Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


À la Nilssen
Merete Røsvik Granlund,  29.10.05

Tekstbrokkane har blitt lengre, stemmene færre, og teksten har nærma seg den meir tradisjonelle prosaen. Eg meiner at Nilssen tener på dette, og det er plenty originalitet att, skriv meldaren. Foto: Johan Brox
ROMAN
Olaug Nilssen:
Få meg på, for faen
Samlaget

Olaug Nilssen har ein heilt særeigen stil. Ho er ikkje den som skriv lange, episke forteljingar. Tekstane hennar er meir fragmentariske og leikande. Dei to føregåande skjønnlitterære bøkene hennar for vaksne, Innestengd i udyr og Vi har så korte armar greidde ikkje heilt å overtyde meg, jamvel om eg såg at ho hadde noko eige. Det var så springande, så uvant, til dels altfor velkjent, til dels sært.

Men no har ho meg. Etter å ha lese den nye romanen, Få meg på, for faen, melder eg meg inn i fanklubben. Ikkje fordi innhaldet er så revolusjonerande, men fordi grepet hennar om språket er så overtydande, og fordi det i delar av denne romanen er eit perfekt samsvar mellom den særeigne forma hennar og det ho skildrar.

Dagdrøymarar
Historia har fire delar og tre hovudpersonar. Det er Maria, ein sosiologistudent i Bergen som arbeider som reinhaldar i eit vikarbyrå for å finansiere studia. Ho er ei smålåten og pliktoppfyllande jente som ikkje greier å markere seg i kvardagen, men som drøymer om å få dele den traurige kvardagen sin med tv-publikumet, og så vise seg å vere spesiell og spennande.

Den sprengkåte femtenåringen Alma får store sosiale problem etter å ha hevda at ein gut «var borti meg med pikken». Då blir ho sjølvsagt «Pikk-Alma». Den tredje hovudpersonen er den frustrerte heimeverande «kona til Sebjørn», som altså ikkje får æra av å opptre med sitt eige namn. Ho er mor til Maria og veninne med mor til Alma.

Felles for desse tre er at dei dagdrøymer, at dei lengtar etter noko dei ikkje har, og ikkje veit heilt korleis dei skal få tak i det. Teksten rører seg fram og tilbake mellom røynda og draumen, inn og ut av fiksjonen. Tittelen, Få meg på, for faen, er visst eit sitat av ein tv-reporter som var frustrert over tekniske problem og kom i skade for å kringkaste pr-kåtskapen sin. Det verkar jo som det høver best på Maria, men å kome «på» kan ein kanskje òg sjå i samband med trongen dei to andre har til å kome inn i det «eigentlege» livet.

Tenåringsproblematikk
Eg må vedgå at dei to delane om Maria ikkje fengde meg heilt. Teksten har mange gode augneblinkar, det er ikkje det, men det er noko med prosjektet som blir for opplagt, og det keisame kvardagslivet til Maria er jo nett det, då, endå Nilssen spritar det opp med språklege krumspring.

Men den delen av boka som skildrar Alma, meiner eg (truleg utan tilstrekkeleg samanlikningsgrunnlag) må vere noko av det beste som er skrive av tenåringsskildringar i norsk litteratur. Alma er heilt ute å køyre, ho er totalt einspora i hovudet og har ikkje heilt styring på seg sjølv. Eg blir litt flau på hennar vegner. Men det er altså noko med dette hjelpelaust tenåringsaktige som sjarmerer sokkane av meg. Her kjem den språklege vitaliteten og røyndomsnære originaliteten til Nilssen verkeleg til sin rett.

Når ho til dømes seier: «Og no er Alma sitt personlege helvete heilt laust.» Det er nok med det vesle ordet «heilt», dermed får eg som lesar heilt nye assosiasjonar, og blir dessutan litt sjarmert av tenåringen som ikkje har heilt styr på språket heller. Eller når Alma svarar eit par plageånder på bussen: «Kvifor sit de så langt framme i bussen? De sit jævlig langt framme i bussen til å skulle vere så spydige.» For alle som har køyrt buss til skulen, er det sjølvforklarande, jamvel om eg aldri har høyrt nokon seie det slik før. Alle veit at dei tøffe sit lengst bak i bussen.

Nokre gonger blir skildringane ustyrleg komiske, men utan å ta bort alvoret i situasjonen til Alma som sosial pariakaste. Fantastisk godt gjort. Eg skulle gjerne lese meir om Alma.

Karakteristiske grep
Skildringa av det vesle «tenåringsopprøret» til kona til Sebjørn er òg fin lesing. Det er noko teatralsk over det heile, og spesielt over slutten, som minner mest om ein parodi på ein amerikansk familiefilm. Men det er liksom ein del av særpreget til Nilssen, det: Ho insisterer på å skildre alle dei trivielle detaljane i dagleglivet, men ikkje i ei realistisk form. Tvert imot driv ho med ei litterær posering som viser fram kor medviten ho er om dei grepa ho gjer i teksten, og som skaper fleire delvis gjennomsynlege lag av fiksjon.

Dei litterære grepa som er karakteristiske for stilen hennar, er flørt med skodespel-sjangeren, ein innskoten parodi, eit steg ut av fiksjonen og inn att, sitat av songtekstar, ein uventa vri på faste språklege uttrykk. Det er denne språklege leiken som verkeleg hevar boka ut av bokvrimmelen her i landet.

Likevel er det mindre av det fragmentariske og eksperimentelle i denne boka enn i dei føregåande, jamfør det eg nemnde heilt i starten av meldinga. Tekstbrokkane har blitt lengre, stemmene færre, og teksten har nærma seg den meir tradisjonelle prosaen. Eg meiner at Nilssen tener på dette, og det er plenty originalitet att. Som når sjefen på Nepestappe-fabrikken har kome inn på pauserommet og samtalen går i stå: «– No blei dette litt dumt, seier han. – Eg går ut, og så kjem eg inn igjen.» Og så får vi scena på nytt, med identisk start, men nytt framhald. Eller når kona til Sebjørn bryt inn i ein diskusjon om kva oppgåver yrkesaktive overlèt til andre fordi dei er så leie av å gjere dei på jobben: «Eg tippar dei heimeverande får andre til å vere heime for seg.» Då er det morosamt å lese.


Merete Røsvik Granlund er fast bokmeldar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake