Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


I fotefara til far
Hadle Oftedal Andersen,  02.07.05

Hilde Myklebust har gått på skrivekunstakademi og studert litteraturvitskap, før ho vende tilbake til heimbygda og tok over småbruket til familien. Det kan ein merka av dikta hennar. Foto: Samlaget
DIKT
Hilde Myklebust:
Berre dagar seinare
Samlaget

Hilde Myklebust (f. 1979) debuterer på Samlaget med diktsamlinga Berre dagar seinare. Av baksideteksten går det fram at ho har gått på skrivekunstakademiet og studert litteraturvitskap, før ho vende tilbake til heimbygda og tok over småbruket til familien. Og det kan ein nok merka av dikta hennar òg. På eine sida uttrykker dei ein fascinasjon for heimstaden, ei oppleving av å vera i det magiske. På andre sida er dei uttrykk for ein måte å tenka litteratur på som er, ja, skrivekunstakademiet og litteraturvitskapen sin måte å tenka litteratur på. Me snakkar kort sagt om ein positur som kan omtalast som «2000-talets kvinnelege Olav H. Hauge», eller noko slikt. Og eg hugsar at eg smilte breitt for meg sjølv då eg las igjennom denne samlinga første gongen: Dette er jo eit genialt oppsett, tenkte eg.

Far leier sauen
opp i løda
for siste gong

Eg står att i fjøsen
og ser dei verte borte
Lyden etter ein gjenklang
frå fyrste gongen
eit lam døydde
mellom hendene mine
Gudevend og raud
sat eg og kjende kulda
legge seg over
den vesle tunga

Ei kvesande røyst låg tett ved øyret:
Snart kjem den siste gode dagen
Alt ikring deg skal leve
for å forsvinne

Eit dikt som dette viser etter mitt syn Myklebust både på sitt beste og sitt verste.

Teft
Det beste er refleksjonen kring forsvinninga til faren. Den som på forsiktig vis er uttrykt gjennom formuleringa «for siste gong», og som assosiativt er fordobla gjennom koplinga til det daude lammet. I denne elegante samankjedinga av bilete syner Myklebust at ho har verkeleg teft for poetisk biletspråk. Og ein skal altså merka seg at det er ei kvinne som etter kvart kjem til å fylla den tome plassen etter faren. Dette er den mest tankevekkande tematiske sida ved denne boka, at ho skildrar ei ung kvinne som seier: «Tippoldefar oldefar farfar far / står med rivene langs kroppen / og seier at ingen har gjort dette / før meg».

Klisjé
Det verste ved dikta til Myklebust er at det er litt for mykje fakter og klisjear i dei. Til dømes er det, i alle fall for meg, slik at den siste lina i diktet eg siterte ovanfor inviterer til å bli lesen isolert og poengtert: det vil seia med ei slik alvorsam, hol og forsiktig røyst som dei parodierer i scena frå «diktmøtet» i Elling. Og formuleringa er jo, i seg sjølv, temmeleg banal.

Men dette siste kan nok òg oppfattast som eit medvite val frå forfattaren si side. For kanskje er det slik at det ikkje lenger er råd å uttrykka noko nytt utan å ta klisjeen til hjelp. Kanskje er det slik at klisjeen er den nye originaliteten. Det som i alle fall er sikkert, er at ein då gjerne vil ha ei diktsamling som på ein forsiktig og skjør måte freistar å balansera mellom det geniale og det patetiske. Og ei slik diktsamling er det Hilde Myklebust har skrive. Med heilt ok resultat, om du spør meg.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake