Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Manglande avis?
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Gripande om det forferdelege
Odd W. Surén,  25.06.05

Tore Renberg:
Kompani Orheim.
Forlaget Oktober.

Påstanden om at ein skal høyra sanninga frå born og fulle folk er truleg sett fram av ein barnsleg fyllik som aldri sa eit sant ord. Derimot er det stor fare for at ein får høyra eitkvart plagsamt frå fulle folk. I alle fall frå somme slike. Og dei som drikk mest, er gjerne dei som toler det minst, slike som vert monstrøse under påverknad av alkohol. I romanen Kompani Orheim har Tore Renberg, med rett og slett opprørande presisjon, skildra ein slik drankar: Terje Orheim, far til Jarle som er hovudpersonen i boka.

I første kapittel er det Jarle som kjem full heim til sambuaren sin i Bergen. Tidleg om morgonen ringer telefonen, det er frå mora i Stavanger. Faren er død. Og Jarle dreg til Stavanger for å delta i gravferda, og forteljinga om barndommen hans vert presentert for oss nær sagt i minste detalj.

Terje Orheim og Sara Klepp har stifta familie. Dei får, etter ein del års venting, sonen Jarle. Og det er Terje som set namnet «Kompani Orheim» på denne vesle kjernefamilien. Dei skal halda saman, det er dei mot verda, kompaniet er så å seie utpeikt av lagnaden, utpeikt til suksess. Og namnet har han frå heltane sine, kompani Linge under andre verdskrigen. Ikkje minst er Vemorkaksjonen noko som Terje Orheim stadig tenkjer på med vørdnad og glede.

Terje er inspektør på Stavanger Tekniske Fagskole, og i den grad Noreg har ein middelklasse, høyrer han til i denne, med bil, med hus, med fin jobb – i 1972 var det vel framleis litt stas å vera lærar, i alle fall inspektør. Han kler seg pent, han går i dress og slips. Men i helgane, frå fredag til måndag, er han full. Han drikk ikkje av glede, ikkje for smaksopplevingar, han hiv i seg sprit for å verta full. Og i fylla er han forferdeleg.

Oppvekstromanen
Det tek si tid før Jarle ser dette. Renberg introduserer temaet på ein elegant måte, det veks fram i boka proporsjonalt med utviklinga til hovudpersonen, litt etter litt forstår lesaren at Terje Orheim, som er så populær mellom grannane, den kjekke naboen, som spelar fotball med ungane i grannelaget, mannen med den ordentlege fasaden, er ein alkoholikar. Og ikkje berre det, ein psykopatisk alkoholikar. Han er også valdeleg, og han har den evna som psykopatane ofte har, til å seia det mest ubehagelege til dei mest upassande tider. Han er ein slik som nyttar andre sin lojalitet til eiga vinning, ein slik som alltid appellerer til lagånd hjå andre. Ein som seier at den som ikkje er med meg, er imot meg. I staden for å tenkja: Den som ikkje er imot meg, er med meg!

Renberg bruker tid på å utvikla temaet. Og samstundes skriv han vel langt på veg Den Store Oppvekstromanen frå Stavanger på 1980-talet, for dei som er fødde ikring 1972, som etter det Renberg seier var «Midt i Vietnamkrigen». Lesarar som ikkje budde i Stavanger i 80-åra, forstår at dei gjekk glipp av lite.

Det er ein roman innanfor trygge, tradisjonelle romanrammer, dette, der forteljinga er det viktige, der språket ikkje yter motstand, men tener narrative omsyn trufast og smidig. Og Renberg tenkjer i store liner, men forhastar seg ikkje, han tvingar lesaren med på eit krevjande prosjekt, der detalj etter detalj vert presentert, ofte utan å tilføre så veldig mykje. Men underhaldande er det, og ei framsyning av stort talent. Renberg held ikkje fast ved eitt perspektiv under forteljinga, utan problem skifter han frå den eine til den andre hjernen, og han gjer det med bravur, heilt ned i tankegangen til perifere bipersonar som lærar Bjarne Kristoffersen, som vert pressa, av Jarle, til å ta opp eit tema han eigentleg ikkje ynskjer å ta opp.

Det kan innvendast at dette stadige perspektivskiftet ikkje er berre heldig for romanen, men det er det fremste kunstnarlege aspektet ved boka, og eg forstår godt at Renberg har gjort det slik.

Synd i psykopaten
Som sagt tek forfattaren seg god tid, litt vel god tid av og til, men dei trege scenene fører fram mot andre som er verkeleg medrivande, og ofte direkte opprørande. Renberg skyr ikkje konflikten, men syner han på sitt aller verste.

Ein vert rykande forbanna på Terje Orheim, inntil ein grip seg i å tenkja at ein jo er heldig som slepp å vera han. For sjølv om forfattaren ikkje orsakar psykopaten, vert han så levande at ein tykkjer litt synd i han likevel. Og slutten er rett og slett gripande, utan fakter av noko slag.

Renberg skriv lett og elegant, fritt for ornamentering og nesten utan blødmer. Han er mellom dei få som klarer å finna på skikkelege namn, slik at ein trur personane i boka faktisk finst. Han gjer nesten ingen feil, og i ei så diger bok er det godt gjort.

Forlaget burde ha visst at det var EM i fotball i 1988, og at ingen stad heiter Nord-Hordaland. Dessutan er det slik at sjølv om alle seier dei må innfinne seg med ditt og datt, er det ingenting som heiter det. Ein kan innfinne seg til rett eller feil stad til rett eller feil tid, det er ein situasjon me lyt avfinne oss med.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake