Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Staten går føre med eit dårleg eksempel

Av Vidar Ystad
,  19.04.13


Regjeringa har brote lovnadene om å få ned bruken av mellombelse stillingar i offentleg verksemd. No slår fagrørsla alarm.

ARVEIDSLIV

I februar sende dei fire hovud­samanslutningane i staten, LO, UNIO, YS og Akademikerne, eit felles brev til helseminister Jonas Gahr Støre, fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud og kunnskapsminister Kristin Halvorsen der dei kravde omgåande tiltak for å redusere bruken av mellombelse stillingar.

Dei slo alarm om at spesielt sjukehusa og universitetssektoren har to til tre gonger så høg prosentdel mellombels tilsette som arbeidslivet elles. Organisasjonane har enno ikkje fått noko svar.

Organisasjonane uttalar no til Dag og Tid at dei vil gjere denne saka til eit viktig tema i valkampen.

Konfronterer regjeringa
– Vi vil utfordre partia. Og det er heilt klart at dei raud-grøne partia ikkje har gjort jobben sin, seier UNIO-leiar Anders Folkestad til Dag og Tid.

Det viser seg at om lag halvparten av legane i norske sjukehus er mellombels tilsette og at over 90 prosent av legane som er under spesialisering, er mellombels tilsette. Organisasjonane peika vidare på at helseføretaka i stor stil tilset forskarar i mellombelse stillingar.

Samstundes konfronterer dei regjeringa med lovnadene i regjeringsplattforma frå 2009 der det mellom anna heiter at regjeringa vil «arbeide videre for å sikre at fast ansettelse er hovedregelen og avgrense midlertidige ansettelser».

Bruk av mellombels tilsetjing har også vore eit heftig tema i diskusjonane mellom regjeringspartia og opposisjonen om vegen inn i arbeidslivet. Opposisjonspartia har ivra for bruk av mellombels tilsetjing og hevda at det gjer vegen inn i arbeidslivet lettare for dei som står utanfor. Regjeringspartia har mot det hevda at det ofte er snakk om misbruk og utnytting av arbeidstakarar.

«Ukultur»
– Temaet mellombelse stillingar i offentleg sektor har vore litt av eit gnagsår. Vi har teke det opp gong etter gong, særleg når det gjeld universitets- og helsesektoren. Dei raudgrøne ser problemet, men har i liten grad evna å gjere noko med det. Ekstra ille er det at her går staten føre med eit dårleg eksempel, seier Anders Folkestad.

Folkestad meiner det er etablert ein kultur eller «ukultur» i universitetssektoren der ein har eit overordna ynske om «fleksibilitet».

– Dei jaktar på smotthol for å unngå å binde utgiftene gjennom faste stillingar, seier Folkestad.

Han meiner ein praktiserer tvilsam jus der ein under dekke av omsyn til problem med rekruttering og likestilling får som resultat at folk opp i førtiåra arbeider i eit prestasjonsbasert system. Utsiktene til opprykk og fast jobb er avhengige av arbeid ut over normal arbeidstid.

– Mellombels tilsette skaper usikre vilkår for den einskilde, og det kjennest ikkje bra. Tilsetjingane blir forvalta på institusjonsplan. Staten som styrings­organ har drege seg tilbake og lèt det skje, seier Folkestad.

Trugsmål om sanksjonar
Johan Torgersen, som er leiar i Yngre legers foreining, meiner omfanget av mellombels tilsetjing er negativt både for arbeidstakaren og for institusjonen.

– Det er lett å sjå ulempene for arbeidstakaren som etter kanskje åtte år i jobben brått får vite at no er det ikkje arbeid for deg her lenger. For institusjonen er det også negativt. Sjukehusa, som døme, er tunge kompetanseinstitusjonar. Legane er viktige premissleverandørar, og det er viktig at dei har identifikasjon og eigarskap til arbeidsplassen. Det er lett å sjå for seg at mellombels tilsetjing svekkjer denne tilknytinga til arbeidsplassen. Det er også ein annan viktig faktor: Mellombels tilsetjing fører lett til at arbeidstakaren ikkje blir så kritisk til tilhøve ved og på arbeidsplassen som han bør vere. Over heng eit trugsmål om sanksjonar og/eller å bli forbigått dersom du har vore kritisk og fritalande. Som tillitsvalde får vi ofte høyre om slike tilhøve og episodar. Dette står i kontrast til utsegnene om ynske om ein open kultur i føretaka, seier Torgersen.

LO stat: -Misbruk
– Vi ventar no at statsrådane fylgjer opp. Vi veit at det alltid vil vere eit visst behov for mellombels tilsette, men det skal ikkje vere misbruk av regelverket. Med dei store skilnadene vi ser på dette feltet i dag, er det heilt klart at det skjer misbruk. Det skjer anten av di ein tolkar tenestemannslova feil eller av di ein bryt lova med overlegg, seier Tone Rønoldtangen, leiar i LO stat.

Ho ser mange negative konsekvensar av mellombels tilsetjing. Det er nesten umogeleg å få lån, til dømes til kjøp av bustad. Sjølvsagt har ein også svakare oppseiingsvern. Ho er også samd i faren for at den mellombels tilsette ikkje vågar å seie ifrå om kritikkverdige tilhøve i otte for å møte negative sanksjonar og i verste fall misse jobben,

– Det er svært uheldig at slikt kan skje ved sjukehus. Som pasient vil eg at legen skal ha fokus på meg som pasient, ikkje på eigen situasjon. Eg må ærleg tala tilstå at eg vart overraska då vi arbeidde med brevet til statsrådane og vart klare over den alarmerande situasjonen med den høge prosenten mellombelse legestillingar ved sjukehusa, seier Rønoldtangen.

Stortingsrepresentant Laila Dåvøy (KrF) reiste spørsmål til arbeidsminister Anniken Huitfeldt i desember i fjor om bruken av mellombels tilsette i offentleg sektor.

Svaret viste at prosenten mellombels tilsette ved universitet og høgskular var den same i 2012 som i 2005: 21,9 mot 21,8. Då er rekrutteringsstillingar haldne utanom.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake