalt. Ivar Aasen ville lyfte dialektane og landsmålet opp og gje det plassen dansken hadde, han ville setje folkekulturen i høgsetet og vise at det vi har sjølve, er bra og verdt å bruke, og somme meiner dette skal vere viktige ideal for arbeidet i dag. Målfolk er heller ikkje nødvendigvis alltid samde om kva for arbeid målrørsla skal prioritere. Skal dei prioritere nynorsk i skulen øvst eller nynorsk i forvaltninga, nynorsk for alle i Noreg eller skal dei sikre Vestlandet? Skal hovudarbeidet liggje på elevar med nynorsk som hovudmål eller på å lage parallellklassar i bokmålsområde og få fleire til å velje nynorsk?

Eg har vore på mållagstilstellingar der somme har vore på gråten fordi dei var så fortvila over at det er lov å skrive setninga «nokre vener slæst» på 36 ulike måtar på nynorsk. Eg har vore på mållagstilstellingar der det har gått eit oppkava gisp gjennom salen når føredragshaldaren viser ei liste over bokmålske setningar av typen «noen venner slåss», som det er lov å skrive på nynorsk. Eg har høyrt om nynorskskrivande journalistar som får mengder av e-postar, brev og telefonar kvar gong dei har skrive eit anbehetelse-ord eller noko anna tilsynelatande stygt. Så det er sant. Det er sant at målfolk kranglar. Det er i alle fall sant at dei diskuterer.

Men det er ikkje sant at språkspørsmåla målfolka diskuterer, er noko flisespikkeri som ingen andre bryr seg om. Når alt kjem til alt, så handlar engasjementet til Noregs Mållag om ein overveldande kjærleik til det nynorske språket, ein kjærleik som ikkje er heilt ulik det engasjementet språkmedvitne bokmålsfolk legg for dagen når dei klagar over frammarsjen til ord delings feil i norsk presse, eller fortvilar over at skrivemåten til pub og service blir fornorska med pinlege ø-ar og doble konsonantar. Språk engasjerer! Det er mindre viktig om det nynorske språkengasjementet kjem av at ein er overtydd om at nynorsk er best fordi det er det mest norske, om kjærleiken kjem av medkjensle for eit språk som blir mobba eller om han kjem fordi ein kjenner at nynorsken er ein viktig del av den ein er. Sjølv elskar eg nynorsk så høgt at eg føler eg er nynorsk.

I den grad mållagsfolk kranglar med kvarandre, er det fordi dei har noko viktig å krangle om, nemleg sin eigen språklege identitet! Men dei innvertes stridane blir alltid overdøyvde av det innvertes ljoset, og sjølv om eg må medgje at den eine av dei tre fordommane var sann: Det er sant at Mållaget er nokre vener som slæst, så må eg også slå fast at dei er demokratiske i si styreform, dei er avbalanserte og saklege når dei argumenterer, og den viktigaste evna dei har, er evna til å samle seg for noko dei trur på og elskar. Dette kom sist tydeleg til syne då dei i fjor vår sette i gang kampanjen «Slepp nynorsken til».

Slepp nynorsken til var ein underskriftskampanje som gjekk ut på å få VG og Dagbladet til å fjerne nynorskforbodet dei praktiserer i spaltene sine. I løpet av få månader vart det samla inn 36.000 underskrifter, og det var ikkje berre nynorskbrukarar som skreiv under. Likevel ville verken VG eller Dagbladet gå med på krava til Mållaget, men eg for min del trur kampanjen har vore nyttig uansett. Ikkje berre vart spørsmålet sett på dagsorden med ein smilande Steinulf Tungesvik i spissen, eg har også sett at Dagbladet seinare har trykt fleire nynorske artiklar førde i pennen av forfattaren Frode Grytten. Eg har også sett fleire intervju skrivne på nynorsk, i alle fall har eg sett intervju der intervjuobjektet har fått svare på nynorsk. Det er ein sped start, men det er lov å håpe at det kan bli endå betre.

Eg for min del har store håp om at ikkje berre VG og Dagbladet, men også kulørte veke- og kvinnemagasin, skal sleppe nynorsken til. Eg trur nemleg at det kan verke frigjerande for mange bokmålsfolks anstrengte forhold til nynorsk å få lese både kjendis- og motenytt på dette språket. Eg trur også at det kan gjere det enklare å lære nynorsk grammatikk. Endå viktigare er det at det kan hjelpe på sjølvtilliten til unge nynorskbrukarar. Dersom dei får sjå at det er lov å vere oppteken av mote, kjendisar og Idol på nynorsk, så vil dei kanskje få sterkare tru på at det også er lov å chatte på nynorsk på internett, skrive nynorske sms-ar til dei bokmålske venene sine, skrive nynorske eksamenar på universitet og høgskular og å skrive nynorsk på jobben når dei kjem så langt. Eg for min del trur at dersom «Slepp nynorsken til»-kampanjen fører fram, så kan han verne nynorsken frå all spit, berge han frå all nedbryting og tryggje han for all framtid!

Så kjære Mållag. Gratulerer med dagen. Takk for at de finst, og takk for at de beheld det innvertes ljoset trass i indre usemje og ytre press. Takk også til Ivar Aasen, men dette er Mållaget sin hundreårsdag, så eg vil slutte med ei lett omskriven lita strofe av eit dikt av Tarjei Vesaas:

Det går mangt eit menneske
og ser seg fritt ikring
for Mållaget si skuld
– dei bråkete og steile
nedbrytarane av grenser,
dei stadig oppjaga, men sikre
oppbyggjarane i eit folk.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake