Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kinesisk er ikkje for folk flest

Av Therese Sollien
,  19.04.13


Politikarar seier at vi må satsa på kinesisk i språkopplæringa på vidaregåande skule. Det er ein myte som må stoggast innan vi øydslar vekk dei få åra ungdomane har på å læra seg noko nyttig.

I førre veke sa Erik Solheim at «tiden hvor alle lærer fransk og tysk, er over. Vi trenger folk som kan kinesisk, spansk, arabisk og hindi. Hvis du skal være en suksessrik forretningsmann, er det bare et tidsspørsmål før du må kunne kinesisk. Australia har tatt konsekvensen av dette og vedtatt at alle ungdommer skal lære et asiatisk språk i tillegg til engelsk.»

Det er brei politisk semje om at kinesisk er framtida. Høgre har tidlegare teke til orde for å «legge forholdene til rette for at prosjektet for et kinesisk språkcluster etableres i Rogaland. Dette er et nasjonalt prøveprosjekt hvor elever i ungdomsskolen og på videregående får muligheten til å ta kinesisk som 2. fremmedspråk, på linje med tysk og fransk.»

Tilgje Solheim og Høgre, for dei veit ikkje kva dei seier. Men det veit eg, og no skal dei få høyra: At ungdomane på vidaregåande skule i Noreg skal læra seg kinesisk, er ein toskete idé.

Kanskje burde vi parkera desse gamle og keisame språka fransk og tysk og heller leggja om til kinesiskopplæring i vidaregåande skule? Kinesisk er framtida. Kvifor stogga der? Kanskje skulle ein i same slengen eliminera vanleg fysikk frå vidaregåandeopplæringa og heller satsa på teoretisk astrofysikk? Kvifor kasta bort tida på tradisjonell matematikk når vi heller kan nytta henne på multivariabelanalyse?

Fransk og tysk
Ein kunne vona at makteliten i landet gadd setja seg inn i kva forskinga har å seia før dei gjev ungdomane eit reip å hengja seg i, men det er nok for mykje å be om. Eg undrar på kor mykje av språklæringa frå gymnastida Solheim hugsar. Nokre av oss hugsar dei franske nasaleringane «un bon vin blanc», andre hugsar «an, auf, hinter, in, neben, über, unter, vor, zwischen». Om du syntest det var eit slit å læra det der, kan du spørja deg korleis det hadde vore å pugga 40.000 kinesiske teikn i staden.

Då eg sjølv gjekk på vidaregåande, lærde eg spansk og fransk. Fransk hadde eg fem timar i veka, og takka vere det valet kan eg framleis nytta fransk i forskinga mi utan at eg har gjort eit arbeidsslag for å halda fransken ved like. Så enkelt er fransk for ein nordmann. Vi har så mange kognatar, altså ord som er i slekt og difor liknar kvarandre, at ein ofte kan gissa seg fram til tydinga sjølv om ein ikkje har sett dei franske orda før om ein meistrar grunnreglane i språket. Slik er det ikkje med kinesisk, og ikkje er det slik med arabisk heller. Kvifor ikkje?

Militær disiplin
Det amerikanske forsvarsdepartementet tilbyd truleg den mest effektive språkopplæringa ein kan tenkja seg. Den går føre seg 24 timar i døgeret, 7 dagar i veka, og studentane får ikkje lov til så mykje som å drøyma på eit anna språk enn det dei driv på og studerer. Dei er aldri fleire enn ti studentar per klasse, og dei står opp klokka 05.30 om morgonen. Det liknar ikkje mykje på korleis ein lærer språk på vidaregåande, men røynslene deira er relevante for oss. Dei seier noko om kor lang tid det tek å læra eit framandspråk.

Forsvarsdepartementet deler opp språka dei underviser i, i fire kategoriar. Utrekningane er baserte på kor mange veker dei reknar med at ein treng for å kunna halda ein kvardagsleg samtale. Spansk og fransk vert rekna som kategori I, som tyder at dei treng 26 veker med opplæring for å nå eit slikt nivå. Tysk er kategori II. Der treng dei 35 veker for å nå det same nivået; det er mellom anna dei hersens kasusa som gjer det så vanskeleg. Russisk er kategori III sjølv om det høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien, mellom anna av di dei har seks kasus og skriv med kyrilliske bokstavar, noko som gjer at det går saktare å venja seg til å lesa og skriva. Som konsekvens må dei nytta 48 veker for å få til det same som dei gjer på 26 veker med fransk.

Dei verste språka hamnar i kategori IV: koreansk, japansk, arabisk og kinesisk. Der treng dei heile 64 veker med intensivtrening for å læra seg det ein lærer på 26 veker med fransk, altså å kunna halda ein kvardagsleg samtale. Og tillat meg å minna om at desse vekene ikkje liknar ei veke på vidaregåande, dei held ikkje på med noko anna mellom slaga, det er heile dagen, kvar dag, kvar time, utan avbrot. Dei har ikkje noka russetid der.

Kognatar
Kvifor er det så vanskeleg å læra kinesisk? Det fyrste problemet er at kinesisk høyrer heime i ein annan språkfamilie enn vår. Mellom anna norsk, fransk, tysk, engelsk, russisk, sanskrit og urdu høyrer heime i den indoeuropeiske språkfamilien og kan sporast attende til dei same røtene, truleg eit protospråk frå Anatolia, skal ein tru nyare forsking. Sidan desse språka er i slekt med kvarandre, har orda vi nyttar ofte mykje sams. For å bruka eit enkelt døme: ordet president på norsk, som vi kan spora attende til latin, heiter president på engelsk, président på fransk, presidente på spansk og ???????´?? (president) på russisk. På kinesisk, som ikkje er eit indoeuropeisk språk, heiter det zongtong. Skal vi skriva det på kinesisk, vert det ??.

Sidan kinesisk er frå den sino-tibetanske språkfamilien og ikkje den indoeuropeiske, tyder det at vi ikkje har nokon slike felles ord. Difor kan ein aldri gissa seg til kva eit ord tyder om ein ikkje har pugga det, slik ein til dømes kan på fransk. Ein får ikkje noko gratis.

Skriftspråk
Russisk er vanskelegare å læra enn fransk av di dei nyttar det kyrilliske alfabetet i staden for det latinske, slik vi gjer. Difor treng vi meir tid for å venja oss til å lesa og skriva i ein akseptabel snøggleik samanlikna med når vi lærer eit språk som nyttar eit latinsk alfabet. Likevel går det temmeleg snøgt, for når ein fyrst har lært det kyrilliske alfabetet, kan ein lesa kvart eit ord som finst på språket. Slik er det ikkje med kinesisk. Der nyttar dei ikkje noko alfabet i det heile.

Eit kinesisk teikn er samansett typisk av to element. Det eine er det som vert kalla radikalen, som har med tydinga å gjera. Til dømes har orda «dusj», «elv» og «våt» alle «vatn» som radikal. Den andre delen av teiknet har med uttalen å gjera og rimar som oftast på det resterande elementet av teiknet som er nytta. Har ein lært kinesisk slik eit barn lærer det, det vil seia gjennom øyro, er det stor hjelp i dette, av di sjansane er gode for at ein har høyrt ordet før ein ser det på trykk. Har ein lært det gjennom augo, slik ein gjer med framandspråk, er saka ei anna. Har ein ikkje pugga ordet før, forstår ein ikkje kva for ord det er, utan ordbok. Kor mange teikn finst det, då? Overslaga varierer mellom 40.000 og 80.000. For å lesa sporten i ei avis treng ein om lag 5000 teikn.

Tonar
Kinesisk er eit tonespråk, og det er artig nok norsk òg. På norsk skil vi i dei fleste dialektar tonalt mellom bønder og bønner, men på kinesisk er tonane avgjerande for tydinga i kvar einskild staving, og dei opererer med fire tonar i tillegg til ein nøytral ein. Det er ikkje særskilt vanskeleg å uttala skilnaden mellom ma, má, ma, mà og ma, som alle er ulike ord på kinesisk, men når ein skal seia kvar einskild staving korrekt i ei heil setning, ikkje minst i fleire setningar på rad, går det gjerne gale om ein ikkje øver seg lenge. Helst i 64 veker uavbrote, skal ein tru det amerikanske forsvaret.

I Sandnes kommune skulle ungdomsskuleelevane få læra kinesisk frå hausten av, men planane vart skrinlagde av di det ikkje var nok interesserte. Det er ikkje lett å vita om ein skal le eller grina når ungdomsskule­elevar har betre gangsyn enn tonedauve politikarar når det gjeld kva som løner seg å nytta ungdomsskuletida på, men framtidsvon gjev det meg i alle høve. Hald fram slik, elevar. Ikkje høyr på politikarane, dei veit ikkje kva dei seier for noko. Nyttar du tida di på å læra fransk, kjem du til å kunne tala og lesa greitt etter nokre få år. Lærer du kinesisk i staden, skal du vera glad om du kan tinga steikt ris på kinesisk restaurant. De av dykk med særskilt øyra for språk, finn nok vegen til Niels Treschows hus på Blindern same kva.

Therese Sollien er ph.d.-student i internasjonale relasjonar ved Florida International University og har mastergrad i kinesisk frå Universitetet i Oslo.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake