Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Restar av ein heim

Av Margunn Vikingstad
,  22.04.13


Forestillinger om et hjem er ein språkleg sikker, formsterk og innsiktsfull debutroman om korleis ein kan gjennomleve ei stor sorg.

ROMAN
Linn Rottem:
Forestillinger om et hjem
Oktober 2013

Det er kjekt med debutantar, ikkje minst når ein debutant skriv så godt som Linn Rottem. Ein fin tittel har ho òg gitt romanen. Den legg seg tematisk passande rundt og byggjer opp under den kanskje største kvaliteten ved denne debuten: det formsterke grepet i historia om Hallvard, Sara og Agnes.

Fiffige stilbrot
Da forlagsredaktør Sara får ein alvorleg hjerneskade etter ei bilulukke, insisterer ektemann og skodespelar Hallvard på at ho skal pleiast heime. Halvt levande, halvt død kjem Sara tilbake til ein heim der bitane ikkje leng­er er på plass. Det merkar særleg den femten år gamle dottera deira Agnes.

Portrettet av Agnes, som føler at ho er fødd med så mykje trykk inni seg, og som går med kravfulle stemmer frå mora inne i hovudet, er noko av det verkeleg gode i denne romanen. I skildringa av eit ungt menneske i kast mellom sinne, sorg og verdigheit skriv forfattaren kroppsleg, sanseleg og bildesterkt.

Men altså, det særskilt gode og det som strekar under dei litterære kvalitetane i romanen, er korleis forfattaren, fiffig og uanstrengt, brukar dramatikk som kunstform: konkret, som eit tematisk ekko og som stilbrot i teksten. Romanen opnar med ei slags scenetilvising der ei kvinne kledd i ei blå kåpe set seg inn i ein bil. Sjølve historia er organisert i fire akter og vekslar mellom Hallvards og Agnes’ perspektiv, der eg-forteljingane deira blir som monologar. Da Hallvard øver på Ibsens Fruen fra havet fram mot premiere, gir romanen utdrag frå stykket, mens det i dei oppsette dialogane mellom legar og dei pårørande (Hallvard og Agnes) finst tomme replikkar, store dialoghòl.

Dramatisk klang
Ellida i Fruen fra havet lengtar bort, eller tilbake, til det opne, her med Wangels ord om menneska ute ved havet: «Det er nesten som om de levde havets eget liv. Der er bølgegang – og ebbe og flod også – både i deres tenkning og i deres fornemmelser. Og så lar de seg aldri omplante.» Rottem lét utdrag frå Ibsens stykke stå i eigne kapittel («Første leseprøve Fruen fra havet», «Generalprøve Fruen fra havet» og «Premiere Fruen fra havet», «Forestillling nummer tjue Fruen fra havet», «Siste forestilling Fruen fra havet»), og slik trekkjer ho konkrete band mellom stykket og Hallvards og Agnes’ kvardag.

Dette konkrete dempar ein potensiell pompøs og framtvinga tematisk relasjon til Ibsen. Nettopp oppstylta synest eg det til dømes blir i Lars Saabye Christensens roman Modellen (2005), der Vildanden blir brukt for å spegle eit av fleire store spørsmål romanen stiller; kor langt ein er viljug til å strekkje seg for kunsten. (Eit meir komplekst og vellukka spel med den dramatiske forma er Cathrine Knudsens siste roman Jeg kunne vært et menneske (2011), utan at ho nyttar seg av Ibsen.)

Rottem passar i selskap med Knudsen, men ho er kanskje mindre kompleks, men dramatikken som sjanger blir ein klangbotn i prosaen, og der leiken med det dramatiske både viser godt handverk og illustrerer korleis form på ein vellukka måte kan spegle og gi tyngd til tematikken. For til liks med Ellida er det som om Sara «levde havets eget liv». Det gjer ho i notid, som ein levande død blant sine næraste, men romanen gir òg tilbakeblikk og vink om at ho har vilja bort før.

Ei gåte i historia er kor Sara eigentleg var på veg den dagen ho blei påkøyrd. Denne gåta skaper ei verksam uro, ikkje berre knytt til spørsmålet om det er rett å pleie Sara heime og det grufulle både i eit slikt ansvar og i å rive seg laus frå det, men òg til kva forhold Hallvard og Sara eigentleg hadde, og kven den nye heimesituasjonen er meiningsfull for. Slik gir Forestillinger om et hjem eit innsiktsfullt, til tider ubehageleg og jamt over usedvanleg formsterkt bilde av ein familie som prøver å stå oppreist etter eit stort tap.

Margunn Vikingstad er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake