Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Krig og fred og religion og Bondevik

Av Per Anders Todal
,  21.01.06


Sist veke presenterte Kjell Magne Bondevik opplegget han har laga for livet sitt som ikkje-statsminister. «Oslo-senteret» skal drive med freds- og menneskerettsarbeid, med særleg vekt på religiøs dialog. Her skal Bondevik, Einar Steensnæs og andre politikarar bruke kontaktnetta sine til å kjempe for det gode rundt i verda. Gåvmilde sponsorar, frå Røkke til Hydro, har bladd opp nærare femti millionar kroner som sikrar drift i fem år.
Er det den moderne, effektive måten å kjempe for fred på, dette? Forhandle fram fred og forsoning gjennom uformelle kanalar, der folk kan snakke fritt og ubunde, frigjorde frå hemningane som statleg diplomati er bundne av? Eller er det eit utslag av det Kjartan Fløgstad har kalla oslofjordhumanismen, «med verda som eit globalt Oslo som politisk mål», og eit passande prestisjefylt, glamorøst liv for eksstatsmann Bondevik?

Kinkig tema
Éin ting er sikker: Landet Noreg er alt ekstremt velutrusta på freds- og menneskerettsfronten. Vi har eit utanriksdepartement som satsar stort på fredsmekling, ei rekkje senter og fagmiljø som arbeider med spørsmål om fred og menneskerettar (Prio, Norsk senter for menneskerettar, Nobelinstituttet og Nupi, for å nemne nokre), og ein svær krattskog av organisasjonar som arbeider med bistand og menneskerettsspørsmål. Treng verda eit nytt fredssenter i Oslo?
Ein liten ringjerunde blant akademikarar som arbeider innanfor desse felta, syner ei avventande haldning og ein god del skepsis til kva senteret til Bondevik kan utrette. Men temaet kan vere kinkig å snakke offentleg om: Dels er det vanskeleg å kritisere nokon som vil arbeide for det gode i verda. Viktigare er det at mange av dei same akademikarane ein eller annan gong kan bli aktuelle for oppdrag frå Oslo-senteret til Bondevik. Da er det ikkje lurt å seie så mykje offentleg. Men somme fekk vi da i tale.

Nyttige kontaktar
– Om verda treng dette senteret? Det er avhengig av kva senteret klarer å gjere, seier Stein Tønneson, direktør for Prio senter for fredsforsking.
– Det kjem an på om kontaktane til Bondevik og andre gjev grunnlag for å spele ei positiv rolle i særskilde konfliktar.
– Kva rolle kan eit slikt senter fylle? Det er mange institusjonar på same felt i Noreg?
– Det viktige er dei politiske kontaktane Bondevik etablerte som statsminister. Senter som dette kan spele ei rolle når dei har gode kontaktar og særskild kompetanse. Vi har sett døme på at slike senter kan spele ei positiv rolle, som Carter-senteret i USA og senteret til ekspresident Ahtisaari i Finland. I Noreg har vi hatt ein meir offentleg modell, der UD har bygd kompetanse på desse felta. Eg håpar senteret ikkje undergrev den norske modellen med monaleg innsats frå UD.

Stein Tønneson ser eit potensielt problem dersom Oslo-senteret spreier ressursane sine over for vide felt.
– Ein kan vere redd for at senteret skal spreie seg for mykje, med eit stort sekretariat, og lèt som om det kan spele ei rolle på felt der ein ikkje har så gode føresetnader for det. Slike senter fungerer best når dei er saksorienterte, og relativt små.
Sidan den kalde krigen har halvoffisielt og uoffisielt diplomati fått ei større rolle, anten det er friviljuge organisasjonar, forskingsinstitusjonar eller senter som Bondevik sitt, påpeikar Tønneson.
– Dei kan utvikle initiativ som offisielt diplomati ikkje er klart for, så kan det offisielle kome seinare.
– Bondevik vil satse på religiøs dialog?
– Det er eit svært viktig felt. Mange stader i verda har religiøse leiarar fått større politisk makt, og religiøse nettverk er viktigare enn før, seier Stein Tønneson, som slett ikkje er framand for at Prio kan ta oppdrag frå Oslo-senteret.

Eit meiningsfylt liv
– Eg oppfattar vel dette som Bondeviks forsøk på å skaffe seg eit meiningsfylt tilvære etter statsministerperioden, seier Nils Butenschøn.
– Vi har ikkje akkurat denne konstellasjonen i Noreg frå før, med næringslivsfinansiering. Dei meiner det finst ein nisje for noko slikt. Verksemda til senteret vil vere avgrensa av det politiske perspektivet som leiinga og sponsorane har.
– Du meiner sponsorane vil prege arbeidet til senteret?
– Ikkje formelt sett. Men sponsorane ønskjer vel å sjå den typen fredsskapande arbeid dei sjølve meiner er konstruktiv, elles hadde dei neppe finansiert det. Det tyder på fredsarbeid basert på eksisterande maktforhold, ei form for globalt velgjerdsarbeid. Og det er det i og for seg ikkje mykje negativt å seie om.

– Vi har alt mange institusjonar i Noreg innanfor dette feltet?
– Eg går ut frå at verksemda til Bondevik vil rette seg mot arbeid i internasjonal elite, med statsleiarar og andre notabilitetar. Det er den komparative fordelen hans. Eg veit ikkje kva legitimitet han har rundt i verda, men han har sikkert gode kontaktar. Næringslivsfinansieringa kan òg vere med og opne dører.
– Avheng ikkje fredsskaping alltid i siste instans av maktpolitikk og harde realitetar?
– Det er klart. Men i somme samanhengar har dei mektige trong for assistanse for å få til ordningar dei meiner er nyttige for seg sjølve, seier Butenschøn, og trekkjer fram Oslo-avtalen som døme.
– For Israel var Noreg nyttige, for å bidra til å føre PLO inn i eit system der Israel framleis hadde full kontroll. Det var akseptabelt for PLO fordi dei stod så svakt.
Senter av denne typen kan bidra positivt når det politiske grunnlaget for samtalar er til stades, men der partane manglar mekanismar for å få til ein prosess, meiner Butenschøn.
– Det kan vere enklare å forhalde seg til ikkje-statlege aktørar. Men det krev at senteret har verkeleg kompetente folk.
– Det er vanskeleg å vere allround-fredsmeklar?
– Ja. Mekling krev djuptgåande landkunnskap og innsikt i historia. Dette var ein klar mangel ved Noregs rolle i Oslo-prosessen.

– Korrumperande
Fredrik S. Heffermehl, ærespresident i Noregs fredsråd, har arbeidd i mange år med fredsarbeid på grasrotplan, på heilt andre budsjett enn dei Bondevik opererer med. I eit innlegg i Aftenposten denne veka brukte han svært harde ord om etableringa av Oslo-senteret, og hevda at dette representerte ein korrumperande praksis.
– Di sikrare det er at det ein driv med, ikkje vil få slutt på krig, di lettare er det å få pengar. Folkeleg mobilisering for fred blir strupt av mangel på økonomiske ressursar.
– Du har brukt ordet «korrumpering» om prinsippet bak etableringa av det nye senteret.
– Det er ikkje for svakt. Tenestemannslova forbyr alle gåver som er eigna til å påverke, til dømes at ein sekretær tek imot ei konfekteske for godt utført arbeid. Og det spelar inga rolle at

Bondevik har slutta som statsminister. Ei slik paveleg løn som dette vil skape stor tvil om norske statsministrar i framtida vil gjere upopulære vedtak overfor næringslivet.
– Kva tenkjer du om motiva til Bondevik?
– Han har alltid søkt makt og glans kring sin eigen person. Eg trur ikkje han har tenkt nok over skadeverknadene dette har for demokratiet. Om dette blir ein vanleg praksis, er det særs alvorleg. Vi må kunne stole på at ein vald tenar av folket skal utføre stillinga si, ikkje misbruke ho til å gje seg sjølv medaljar eller utnytte venskap etablert i tenesta til eigen fordel.
– Men eit senter som dette kan vel få utretta bra ting?
– Det er tenkjeleg. Men det vil ikkje utfordre dei grunnleggjande krigsskapande strukturane i verda.

– Kva trur du har fått desse sponsorane til å engasjere seg i fredssaka?
– Eg har gjennom 20 års erfaring sett kva krefter som stør fredsarbeid som det vi driv, som er grunnleggjande utfordrande til krig, opprusting og store næringsinteresser som nyttar seg av militær makt. Om ein ikkje utfordrar desse strukturane, er det pengar å hente.
– Du er ikkje redd for å framstå som misunneleg?
– Det er gode saklege grunnar for synet mitt. Eg veit ut frå lang erfaring kor umogleg det er å få pengar til arbeid mot opprusting. Da gjer eg meg mine tankar når eg ser kor lett det er for Bondevik, som har ei rekkje krigar på samvitet, og har bidrege til at norsk næringsliv rakar til seg krigsprofitt i Irak. Om desse pengane hadde gått til store organisasjonar som arbeider mot krig, som Legar mot atomvåpen eller International Peace Bureau, kunne dei drive 10–15 år for dei midlane Bondevik-senteret har fått, seier Heffermehl.

Statoil som menneskerettsforkjempar

Statoil støttar kampen for menneskerettar overalt. Ikkje minst i Oslo.

– Vi synest senteret til Bondevik er eit positivt initiativ, seier Ola Morten Aanestad, informasjonsdirektør i Statoil.
– Statoil har verksemd i mange land der menneskerettar og fred er tema som ofte kjem opp. Om dette senteret bidreg til å setje desse emna på dagsordenen, er det bra.
– Vil du seie at fred og menneskerettar er viktige område for Statoil?
– Ja, det er sjølvsagt.
– Kjem dette senteret til å stå for verdiar som Statoil gjerne vil bli assosierte med, trur du?
– Det trur eg, basert på den forståinga av konseptet som vi har fått frå Bondevik og andre.

– Kunne ikkje Statoil utrette meir for menneskerettane ved å øve påtrykk på styresmaktene i land som Angola eller Aserbajdsjan, der de er viktige investorar?
– Det er ei rolledeling mellom kva vi som kommersiell aktør kan gjere, og kva ein kan gjere i samspel med lokale organisasjonar og norske styresmakter. Vi meiner Statoil bidreg positivt i alle landa der vi er engasjerte.
– I eit land som Aserbajdsjan blir opposisjonelle og journalistar fengsla og torturerte. Men Statoil meiner ingenting om menneskerettssituasjonen der i landet, fekk eg høyre da eg intervjua landsjefen dykkar der i fjor?
– Ja – er det eit spørsmål?
– Du kan jo kommentere det, om du vil.
– Vi meiner vi bidreg positivt i desse spørsmåla, og har prosjekt knytte til sosial utvikling og menneskerettar. Men vår rolle er ikkje den same som organisasjonar eller diplomatiet har.

– Er det slik at Statoil støttar kampen for menneskerettar i Noreg, men ikkje i til dømes Aserbajdsjan?
– Nei, vi støttar kampen for menneskerettar overalt. Men primæroppgåva vår er å drive industriverksemd. Den skal byggje på verdisynet vårt.
– Er det i Oslo kampen for menneskerettar kan førast best?
– Det er ein kamp som må førast på mange arenaer, seier informasjonsdirektør Ola Morten Aanestad.


Nok naud og konfliktar til alle

Det finst meir enn nok naud og konfliktar i verda, og det er plass til fleire som arbeider for fred og menneskerettar, meiner Kjell Magne Bondevik.

– Kvifor var det naudsynt å starte sitt eige senter for å drive med freds- og menneskerettsarbeid, Kjell Magne Bondevik?
– Det var ikkje naudsynt, men eg trur dette kan vere eit nyttig supplement til institusjonane som allereie finst. Ei rekkje norske menneskeretts- og fredsorganisasjonar har stilt seg positive til dette. Eg kan her spele på det fortrinnet eg har i nettverket eg fekk som statsminister og utanriksminister. Vi vil særleg profilere oss på interreligiøs og interkulturell dialog.
– Og du meiner de kan utrette ting som ikkje staten og mengda av bistands- og menneskerettsorganisasjonar i Noreg kan gjere?
– Ja, eg trur vi kan supplere kvarandre. Litt humørfylt sagt: Det finst meir enn nok naud og konfliktar i verda, og det er plass til fleire som arbeider for fred og menneskerettar.
– Men de skal ikkje gjere noko som går på tvers av norsk utanrikspolitikk?
– Nei, det er ikkje poenget vårt. Men vi står friare enn UD og regjeringa elles gjer, og det er ein fordel vi vil nytte oss av.

Carter, Clinton og Bondevik
Kjell Magne Bondevik har fått tre oppdrag alt før senteret hans er i drift. Bondevik skal delta i ein kommisjon for interreligiøs dialog i Afrika, han skal fronte og hente inn pengar til ein WHO-aksjon for å berge fleire spedbarn i fattige land, og skal ha samtalar med Carter-senteret i Atlanta om eit helseprosjekt i det sørlege Afrika.
– Så reknar eg med å få til eit samarbeid med Clinton Foundation. Eg skal ha eit møte med Clinton i New York. Vi vil òg få til samarbeid med Kim Dae Jung-senteret i Sør-Korea og senteret til Ahtasaari i Finland. Når ein kjem inn i dette nettverket og får fleire kontaktar, opnar det for fleire oppgåver etter kvart. Eg er ikkje engsteleg for at vi skal bli arbeidsledige, seier Bondevik.

– Har mykje kunnskap– Kva spesialkompetanse kjem senteret ditt til å ha, på land eller regionar?
– Eg har alt nemnt interreligiøs og interkulturell dialog.
Vi har ikkje bestemt oss for å satse på nokon særskild region, det er noko som får kome
etter kvart. Det er elles for tidleg å gå i detaljar om oppgåvene.
– For å drive effektivt fredsskapande arbeid krev det vel stor kunnskap om dei landa det gjeld?
– Sjølvsagt, og i dei landa der vi går inn, vil vi hente folk med relevant kunnskap. Eg har elles reist ein god del i arbeidet mitt, og meiner eg har skaffa meg mykje kunnskap om mange land og regionar.
– Handlar ikkje kampen for fred og menneskerettar i stor grad om realpolitikk, om interesser og hard makt, meir enn om gode samtalar og gode intensjonar?
– Det er både-og. Det er klart at mykje handlar om hard makt. Eg meiner at eg med min bakgrunn har høve til å nå inn til myndigheitspersonar, og kome inn med ein bodskap som kan påverke. Men det kan vere like viktig å skape forståing mellom folk og grupper på grasrota, ved å fokusere på fellesverdiar mellom religionane for å dempe konfliktar. Eg har mellom anna teke del i slike samtalar på Balkan, i Betlehem, Kairo og Marokko, seier Bondevik.

Eit seriøst opplegg
Dei 40-50 millionane som er skaffa fram til Bondevik-senteret frå sponsorane, skal gå til drifta: løn til dei tilsette, lokale, reiseutgifter og så vidare. Blant gjevarane er Stein Erik Hagen og Kjell Inge Røkke, som knapt har markert seg som sentrale fredsforkjemparar før.
– Kvifor trur du sponsorane til senteret dykkar har vore så generøse?
– Det må du nesten spørje dei om. Dei følte vel at dette var eit seriøst opplegg dei ville bruke pengar på. Eg er glad for at suksessrike næringslivsfolk ikkje berre brukar pengar på forretning eller eige forbruk, men òg til ideell verksemd.
– Er det å byggje opp eit nytt senter i Oslo den beste måten ein kan bruke titals millionar kroner til fred og menneskerettar på?
– Eg trur i alle fall dette er ein god måte. Vi får sjå kva vi får til, men eg trur det er brukt mange millionar kroner på dårlegare føremål enn dette. Når pengane i tillegg kjem frå private kjelder, og elles neppe ville gått til eit ideelt føremål, synest eg det berre er bra, seier Kjell Magne Bondevik.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake