Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Meir nynorsk i Se og Hør

Av Roald Helgheim
,  23.04.05


Eg har ikkje skrive under på kjendisoppropet som Noregs Mållag har laga, men så er eg heller ingen kjendis, og det kostar så lite. Ein blir kanskje nyfiken over kven som har skrive under, men ikkje stort meir. Dei står der, dei fleste av dei namna du forventar skal støtte ei så god og progressiv sak, og eg gir alle skeptikarane rett.

Det er ikkje ei sak som opprører nokon. Det seier dei, alle svikarane også, det vil seie nynorskfolka som trass i posisjonar i riksavisene skriv kommentarane sine på bokmål utan å få søvnlause netter av det. To av dei er gjengangarparet i slike debattar, Gudleiv Forr og Olav Versto, kommentatorar i respektive Dagbladet og VG, med nynorsk bakgrunn. «Det handlar sjølvsagt om tradisjonar.

Han som starta avisa i 1869, Hagbard Emanuel Berner, var òg tilskipar av Noregs Mållag og fyrste formann i laget. Likevel var han ikkje i tvil om at Dagbladet skulle skrivast på dansk-norsk. Ein lyt vere realistisk», seier Forr.

Ein lyt vere realistisk, over hundre år etter dansketida, seier nynorskguten som la morsmålet frå seg etter gymnaset, men som er glad for bakgrunnen, for alle veit at vi nynorskingar har eit meir medvite språksyn, og det kjem oss til gode same kva målform vi nyttar. Men har Forr likevel noko ansvar for å hjelpe nynorsken? «Det er korkje mi eller Dagbladet si oppgåve. Slik er det no berre», seier han til Klassekampen 28. mars 2003, der alle sitata er henta frå.

Slik er det no berre. Ein lyt vere realistisk. Eg høyrer ekkoet frå dei ørten debattane eg har vore med på, også med nynorskmannen Olav Versto, som gjekk frå nynorsk i NRK til bokmål i VG. Om det var lett? «Svært lett. Bokmål er ikkje vanskeleg.» Kjeften fekk han dei første åra som nynorskbrukar i NRK. At han skriv bokmål i VG, bryr lesarane seg sjølvsagt katten om.

Sjølv blar eg attende i språkminnet, og hugsar eit ordskifte i Mediemållaget, trur eg, då NRK/Østlandssendingen ikkje ville tilsetje nynorskjournalistar. Anne Åsheim, seinare nyhendesjef i heile NRK, ville heller ha journalistar med innvandrarbakgrunn i lokalradioen sin. Kva skulle ein stille opp mot dette rotne knepet? Og kva meiner fagforeininga vår?

Leiar Ann-Magrit Austenå i Norsk Journalistlag vil ikkje kjempe for nynorsk i riksavisene. Ho meiner det ikkje er aktuelt, fordi det er eit problem som «koker ned til» dei store riksavisene. «I regions- og lokalavisene blir spørsmålsstillingen snudd på hodet, der må ofte bokmålsjournalistar skrive nynorsk. I NJ i dag er ikke dette noe rettighetsspørsmål.

Jeg kjenner heller ikke til noen eksempler der det å være nynorskbruker har diskvalifisert noen journalister fra jobb.» Det sa ho til Klassekampen i mars, månaden etter at Dagbladet ville ha nynorskforfattaren Olaug Nilssen som bokmeldar, mot at ho skreiv på bokmål.

Men det er ikkje det viktigaste i denne saka. Det er at NJ-leiaren brukar målforma i region- og lokalaviser i nynorskområde, som argument mot kravet om nynorsk i riksavisene, og likestiller kravet om nynorsk i ei riksavis med eventuelle krav om å få skrive bokmål i ei avis som Firda. Reint bortsett frå at det er tospråkleg fridom i ei regionavis som Bergens Tidende, og det er ikkje noko problem. Det er det heller ikkje i Oslo-avisa Dagsavisen. Argumentet frå redaktørane om at det vil oppstå språkleg kaos med to målformer, er utan verdi.

Det går an å finne ut korleis bruken av to målformer kan organiserast på ein fornuftig måte, dersom avisa verkeleg har vilje til det.

Det er eit større problem for oss at leiaren for fagforeininga vår ikkje kan «finne på krav som ikke grunner i ein arbeidssituasjon, faglig situasjon eller ønske fra medlemmene». Det argumentet kan ho bruke, i trygg visse om at journalistane verken risikerer den jobben dei har, eller den jobben dei kan få, for eit slikt krav.

Med journalistleiaren sine ord er dei underlagde ei «redaksjonell prioritering». Men det er ikkje ei prioritering fastlagd av redaktøren, men av eigarane. Etter redaktørplakaten har redaktøren plikt til å arbeide på grunnlag av dei retningslinene eigarane har trekt opp.

Difor er det eigarane som har bestemt at Dagbladet ikkje lenger skal lage avis, men eit dagleg Se og Hør, der kjendisoppslag og rapportar om dei siste slagsmåla i serien Fagerstrand slåst om plassen med livsstil og kjøpeoppslag, om at slik testar du sjefen din, helsa di, potensen din, og der finn du dei beste tilboda, og dette bør du vite om renta. Det er ikkje lenger redaksjonen, men økonomiavdelinga i Dagbladet som bestemmer framsida, og det hadde ikkje tatt seg betre ut på nynorsk.

Nyleg var det ein debatt i mediedammen etter at ei spørjeundersøking blant journalistar viste at vi politisk ligg lenger til venstre enn gjennomsnittet av veljarane i Norge. Eit par mediesynsarar med Frank Aarebrot i spissen meinte dette var eit problem.

Men finst det ei einaste yrkesgruppe som følgjer det politiske gjennomsnittet? Journalistar veit betre enn nokon at dei er underlagde marknadsstrategien til eigarane i det mediet dei arbeider i, med krav om økonomisk avkasting.

I gamle dagar handla revysketsjane om underbukser, nynorsk og samnorsk. I dag er ikkje den nedlatande haldninga til nynorsk in lenger. Den språklege einsrettinga i riksavisene framstår meir og meir som provinsiell. Kampen for språkleg jamstelling i skulen er meir alvorleg. Men eg blir sjølvsagt med på eit opprop for meir nynorsk, også i Se og Hør.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake