Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Målmann med mange ballar i lufta

Av Tiril Rem
,  27.10.05


Kva er det med denne sunnhordlendingen? Korleis har denne raudleitte pingla frå Skånevik fått slik gjennomslagskraft?
Steinulf Tungesvik vart fødd på julaftan i 1969, fem over tolv om natta. Tvillingbroren Olav vart fødd fem på tolv veslejulaftan. Steinulf var lei seg for at broren hadde fått namn etter kongen. Har det aldri vore ein konge som heitte Steinulf, spurde han, men måtte trøyste seg med at han var fødd på same dag som Jesus.

Politikk og poteter
Faren, Hans Olav Tungesvik, fortel at Steinulf heile livet har vore ein aktiv kar i alt han har teke tak i. Han byrja å lese fire og eit halvt år gammal, og vart etter kvart både lesehest og avisoman. Langrenn vart yndlingsidretten til tvillingbrørne fordi dei var så heldige å bu eit par år i vintersportparadiset Vadsø, som faren kallar byen.
Det politiske engasjementet fekk han delvis inn med farsmjølka. Steinulf var ein engasjert politisk debattant kring middagsbordet frå han var ti år gammal. Då han var tolv, kom faren på Stortinget for Kristeleg folkeparti, og det politiske engasjementet vart ikkje mindre av det.
Faren visste ikkje noko om kvar sonen høyrde heime politisk før Steinulf melde seg inn i Senterpartiet då han byrja å arbeide i partiet ein gong i 1990-åra.

Mål og makt
Jamvel om Steinulf Tungesvik ikkje trakka i dei same spora som faren politisk, har dei hatt målsaka felles i alle år. Hans Olav Tungesvik var leiar i Noregs Mållag frå 1965 til 1970, så sonen tok over same vervet nokså nøyaktig 40 år etter.
Å ringje rundt til gamle og nye kollegaer er ei signingsferd utan skjer i sjøen. Ingen seier eit vondt ord. Det næraste eg kjem noko negativt, som mange tvert imot vil meine er positivt, er at han var kjend som ein skjørtejeger som målungdom i Oslo. Og for ein skjørtejeger må det å satse på Senterpartiet vere den naturlegaste ting i verda. Men det var då. No er han vel i hamn, som det heiter.

Forretningsjus
Å bli advokat var truleg ikkje noko som stod klart for Steinulf Tungesvik i ung alder. Faren såg for seg at han kom til å arbeide i postverket, sidan han byrja på ei femårig utdanning der. Men sonen las jus ved sida av, og tok så godt som to utdanningar parallelt.
Å vere medlem i Senterpartiet, seie nei til EU og ja til å leie Noregs Mållag er ikkje vanlege eigenskapar hos forretningsadvokatar i Oslo. Steinulf Tungesvik starta i Kluge advokatfirma for fem år sidan, men flytta til Bergen og heldt fram i same firma der for eitt år sidan. Han arbeider med forretningsjus som kontraktrett og anleggsjus – emne som passar godt inn i Samferdsledepartementet, meiner kollega Harald Kobbe. Han karakteriserer Steinulf Tungesvik som ein «advokatadvokat»: ein advokat som passar godt i rettssalen.
Medan Steinulf Tungesvik står og pakkar ned sakene sine ein annan stad på kontoret, fortel Harald Kobbe at det er tungt for firmaet å gje slepp på Steinulf – ein uvanleg hyggjeleg fyr med ei bisarr form for humor og stor grad av sjølvironi. Han påstår dessutan at det står skrive med lita skrift på baksida av Soria Moria-erklæringa at Steinulf Tungesvik skal kome attende til dei om det blir eit regjeringsskifte.

Politisk dyr
Steinulf Tungesvik blir karakterisert som eit politisk dyr med stort samfunnsengasjement og som eit naturtalent når det gjeld å takle media. Då han vart vald som ny leiar i Noregs Mållag i april i år, hadde Mållaget vore gjennom ei vanskeleg tid med forsvarstalar etter saka om medlemsjuks i Målungdommen og forsøket med valfritt sidemål i Oslo.
Jamvel om Steinulf Tungesvik har vore ein dugande leiar for Mållaget, er det ikkje tvil om at han var heldig å få «Slepp nynorsken til»-kampanjen som det gamle mållagsstyret hadde førebudd, i fanget. Den nyvalde og taleføre mållagsleiaren sprang frå debatt til debatt, og kunne nøgd levere 36.000 underskrifter for meir nynorsk i riksavisene til Dagbladet sist veke.

Verving på bar
Førre laurdag i kveldinga sat eg og dingla ved ein bar på Grünerløkka i Oslo. Ein gammal kjenning dukka opp, han er oslogut og musikar, og avslørte fort at han og to andre hadde blitt verva som medlemmer i Noregs Mållag av leiaren Steinulf Tungesvik på same bar.
Det var det eg visste, tenkte eg, at no hadde endeleg Noregs Mållag fått ein leiar med brei appell som eg har etterlyst i mange år. Men som det ofte er med lukka, så varer ho ikkje lenge. Steinulf Tungesvik takka denne veka ja til å bli statssekretær i Samferdsledepartementet, og takka dermed nei til å halde fram som leiar i Noregs Mållag.
Men, men... Han har målsaker å arbeide med likevel. Saker som han som mållagsleiar spelte inn på banehalvdelen til Bondevik II-regjeringa, må han sjølv takle anten det gjeld nynorsk nettleksikon, lærebøker på nynorsk for vaksne innvandrarar eller å sørgje for at tidsskrift og nynorske småaviser som Dag og Tid og mange lokalaviser, overlever portoauken frå nyttår. Korleis den kampen går, står att å sjå. Om det skulle bli sjølvmål, vil lufta neppe gå ut av verken mannen eller ballen. Trur eg.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake