Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Norsk Hydro og Haakon Lie

Av Roald Helgheim
,  24.09.05


I noteverket finn vi berre éin referanse til Haakon Lie i boka, men det gjer han ikkje mindre viktig. På side 140 står det at han i 1952 gav ut Cella på Herøya, som er ein klassikar i Haakon Lies produksjon av effektiv politisk sakprosa. Boka inneheld referata frå møta i Herøya kjemiske lag av Norges Kommunistiske Parti frå 1945 til 1950, og skulle vise korleis Herøya Arbeiderforening hadde samarbeidd nært med partiet, særleg under den store streiken i 1948. Politiets overvakingsteneste sende boka ut til alle politimeistrar i landet, saman med andre bøker om arbeidsmetodane til kommunistane. Og som det står i bandet Nasjonal kontroll og industriell fornyelse: «Overvåkingstjenesten hadde selvfølgelig fulgt med i streiken.»

Dette er kjend historie, og soga om streiken på Herøya er forteljinga om ein av dei hardaste arbeidskampane i etterkrigstida, i ei oppbyggjingstid då streik var så godt som forbode i landet. Kommunistpartiet slost med Arbeidarpartiet om hegemoniet blant norske fagorganiserte, og det var i året 1948 Einar Gerhardsen i februar heldt den vidgjetne Kråkerøytalen, der han stempla NKP som den fremste trusselen mot fridommen og demokratiet i Norge. Difor er det eit historisk sus over Hydro-jubileet, og i denne samanhengen fortener det merksemd på grunn av eit namn til, omtalt på side 143 i den same boka. Magnus Hole Jacobsen, som hadde arbeidd i personaladministrasjonen i NSB og Hydro, hevda i 1977 at det var eit omfattande samarbeid mellom Hydro-verksemdene og Politiets overvakingsteneste når det gjaldt tilsetjingar. Seinare skreiv han to bøker om dette. Det vart nedsett eit kontrollutval for å undersøkje saka, og konklusjonen var ikkje uventa: Utvalet tilbakeviste alle påstandane, slik alle offentlege utval som har vore sette til å kontrollere overvakingstenesta, gjekk overvakarane sitt ærend – til vi fekk Lund-kommisjonen i 1993. I ettertid er det slått fast at Hole Jacobsen hadde rett, at det var eit nært samarbeid mellom overvakingstenesta og Hydro i tilsetjingssaker frå 1950 til 1970.

Hole Jacobsens modige utspel var trass i den offisielle avvisinga eit historisk vendepunkt, for det var eit første vitneprov, frå innsida av ei viktig norsk verksemd som på same måte som styresmaktene alltid nekta for at slik overvaking fann stad. Sambandet mellom Overvakingstenesta og Norsk Hydro vart oppretta i 1949, av den legendariske overvakingssjefen Asbjørn Bryhn og generaldirektør Bjarne Eriksen. Om streiken på Herøya var ein utløysande faktor, har forfattarane ikkje funne belegg for i Hydro-protokollane, men streiken og hendingane etterpå talar sitt eige språk. Frå 24. september til 6. november 1948 var det full produksjonsstans ved Hydros største anlegg, Eidanger Salpeterfabrikk, og midt i gjenreisingstida etter krigen var det fullstendig uhøyrt, sjølv om utgangspunktet – eit krav om nedsett arbeidstid frå 48 til 42 timer i veka for heilkontinuerleg skiftarbeid – slett ikkje var urimeleg.
Men dette var også starten på tida for det institusjonaliserte klassesamarbeidet i Norge, og hovudstyret i Kjemisk Industriarbeiderforbund gjekk mot fagforeininga på Hydro. Arbeidsretten kjende både dei nye skiftplanane og streiken som tariffstridig. LO-sjef Konrad Nordahl og statsminister Gerhardsen førdømde streiken som ein politisk aksjon leidd av NKP, som på si side gav streiken si fulle støtte. I det politiske etterspelet inngjekk det at både Kjemisk og det som då heitte Norsk Arbeidsgiverforening (NAF) kravde at styret i Herøya Arbeiderforening måtte suspenderast frå tillitsverva. Etter streiken stilte dei til val på ny, og vart attvalde, og LO-forbundet Kjemisk svara med å ekskludere dei frå forbundet. Eksklusjonen vart først oppheva etter eit kompromiss (!) der ingen av styremedlemmene stilte til attval, og dei mista seinare retten til å ha tillitsverv i tre år framover.

Slik var vilkåra for klassekamp i ei tid vi har lett for å gløyme. I 1949 vart NKP feia ut av Stortinget, og kløyvinga og den indre oppløysinga av partiet var eit faktum, sjølv om kampen på arbeidsplassane heldt fram. Men då Haakon Lie sette krona på verket med Cella på Herøya, var eit ikkje så kjent kapittel også i gang på Norsk Hydro. Frå sommaren 1948 og til midten av femtiåra hadde Hydro tett kontakt med Moralsk Opprustning. Organisasjonen var eit framhald av ei kristen vekkingsrørsle frå Oxford, og vel kjend for oss som vart flaska opp på Det Beste. Den antikommunistiske profilen var ikkje til å ta feil av, sjølv om retorikken handla om menneskeleg samvær på tvers av skiljelinene. Hydro-forfattarane tykkjer det er interessant «som et tidlig forsøk på å påvirke eller utvikle bedriftskultur». Hydro støtta Moralsk Opprustning økonomisk, og andre verksemder følgde etter. Sommaren 1948 drog «13 Hydroansatte og seks koner» på busstur til det moralske hovudkvarteret på eit slott i Caux i Sveits, og eitt av mange vitneprov kjem frå ein ingeniør som skildra kor sterkt det var å leve saman «på lik fot».
Kva dei moralske opprustingstoktene til Caux hadde å seie for Hydro, er det vanskeleg å meine noko om, skriv historikarane. «Men det var utvilsomt et forsøk som tydelig viser at selskapets ledelse var klar over at det var en sammenheng mellom trivsel, samarbeid og effektivitet». Personleg trur eg medisinen til Haakon Lie fekk meir å seie for den saka.





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake