Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Det stilnar i skogen

Av Per Anders Todal
,  26.04.13


Å eige skog var som å ha pengar i banken. No ligg mykje av den norske skog-formuen an til å rotne på rot.

Krisa i den norske papirindustrien blir stadig djupare. Union i Skien, Follum ved Hønefoss og Peterson i Moss er alle nedlagde. Det er enno uklart om ein ny investor kan berge cellulosefabrikken på Tofte no når eigaren, svenske Södra Cell, har gjeve opp. Fell Tofte òg, forsvinn avtakaren av nær to millionar kubikkmeter tømmer og flis i året. Det er nær ein fjerdedel av den totale avverkinga til skog-industrien i Noreg. Utan Tofte blir det stilt i enda fleire norske skogar enn i dag.

Den totale avverkinga til sagbruk og industri i Noreg ligg no kring åtte millionar kubikkmeter i året. I tillegg går to–tre millionar kubikkmeter til ved. Den årlege tilveksten er på si side kring 25 millionar kubikkmeter årleg. Altså svulmar skogen med kring 15 millionar kubikkmeter kvart år.

At volumet i skogen aukar, treng ikkje vere ein dårleg ting. Men det mest slåande talet som Dag og Tid har fått frå Norsk institutt for skog og landskap, er volumet på den hogstmogne skogen i Noreg: Heile 360 millionar kubikkmeter skog er i hogst-klasse fem, som tyder at han er klar til å fellast. Det svarar til over tretti års avverking med dagens tempo. Så mykje av den norske skogen er gammal at tilveksten faktisk har minka litt dei siste åra (sjå grafen under).

Situasjonen blir verre av at heile 40 prosent av den hogstmogne skogen er gran, eit treslag som taklar alderdomen langt dårlegare enn furua gjer. Enorme mengder skog i Noreg står i overhengande fare for å døy av alderdom og rotne vekk til ingen nytte.

Enkel biologi

– Den skogen som ikkje blir hogd, vil jo til slutt rotne. Så enkelt er det, seier Arne Rørå. Han er administrerande direktør i Norskog, ein medlemsorganisasjon for 230 store norske skog-eigarar utanfor landbrukssamvirket, eigarar av 15 prosent av den norske skogen

– Det er rett å snakke om krise no. Om Tofte òg fell, er det verkeleg dramatisk, særleg for skogeigarar i Agder, Telemark, Buskerud og Vestfold. Norsk skognæring står i fare for å bli ein marginal leverandør til andre lands industri.

Trass i dei fallande tømmerprisane dei seinaste åra har ikkje avverkinga gått ned. Men det er mykje fordi mange skogeigarar har valt å ta ut skog no av frykt for at det blir enda verre å få avsetning på tømmeret i framtida.

– Om Tofte fell ut, er det alvorleg for mange skogeigarar, seier Bjørn Håvard Evjen, som er avdelingsdirektør ved Norsk institutt for skog og landskap. Han peikar på at delar av sagtømmerproduksjonen òg er økonomisk avhengig av papirindustrien.

– Utan Tofte er det mykje tømmer som blir ulønsamt å hente ut. Mange sagbruk vil ikkje leng-er få avsetning for flis. Eg vil ikkje seie at mykje av skogen går tapt på kort sikt, men det er mykje verdiskaping som går tapt når vi ikkje utnyttar ressursane i skogen skikkeleg, seier Evjen.

Titanisk bomskot

Verdiskaping er eit nøkkelord her. Mykje av den norske treforedlingsindustrien vart i si tid etablert av organisasjonane til skogeigarane. Dei ønskte både stabile kundar for massevirke – det tømmeret som ikkje er eigna som sagtømmer – og ikkje minst å få sin del av verdiskapinga ved vidare bearbeiding av råvarene.

I periodar har norsk treforedling vore svært god butikk, men det siste tiåret har vore ein tragedie. Ikkje minst på grunn av dei katastrofale feilvurderingane til Norske Skog på 1990- og 2000-talet. Under leiinga til Jan Reinås prøvde Norske Skog å bli verdas største avispapirprodusent. Kraftverk og anna verksemd vart seld, og Norske Skog kjøpte papir-fabrikkar verda rundt, ofte til høge prisar og ved hjelp av store lån. Så kom den globale avisnedturen. Strategien til Norske Skog kan i ettertid liknast med å bruke familieformuen til å kjøpe ein førsteklassebillett på jomfruferda til «Titanic».

Nokre av forsøka på å omstille og modernisere norsk treforedling dei siste åra har òg vore mislukka. Med Xynergo-prosjektet prøvde Norske Skog å få i gang produksjon av biodiesel med råstoff frå skogen. Men da regjeringa brått fjerna avgiftsfritaket for biodiesel i 2009, vart det bråstogg for Xynergo.

Det store unnataket er Borregaard i Sarpsborg, som har lukkast med omstillinga si. Det avanserte bioraffineriet der lagar ei rekkje kjemikal og næringsmiddel av treverk – og tener pengar. Men det er grenser for kor mykje massevirke Borregaard og dei attverande papirfabrikkane i Skogn og Halden kan ta unna. Og den norske skogen veks og veks. Kva i all verda kan vi bruke alle desse trea til?

Framtidsvoner

– Veldig mykje, seier Arne Rørå i Norskog.

– Alt du kan lage av olje, kan du òg lage av tre. Framtida for norsk skogbruk ligg truleg i avansert høgforedling. Av tre kan vi lage drivstoff, kjemikal eller viskose til klede. Tre kan erstatte mykje stål og betong i byggebransjen. Skog er ein fornyeleg ressurs. I lys av klimautfordringa er ikkje dette ei solnedgangsnæring, det er ei framtidsnæring. Utfordringa er å få til ei bru til framtida, seier Rørå.

– På lang sikt er eg svært optimistisk. Noreg har råvarer, rimeleg energi, ekspertise og kompetent arbeidskraft. Men på kort sikt er eg svært bekymra.

For tida famlar både regjeringa og opposisjonspartia rundt i dei slunkne verktykassane sine etter reiskapar som kan berge det som er att av norsk treforedlingsindustri. Somme snakkar om å pumpe delar av oljefondet inn i næringa. Og industri og skogeigarar tryglar om meir forskingsmidlar og betre rammevilkår: Betre transportløysingar, løyve til å køyre større tømmerlass for å få ned transportkostnadene.

– Det er positivt at politikarane viser vilje til å gjere noko, det ser vi både i Ap og Høgre, seier Rørå.

– Men å flikke på rammevilkåra og gje støtte til den eksisterande papirindustrien – er ikkje det å bere havre til ein daud hest?

– Nei, det trur eg ikkje. Den industrien vi har att, trengst i ein overgangsfase sjølv om vi skal utvikle heilt ny industri, meiner Rørå.

Magre renter

Som nemnt innleiingsvis: For den norske bonden var skogen tradisjonelt for ein sparekonto å rekne. Og i etterkrigstida vart det gjort enorme innskot i form av granplanting. Med statlege tilskot var dette ein slags nasjonal dugnad: Å plante skog var ein måte å byggje landet på. Kring 1950 vart det planta 100 millionar nye tre i Noreg. Og dugnaden er ikkje over:  I fjor vart det sett ut 26 millionar treplanter.

Debatten om kor vidt grana høyrer heime på Vestlandet og i Nord-Noreg, og kva granfelta gjer med det biologiske mangfaldet, skal vi ikkje ta her. Men om vi berre vurderer plantinga ut frå føremålet sitt: Med dagens krise for skogbruket, og med ei avverking som ikkje er i nærleiken av tilveksten, kor vellukka var eigentleg denne storsatsinga på granplanting?

– Ho var vellukka om vi tenkjer på ressursane som står i den norske skogen i dag, seier Bjørn Håvard Evjen ved Norsk institutt for skog og landskap.

– Det er ressursar som kan brukast til energi, byggemateriale, papir og kjemikal. Vi har ein enormt sterk skog i Noreg. Og skogplantinga har ført til ei betydeleg binding av CO2. Tre bind først CO2 for alvor frå dei er kring tjue år gamle.

– Å plante skog var sett på som å setje pengar i banken. Men det ville gjeve mykje betre avkastning å setje pengane i ein vanleg bank?

– Om du ser kostnaden ved plantinga opp mot tømmerprisen i dag, stemmer det. Men da tømmerprisane gjekk til himmels på 50-talet, verka det opplagt fornuftig. Dei prisane har svinga mykje gjennom åra, og dei vil gjere det i framtida òg, seier Evjen.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake