Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Diktaturistane

Av Per Anders Todal
,  19.04.13


Olje- og energiminister Ola Borten Moe smilte på bileta frå besøket sitt i Saudi-Arabia denne veka, han poserte på kamelryggen og mellom sanddynene.

Det var god stemning og mykje å snakke med oljeminister Ali Ibrahim al Naimi om. «En spennende del av et samarbeid jeg håper vil vare», sa Moe. Store oljeland har sams interesser. Menneskerettar skal visstnok ha blitt nemnde under besøket.

Det er uklart kva som vart sagt om det emnet. Men det vart neppe tid til å gå i detaljar om dei mange offentlege halshoggingane i Saudi-Arabia eller om rettstrygg­leik: I fjor vart til dømes ein saudisk mann halshogd for å ha drive med trolldom. Det vart neppe tid til å snakke mykje om den massive kvinneundertrykkinga eller dei tusenvis av politiske fangane, heller.

Besøka i det brutale diktaturet Saudi-Arabia liknar ei pilegrimsreise for norske oljeministrar. I tur og orden stiller dei smilande opp mellom sanddynene i pragmatismens namn. Også utanriksminister Espen Barth Eide er pragmatisk. I januar skamroste han Ilham Alijev, diktator i oljelandet Aserbajdsjan, der Statoil er ein storinvestor, der opposisjonelle og journalistar stadig blir fengsla og mishandla: «Det er en meget visjonær og intelligent leder. Det at han sitter en stund, gjør at han kan tenke langsiktig», sa Eide om Alijev. «Det at han sitter en stund» – ja, Alijev sit faktisk ved makta så lenge han vil.

I gamle dagar reiste Berge Furre, Berit Ås og andre SV-leiarar på ein del studieturar til land som DDR og Romania. Dei fekk presentert glansbilete av Austblokka og trudde i alle fall på delar av biletet. Dei lét seg bruke av vertane, og for dette har dei fått mykje kjeft, ikkje heilt ufortent.

Men når Moe smiler frå kamelryggen i ørkenen og får ei kaffikanne i gåve av kollegaen sin – er det prinsipielt ulikt oppvartinga av vestlege sosialistar på tur mellom potemkinkulissane i Austblokka? Og har ikkje den norske statens samspel med diktatura i dag langt større konsekvensar enn sosialistturismen i gamle dagar?

Berge Furre har sjølv vedgått at han var naiv på reisene sine i Austblokka. Det er ingen grunn til å mistenkje Ola Borten Moe eller Espen Barth Eide for å vere naive. Det er det som er problemet: Dei veit kva dei gjer.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake