Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Farlege klovnar

Av Ottar Fyllingsnes
,  28.05.05


I likestillingsdebatten filosoferte Tore E. Olsen frå Demokratene høgt: «Jeg tror vi hadde redusert kvinnevolden hvis kvinner ikke var så kjappe med å legge beina i kors når mannen kommer hjem fra arbeid.» Latter var det også i bystyresalen, men så tenkte bystyret seg om – og utviste Olsen.

Det er lett å le av klovnane i Demokratene, men artiklar både i Vårt Land og Aftenposten denne veka viser at det ikkje er nok å le av dei. Høgreekstremismen krev at ein tek dei alvorleg, sjølv om dei ofte opptrer med raud klovnenase. For det viser seg at partiet Demokratene har vorte oppsamlingsplass for politikarar med fortid i yttarleggåande høgregrupper som Folkeaksjon mot Innvandring (FMI), Fedrelandspartiet, Hvit Valgallianse og Forum mot islamisering. Dei siste åra har me ikkje hatt noko høgreekstremt parti, men no prøver Demokratene å fylla rolla.

I Møre og Romsdal står ein tidlegare FMI-leiar på andreplassen på stortingslista til Demokratene, og på topp i Sogn og Fjordane står ein nestleiar i Fedrelandspartiet. I Nordland går førstekandidaten Amund Garfors inn for å rusta opp Heimevernet til kamp mot muslimane. Han har bakgrunn frå FMI og Stopp innvandringen og meiner at den viktigaste saka i Noreg for tida er kampen mot «den muslimske invasjonen».

Partileiar Vidar Kleppe i Demokratene er fullt klar over at folk i partitoppen har bakgrunn i FMI og Fedrelandspartiet. Det opplever han som uproblematisk, og det er sterkt kritikkverdig. Når Kleppe snakkar om islam og islamisme som det fremste trugsmålet i vår tid, viser det kor avgrensa kunnskapen er.

Me må med andre ord rekna med fleire tåpelege utspel frå dei høgreekstreme i tida fram mot stortingsvalet. Førebels er det svært lite som tyder på at Demokratene har sjanse på Stortinget, men i Kristiansand har dei trass i alt plass i bystyret. Det er god grunn til å ta dei på alvor!



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake