Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Året sett frå innsida

Av Tiril Rem
,  24.12.05


Årets mest sexy sving: Skjeringssvingen. Foto: Tiril Rem
Årets namn: Emma og Mathias låg på topp på den endelege namnestatistikken for 2004. Kva resultatet blir for 2005, er enno uvisst, men det er lite truleg at mange nok rekk å kalle borna sine Sverre eller Magnus før året ebbar ut.

Årets band: Gummiarmband i regnbogefargar har vore eit synleg teikn på sympati i alle himmelretningar – om ikkje moten vann over samvitet. Dei gode sakene harmonerer godt med det klassiske julegåveynsket frå vaksne: snille barn og fred på jord.

Hundreårets hår: 91 år gamle Gerd Hanssen i Mehamn har truleg både årets og hundreårets hår. Flettene hennar er 80 år gamle. Dei blei rett nok klipte av i 1925, men dei er like fine og har nærast blitt ein attraksjon, fortel ho til lokalavisa.

Årets sving: Skjeringssvingen i Valldal er den mest sexy svingen eg har sett i år. Kan hende fortener han til og med å bli kalla hundreårssvingen der han ligg som ein vakker, hardpakka grusveg med vaskebrett som gjev slør av støvskyer etter bilar i motlys. Svingen er truga av nedlegging, sidan Åsevegen som har vore planlagd utbetra i ein mannsalder, truleg ofrar hårnålssvingar til fordel for beinvegen.

Årets tilpassar: Pakistanaren Zahid Ali har gong på gong vist stor vilje til både å lære å gå på skøyter, stå på ski og ete lutefisk for å prøve å bli ekte nordmann i programmet Rikets røst. Om dommen har falle, kjenner eg ikkje til. Men at han er ein vakker mann, dét ser eg.

Årets steingrunn: Politiske vêrhanar trivst best i vippeposisjon

Årets politikar: Kunnskapsminister Øystein Djupedal (SV) har møtt mykje motbør etter fleire utspel som han sjølv seier har blitt vridne og vrengde på i media. Om han ikkje har sagt det som media påstår, så burde han seie det. Eg er heilt samd i det som Øystein Djupedal kanskje ikkje har sagt.

Årets bergingsaksjon: Redningsselskapet har hamna i den underlege situasjonen at dei må berge seg sjølv. Alle mann må vekk!

Årets riving: Studentsenteret i Bergen stod ikkje til eksamen i mai. Senteret fall for eit gravemaskingrep, og sende nostalgiske tankar langt inn i Dag og Tid.

Årets kvinner: Norske kvinner fekk allmenn røysterett i 1913, men først i 2005 kapra Kristin Halvorsen som første kvinne mannsbastionen Finansdepartementet. Aili Keskitalo sette seg i presidentstolen som første kvinne i Sámediggi (Sametinget) i Karasjok.

Årets rett: Kjebab.

Årets byråkratord: Ordet kvalitetssikring aular hos dei som har noko med det: ordførarar, rådmenn, folkevalde og andre.

Årets uro: Joggebukser er observerte fleire gonger på offentlege stader i år. Denne veka melde NRK at folk blir viste vekk frå kjøpesenter på grunn av utsjånaden. Hermed er de åtvara. Å jogge i butikkar er jamgodt med å bli skulda for tjuveri.

Årets språkattrå: Fleire bøker om språk har sett dagslys dette året, og mange påstår at språkinteressa veks. Ser ein korleis folk skriv, må ein få lov til å undre seg over dette.

Årets påskot: Eg er klar over at dette fenomenet ikkje er nytt av året, men det har spreidd seg til dei mest grisgrendte strok. Kva? Quiz. Om det er kunnskapshunger eller øltørst som dreg mann og kone av huse, veit eg ikkje. Men det er ei gyseleg god orsaking for å ta seg ein runde.

Årets bokomslag: Boka La oss krysse Nilsen av Rønnaug Kleiva har eit vakkert omslag med fisk og båt i blågrøn fjord. Eg leikar i alle fall at det er ein fjord. Eller er det ei elv? Hav blir for patetisk.

Årets omkvede: Enn så lenge.

Årets medisin: Fugleinfluensa har sett ein støkk i mange, og både legar og fruer med fjør i hatten har hamstra influensamedisinen Tamiflu. Vi som ikkje har ordna oss med pillarar, nyttar høvet til å ynskje godt nytt år i god tid.

Årets pokerfjes: Poker er etter det media masar om, den nye spelefarsotten her i landet. Kven har funne på det, og kven tener pengar på det? Psykiater Hans Olav Fekjær meiner at poker ikkje er noka spontan motesvinging, men ei betalt og profesjonell manipulering av media.

Årets målbergar: Steinulf Tungesvik kom godt ut som førstemålmann, men melde diverre overgang til Senterpartiet og mjølkerampen: les arge bønder.

Årets turoppleving: I baksiderapporten «Jesus på eitt jul» tok Ottar Fyllingsnes oss med på påsketur med trillebår, batterifjernsyn og ein strålande vakker stjernehimmel. Då han miste fotfestet på glatta og snubla i på-knappen, kom Jesus til syne på skjermen. Fyllingsnesen vart så ovandotten av opplevinga at han lanserte både landevegsfjernsyn og fjernsynstrillebårelag som gode tiltak for komande år.

Hundreårets fødsel: Prins Sverre Magnus kom hundre år etter at kongeriket Noreg vart født. Kva det vil ha å seie, er det ingen som veit. På leiarplass påstod Dag og Tid at namnet var ei endeleg forsoning mellom birkebeinarane og heklungane. Andre sa berre at dei lika namnet.

Årets nyårslovnad: Gamvik kommune håper at innbyggjarane ikkje skal ta 06 bokstavleg, snarare tvert imot. Alle som sørgjer for å unnfange fleire gamvikværingar neste år, får 6666 kroner i nedkomststønad. Er det verkeleg verdt det?

Årets innspel: Kva har hendt med Dag og Tid, spurde Veronika Bonaa tidleg på nyåret. Gjer avisa vår spennande att, kravde ho og lova å halde fram som abonnement eit bel til. Vi prøver å skjerpe oss, og eg håper ho les dette.

Årets utspel: Målmann Arni Gautur Arason i Vålereng-målet skulle berre dryle til eit laust tilbakespel frå ein av sine eigne, men bomma stygt og sørgde for årets flauaste sjølvmål.

Årets lag: Fotballaget Tufte kom som ei sjarmerande og talentlaus motvekt mot det store fotballalvoret. No ser eg dessverre at tuftingane er i ferd med å tippe over. Dei ynskjer å halde fram som fotballag. Offside!

Årets nykomar: Litteraturtidsskriftet Kraftsentrum kom ikkje som ein lurefis, men som ein saftig salve frå redaktørane Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen. Temaet for første utgåve var drit i litteraturen. Som imperativ var ikkje det så dårleg karakteristikk av årets bokhaust.

Årets tapte visdomsord: Det er ikkje Jolaftan meir en ein Gong i Aaret, sa han Ivar Aasen i si tid. I mi tid er det så godt som jolaften dagstøtt, både til frukost, middag og kvelds. Det er ikkje berre ordtaket som har gått i grava med Ivar Aasen. Skal han ha nokon sjanse i våre opphaussa dagar, bør han vurdere å ta namnet Ravi Nesaa. Slik kan han aktualiserast og få eit ungdommeleg preg når vi snart går inn i 100-årsjubileet til Noregs Mållag.

Årets havesykje: Søppelberget her på berget har vakse 20 prosent på fem år. På fjernsyn hiv dei mat i svarte søppelsekker i eit slankeprogram og raserer brukande møblar og inventar i eit oppussingsprogram. Mykje vil ha meir, men det må då vere ei grense for kor mange fleire faen vil ha.

Årets bustadtrendar: Ommøblering har nok berga mangt eit ekteskap, men etter fleire rundar med sparkling, måling og omkalfatring av møblar, er det mange som finn ut at dei har gått i ektefella. Det hadde vore enklare å byte ut mannen eller kona med ein gong.

Årets flyplass: Flesland. Periodar med sjukmeldingar gjorde at avgangen til Flesland drog ut i tid. Det er ikkje berre berre å flytte ein flyplass.

Årets bibelord: Kyrkjelyd er for mykje av det gode for bibelspråkvaskarane. Forsamling heiter det no. Sei begge orda høgt, så høyrer du kor tam nyvinninga (les tapet) er.

Årets stjerneteikn: «Ego» meiner signaturen Pharo i B-bladet seniorpolitikk.no.

Årets senior: Åshild Ulstrup kan neppe kallast gammal. Det nye honnørordet for dei som har nådd pensjonsalder, er senior. Same kva ho kallar seg, fortener ho lovord for boka 100 pluss, der ho har intervjua menneske mellom 100 og 107 år.

Årets regjeringsskifte: Det kan for så vidt ikkje kårast, sidan det berre har vore eitt. Dei raudgrøne har framleis sine første 100 dagar å køyre seg inn på, medan bondevikingane flyt kvilelaust omkring som Karius og Baktus på ein flåte i rom sjø på jakt etter loff med sirup på. Valgerd sit med beinet høgt, medan Kjell Magne Bondevik slår tida i hel med sudoku.

Årets pikekyss: Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland gjekk av med smask og barm. Først kyste Shabana Rehman Valgerd, så kyste Valgerd Marit Åslein. Om kyssesykja har smitta fleire, veit eg ikkje.

Årets usensurerte: Ein svart strek gjekk til Høgsterett, og kom aldri ut att. Sladden er ikkje lenger påkravd i pornoblad. Shabana Rehman tok sjansen på å vise enden utan sladd så tidleg som i august.

Årets hundreåringar: Inger Hagerup, Norsk Hydro, kongeriket Noreg og importen av banan.

Årets femtiåringar: Kringkastingsringen og «Gudinna», den vakre froskemodellen til Citroën.

Årets Pippi: Dag og Tid-redaktør «hev vore», Arnhild Skre, gjekk overraskande til åtak på 60-åringen Pippi, som dei fleste feministar feirar som si. Arnhild Skre seier at ho ikkje likar Pippi, og at ho tvert imot synest Pippi er ein trist figur som blir utnytta på det styggaste.

Årets opptur: Regjeringsskiftet.

Årets nedtur: Regjeringsskiftet.

Årets skitur: Snøen var uskuldskvit og skiene smørjefrie då eg stavra meg gjennom ein granskog som hadde vakse seg så tjukk at eg knapt fann att vegen til hytta. Ikkje det at det var ein fin tur, men det var den einaste skituren i Friluftslivets år.

Årets innsyn: Fleire utlendingar eg har møtt, ristar på hovudet over den norske naivismen. Dei synest for så vidt det er vakkert at vi er så ærlege, men det blir for dumt. Nordmenn trur at korrupsjon ikkje finst her i landet, men stadig fleire svarte hender kjem opp frå smørjegravene.

Årets finnmarking: Fiskeriminister Helga Pedersen, som vi hadde gleda av å presentere i Dag og Tid så tidleg som i 2003, er ein uredd fiskeriminister. Eg kan hermed avsløre noko som ikkje vart avslørt for to år sidan: Ho hadde måla fiskar rett på kjøkkenveggene. Det hintet tok eg ikkje, gitt!

Årets vêr: Ordet ekstremvêr har blitt brukt oftare og oftare sjølv her i landet. I september hadde vi tropenatt eine dagen og store nedbørsmengder hin. Kva blir det neste? Ein ny nyårsorkan?

Eg overprøver sunnmøringen i meg og investerer i eit godt nytt år. Det er ingen vits i å reparere det gamle.

Utval og innfall ved Tiril Rem



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake