Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Når eit symbolbygg brenn

Av Ronny Spaans
,  19.04.13


Det blir meir og meir vanleg at øydelagde symbolbygg blir atterreiste. Men i Porsgrunn tviheld ein på nybygg i moderne stil – endå om innbyggjarane krev atterreising.

BYGGJESKIKK
«Det er ikkje til ære for kongar og prelatar / dei har bygt uppatt byen stein på stein, / men for alle dei ukjende hendene som træla / under dei, og likevel fann glede i å skapa», skriv Olav H. Hauge i diktet «Stare Miasto». Stare Miasto tyder «Gamlebyen», og diktet viser til Warszawa sentrum som vart rekonstruert etter krigen.

Hauge peikar på eit viktig moment ved atterreisinga: Polakkane insisterte på å byggje kulturminna opp att fordi det i augo deira tydde ei tilinkjesgjering av krenkjingane åt Hitler.

Samtidig viser Hauge oss kva som er skilnaden mellom eit vanleg bygg og symbolbygg. Om så byggherrane, «kongar og prelatar», var folkeundetrykkjarar, fann polakkane «glede» i å atterreise byggverka deira. Betre forklåring på ordet symbolbygg finst ikkje.

Norske symbolbygg har vore herja av brannar i det siste. No i april braut det ut brann i Bergen sentrum. Den gamle Latinskulen og St. Jørgen hospital – meir kjend som Lepramuseet – fekk store vasskadar under sløkkjingsarbeidet. I mars braut det ut brann i «Havbukta» i Søgne, bustaden til diktaren Vilhelm Krag.

– Dersom det ikkje er mogeleg å berge konstruksjonen, kan det vera aktuelt å krevja atterreising som ein nøyaktig kopi, uttala Frans-Arne Stylegard, fylkeskonservator i Vest-Agder om «Havbukta».

Den fyrste reaksjonen hans var den same som hos polakkane: ein spontan vilje til vern av ein folkekjær bygning som på ein valdeleg måte var riven frå ein.

– «Havbukta» er umisseleg for oss, det er eit symbolbygg for heile Sørlandet, men når det gjeld tilstanden til bygningen, er det eit grensetilfelle; her er det tale om restauring og ikkje atterreising, fortel han til Dag og Tid.

Same haldninga råder ikkje i Porsgrunn. No i april er det to år sidan at Østre Porsgrunn kyrkje frå 1760 brann ned. Kyrkja var ein kjend profil i bybiletet, var ei av dei få rokokkokyrkjene i Noreg frå denne perioden og ei av Noregs største trekyrkjer. 70 prosent av innbyggjarane i Porsgrunn vil ha atterreising av den gamle kyrkja. Det kyrkjelege fellesrådet i byen vil derimot ha nybygg.

Faro-konvensjonen
Kva retningsliner gjeld når eit øydelagt symbolbygg skal restaurerast eller atterreisast? Debatten om kopi eller modernistisk stil­uttrykk var framme for eit par år sidan då striden stod om tilbygget til Union hotell i Øye. Venezia-charteret kravde at tilbygget skulle vera i «vår tids stil». Etter mange ordskifte og medieoppslag trekte riksantikvar Jørn Holme motsegna mot å reise tilbygg i klassisk stil. Han kalla samtidig Venezia-charteret eit «historisk dokument», altså eit dokument ein i dag ikkje treng å rette seg etter.

Saka steller seg annleis med Østre Porsgrunn kyrkje.

– Her er det tale om atterreising av eit tapt kulturminne. Slike saker blir vurderte ulikt frå gong til gong, seier Terje Nypan, seniorrådgjevar hos Riksantikvaren.

Av dei internasjonale traktatane som kan påverke avgjerder om atterreising av kyrkja, dreg Nypan fram Faro-konvensjonen, utarbeidd av Europa­rådet. Regjeringa slutta seg til avtalen i 2008. Konvensjon er nyskapande i høve til dei eldre Europaråds-konvensjonane, ved at fokus er flytt frå dei fysiske kulturminna til dei menneska vi skal ta vare på kulturminna for.

– Avtalen legg til rettes for at styremaktene i større grad skal ta omsyn til interessegrupper, og opnar opp for demokratisk deltaking.

Kulturminne?
Vil Østre Porsgrunn kyrkje kunne byggjast opp att på basis av denne konvensjonen? Det er avhengig av symbolverdien åt bygget.

«Østre Porsgrunn har ikkje same status som Holmenkollen kapell, som var og er eit symbolbygg for heile Noreg, eit nasjonalt ikon», uttala tidlegare biskop i Agder og Telemark Olav Skjevesland, i 2011. Etter Holmenkollen kapell i Oslo brann, skulle eit ny­­bygg reisast, men etter sterkt folkeleg engasjement vart kyrkjebygget rekonstruert.

Men ikkje alle er samde med Skjevesland. «Tapet av Østre Porsgrunn kirke er blant de største av enkeltstående kulturminner i de senere år», står det å lesa i eit brev frå Riksantikvaren til Telemark fylkeskommune i vinter.

– Reint faktisk høyrde Østre Porsgrunn kyrkje til fredingsklassen, legg Ulf Holmene til, fag­direktør ved Riksantikvaren, og held fram:

– Men i Noreg er det med få unnatak berre kyrkjer frå før 1650 som er freda etter kulturminnelova. Difor var bygget ikkje freda, men listeført som verneverdig.

Freda eller listeførd
Dersom kyrkja var freda og dermed hadde falle inn under kulturminnelova, ville Riksantikvaren hatt fullmakt til å krevja gjenoppføring. Kyrkjer som er listeførde, fell inn under kyrkjelova og plan- og bygningslova. I slike tilfelle kan Riksantikvaren gje råd og leggje føringar på byggherren, som i dette tilfellet er kyrkja og kommunen.

Den nye biskopen, Stein Reinertsen, innsett for to månader sidan, har altså eit viktig ord i saka. Han har enno ikkje gjort seg opp ei meining:

– Fyrst må saka koma på bordet mitt. Alle synspunkt skal bli høyrde i ein ryddig prosess, seier han.

Ideologisk kamp
Terje Nypan vektlegg at dette handlar om meir enn kyrkja og folkemeininga i Porsgrunn:

– I slike saker handlar det òg om kva arkitekturideologi og retningsliner som råder i tida. Nokre arkitektar fremjar ein tradisjonsinspirert stil, andre praktiserer modernisme. I diskusjonen om stilart blir det ofte vist til Venezia-charteret, som etter meininga til mange arkitektar krev modernisme ved nybyggjing. Den modernistisk inspirerte stilsmaken har hatt størst definisjonsmakt i Noreg. Men innhaldet i andre internasjonale konvensjonar kan brukast til å forsvara rekonstruksjon.

Ulf Holmene peikar òg på ideo­logiske føringar i slike spørsmål:

– Ideologisk og teoretisk har ein unngått atterreising fordi det ikkje stetta eit krav til autentisitet, men i praksis har likevel atterreising vorte fylgd som prinsipp. Det er mykje meir vanleg enn vi trur. Eit stort tal bygningar har vorte bygde opp att etter den andre verdskrigen. Eit anna døme er brua Mostar som vart reist opp att etter Balkan-krigen. Mange trur i tillegg at slotta i Tyskland og Mellom-Europa er autentiske, men det er dei ikkje: Dei aller fleste er atterreiste i moderne tid.

Holmene kan òg stadfeste at det har skjedd ei mentalitetsendring i det siste:

– I dag interesserer vi oss ikkje berre for dei einskilde kulturminna, men for korleis dei fungerer i eit kultur- og bymiljø. Det handlar om kommunikasjonen mellom bygningane og innbyggjarane i ein by og forteljingane i byrommet. No talar vi like mykje om byreparasjonar som reparasjonar av ein bygning.

Folkerøysting
På lokalt plan i Porsgrunn gjeld andre prioriteringar. Planutvalet, som det kyrkjelege fellesrådet har sett saman, meiner funksjonelle løysingar ved nybygget er viktigast for korleis bygget skal sjå ut. Mellom anna krev eit moderne kyrkjebygg ikkje-sakrale rom. Utvalet vil difor byggje ei større kyrkje og er av­­heng­ig av ei ekstraløyving på 40 millionar kroner frå kommunen. Neste steg i prosessen er utlysing av ein arkitektkonkurranse.

Engasjementet i Porsgrunn er stort. Både Porsgrunns Dagblad og Telemarksavisa har teke standpunkt for atterreising. Tilhengjarar for atterreising har skipa ein komité for gjenoppføring av Østre Porsgrunn kyrkje.

– Det viktigaste no er å få utgreiing av eit alternativ som vi kan presentere for kommunestyret. Utkast til ei atterreist kyrkje meiner vi blir billegare enn seremonibygningen som planutvalet vil byggje, seier Knut Kallhovde, leiar for komiteen.

– Dersom avgjersla blir gjord av ein konkurransejury og ikkje i lokalsamfunnet med brei deltaking, som gjennom ei folkerøysting, veit vi kva utfallet blir, seier han til slutt.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake