Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Klisjébok om Breivik-saka
 26.04.13

Geir Lippestads snakk om demokrati, rettstryggleik og fridom endar opp i for mange klisjear.

SAKPROSA
Geir Lippestad / Jon Gangdal:
Det vi kan stå for
Aschehoug 2013

I føreordet til denne boka skriv Geir Lippestad at målet hans er å innleia eit oppgjer med Breiviks tankegods, utforska korleis vi skal verna og styrkja «verdien av det enkelte menneske og betydningen av de grunnleggende verdiene i et samfunn – demokrati, ytringsfrihet, likestilling, menneskerettigheter».
Dette store prosjektet kjem Lippestad aldri i nærleiken av i boka. Så langt frå å vera det politiske prosjektet som vert varsla i føreordet, er dette ei forteljing om korleis Lippestad hadde det meir personleg i den tida han var Breiviks advokat. Litt får vi òg vite om barndomen og oppveksten hans.
Han gjev oss mange innblikk i privatlivet sitt. Vi får vite kva han tenkte då han vart spurd om å ta oppdraget, at kona hans hjelpte han i mediestormen, korleis det er å ha ei kronisk sjuk dotter etc. Eit kapitel er vigd arbeidet med å byggja opp eit team i Lippestads advokatfirma.

Kjendislitteratur
Tvillaust er òg Lippestad ein kjernekar både på jobben og på heimebane. Meir tvilsamt er det om dette vedkjem andre enn familien, venene og kollegaene hans.
Han har vore ein frontfigur i ei svær og tragisk rettssak. Om han i tillegg til dette vil formidla til ålmenta korleis han sjølv hadde det under saka, og kva han tenkte på, så må han ha så originale observasjonar og tankar at han fører noko nytt opp i dagen.
Dette er særleg påkravt der ein forsvarsadvokat skriv om klienten sin på så negativt vis som han må i ei slik sak som dette. Har han ikkje noko viktig og nytt å by på, vert resultatet rein kjendislitteratur.
Det nye og viktige skulle altså vera oppgjeret med og oppdemminga mot høgreekstremismen. Men dette prosjektet kjem Lippestad aldri i gang med. Om og om att kjem han attende til «demokratiet vårt som vi er så stolte av», og det norske rettsvesenet han «er så uendelig stolt over».
Om og om att vil han «slå ring om de grunnleggende verdiene i samfunnet» og «i ryggmargen på det norske folk». Om att og om att seier han at «vi var ett folk, én nasjon, og at vi hadde felles interesser og felles mål: å bekjempe totalitær tankegang». Djupare enn dette kjem ikkje Lippestad. Språket hans er rikt på klisjear, men fattig på innhald.

Ikkje noko nytt
Dimed misser òg boka si etiske og kunstnarlege raison d’être. Boka handlar ikkje lenger om Breivik eller høgreekstremismen eller politikk i det heile. Ho handlar om Geir Lippestad og kva han opplevde og tenkte som Breiviks forsvarar.
Men korkje skildringa av Breiviks personlegdom, attgjevinga av samtalane mellom Lippestad og Breivik eller dei korte og sporadiske bolkane om politikk gjev noko nytt. Det er vanskeleg å finna ein original psykologisk, etisk eller politisk refleksjon i boka.

Samfunnsfag mot terrorisme
Utviklinga av høgreekstremisme i Europa vil Lippestad møta med «å slå ring om de grunnleggende verdiene i samfunnet». Det er ei gåte for han at Breivik, som «har gått på våre skoler og vokst opp i vårt samfunn med våre verdier», kunne verta terrorist.
Dette uforståelege vert «forklåra» med lesing av høgre­ekstreme nettsider og bruk av dataspel. Løysinga på slike problem skal vera å «konfrontere disse ekstreme ytringene – ta dem fram i lyset, diskutere dem åpent og ærlig til de faller fra hverandre av seg selv».
Denne konfrontasjonen vert ikkje teken i boka. Lippestad viser heller til den vidaregåande skulen som hovudmiddel mot terrorisme og høgreekstremisme. «God allmennutdanning er det viktigste vernet mot radikalisme.» Særleg viktig i så måte er samfunnsfaga. Dette er høgdepunktet i Lippestads analyse.

Misser truverdet
Med dette vert Lippestads snakk om demokrati, rettstryggleik og fridom til eit tomt språk som demonstrerer skorten på forklaring av dei verdiane han snakkar om. Då vert desse verdiane «vi alle er så glade i og stolte av», heller ikkje forsvara, men uthola.
Ytringsfridom, rettstryggleik, demokrati er i ei viss meining ikkje verdiar i seg sjølve, dei er rammevilkår for sjølvrealiseringa til den frie, myndige personlegdomen. Det er realiseringa av individet som er den humanistiske grunnverdien, vel å merka alle individ og ikkje på kostnad av andre. Vil ein fremja denne grunnverdien med boka som reiskap, må det vera eit minstekrav at boka er tenkt og skriven på individuelt, sjølvstendig og personleg vis. I boka til Lippestad finst det ikkje spor av dette individuelle og personlege. Men då misser orda om demokrati, menneskerettar og fridom truverde.

Skriva og tenkja
Ei av årsakene til at det endar så gale med eit prosjekt som Det vi kan stå for, er at ingen kan stå for noko dei ikkje har gjort sjølve. Det er mange krav som må verta oppfylte om resultatet skal verta ei god bok.
Eit av desse krava er at forfattaren har ein heilt personleg idé om det han vil skriva; eit anna er at han skriv boka sjølv. Men Lippestad har fått så mykje skrivehjelp at hjelparen er oppførd på tittelsida, og i føreordet vedgår han at oppmodinga til å skriva bok kom frå forlaget.
Eit slikt lagarbeid høver kanskje bra for ei rettssak, men straffar seg i litteraturen. Går ein utanom skriveprosessen, så går ein òg utanom den motstanden i stoffet som gjer at ein kjem tankemessig til botn i saka og finn ei vellukka form.

Kaj Skagen er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake