Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Motediagnosar
Einar Kringlen,  26.11.05

Men at eg feilinformerer, er vanskelegare å godta. Eg har skrive at whiplash i fleire år var ein motediagnose som har hatt lite medisinsk dekning i fakta. Men eg skreiv òg at ein i visse tilfelle sjølvsagt ikkje kan sjå bort frå at tilstanden ein gong imellom kan ha ein organisk bakgrunn. Men «epidemien» må forklarast kulturelt.

Aud Thue skriv at eg ikkje nemner nyare forsking som har påvist bandskadar i øvre nakkeregion. Ved dei fleste tilfelle av nakkesleng finn ein ingen organiske endringar, men sjølv om ein fann litt overstrekte band, er det ikkje dermed sagt at det kan forklare dei symptoma pasienten fortel om. Ei lett vriding av ankelen går vanlegvis fort over, men ved finare undersøkingar kan ein nok påvise litt overstrekte band, men kva så?

Nakkeslengskadane i byrjinga av 1980-åra var sjeldne her i landet, berre 5 prosent av trafikkskadane fekk ein slik diagnose, i byrjinga av 1990-åra var talet kome opp i 70 prosent – i ei tid med auka bruk av bilbelte og betre nakkestøtte – forklaring?

Ved påkøyrsel bakfrå er det ingen korrelasjon (samanheng) mellom storleiken på skaden og seinare symptom, tvert imot er det ofte slik at ein liten «dult» i nakken kan gje utvikling av whiplash, medan meir alvorlege skadar ikkje fører til symptom, eller symptoma blir borte på kort tid.

Kollisjon på vegane fører ofte til whiplash-diagnose, men sjeldan i billaup der det ofte går vilt for seg, annan idrottsungdom som ofte blir utsett for nakkeskadar, utviklar sjeldan whiplashsymptom.

Nakkeslengskade blir først eit problem etter at folk har høyrt om whiplash.

Eit slåande eksempel på korleis kompensasjon spelar ei viktig rolle, finn vi i studiar av m.a. nevrologen Harald Schrader frå Trondheim, som saman med medarbeidarar samanlikna whiplash i Litauen og Noreg. I Litauen eksisterer ikkje sjukdomen trass i mange bilulukker og dårlege bilar og lite nakkestøtte. Litauen har heller inga personleg skadeforsikring, og «pasienten» har derfor ingen motiv for å utvikle whiplash.

La meg presisere til slutt for å unngå å bli misforstått: Eg tvilar ikkje på at folk med whiplash-diagnosar kan ha hovudverk og nakkesmerter, kan ha vanskeleg for å konsentrere seg og vere deprimerte. Det eg har polemisert mot, er trua på at fleirtalet av desse diagnosane har sitt grunnlag i organiske nakkeskadar.

Ein meir omfattande diskusjon av desse spørsmåla finn ein i ei velskriven bok av den kanadiske legen Andrew Malleson: Whiplash and other useful illnesses.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake