Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kritikarens død

Av Margunn Vikingstad
,  12.04.13


Kritikaren har per definisjon ei rolle som er vanskeleg å gå til åtak på. Men Erlend Loe prøver å snu på flisa i ein ny roman.

ROMAN
Erlend Loe:
Vareopptelling
Cappelen Damm 2013

Då Erlend Loes ferske roman­figur, den aldrande Nina Faber, endeleg kjem med ei ny diktsamling og kritikaren i Universitas svingar øksa, går låg sjølvkjensle og aggresjon opp i ein høgare einskap og blir til ei ganske ustyrleg forakt. For kritikaren har skjøna lite, og i ein inkvisitorisk lyrikktest Faber etter kvart utset Universitas-kritikaren for, viser det seg at han verken kan sin Edith Södergran, Olav H. Hauge eller Paul Celan, og han trur til og med at Jon Eikemo er lyrikar (for kritikaren er sikker på at han har høyrt Eikemo lese dikt ein gong).

Naivistisk kritikk?
I fin veksling mellom opprør og ei kjensle av eit stort ubehag i kulturen skildrar Erlend Loe eit menneske som føler at alt ikkje er som det burde vere, verken med henne eller verda rundt. Altså ein ganske klassisk Loe-figur. Som Marta Norheim påpeikar i Røff guide til samtidslitteraturen (2007), har forfattarskapen til Loe blitt gradvis mørkare (lesinga hennar stoppar med Doppler og Volvo lastvagner). Muelum frå 2007 er med på å underbyggje den påstanden, og det gjer òg boka frå i år.

Bøkene til Loe held seg oftast milevis borte frå realismens rammer. Det gjer Vareopptelling òg, ved til dømes å la ei diktsamling av ein fallert lyrikar få massiv dekning på utgivingsdatoen. Likevel kan ein få ei kjensle av at den karakteristiske desperasjon hos romanfigurane hans og den implisitte samfunns- og kulturkritikken har blitt meir akutt og kanskje endå meir samanfallande med ståstaden til forfattaren sjølv.

At romanfiguren Nina Faber meiner det ikkje berre er problematisk at nokon vel å vere litteraturkritikar, men òg synest det er direkte ynkeleg, er eit standpunkt det kan bli både morosam og interessant litteratur ut av. I åtte etappar i løpet av ein dag, på sjølve utgivingsdagen for diktsamlinga Bosporos, blir denne forakta skildra. Det problematiske med denne loeske kritikken av kritikken, er, litt enkelt sagt, at dersom eg mislikar Erlend Loes nye roman, blir eg endå eit døme på ein arrogant kritikar som tolkar i verste meining og som slik sårar forfattaren. Likevel klarer Loe å skape ein romanfigur som, slik eg les henne, ytrar ei noko karikert forakt for kritikarar. Slik blir ho òg ein harselas over forfattaren som så inderleg ønskjer å skine, og like mykje ei vandrande, og posisjonerande, kruttønne som dei kritikarane ho stemplar som nettopp det.

Meir motbør
Eg skjønar godt at kritikk kan vere ei sår sak, og ærendet til Loe der han sjølv i Bokprogrammet til NRK seier at «Det er en ganske syk virksomhet at noen lever av å kommentere andres åndsarbeid – som mange har brukt årevis på», er nok meir å vilje illustrere og diskutere kvalitet på og etiske implikasjonar ved kritikk enn å diagnostisere kritikarane. For Nina blir dei dårlege kritikkane berre dropen, for det har skurra lenge i livet hennar. Så er då romanen òg på sitt beste når han skildrar den generelle, eksistensielle desperasjonen hennar, utan at Loe er like morosam som han kan vere.

Om det skal vere vits i kritikken, bør kritikaren konsekvent vere like skarp, eller aller helst skarpare enn opphavspersonen til åndsverket, seier Loe i intervju til NRK i kjølvatnet av det nemnde Bokprogrammet. Kritikaren bør i det minste vere nokså skarp, og kritikk som er dårleg tenkt og dårleg skriven, får framleis lite motbør. Om Erlend Loes Vareopptelling kan vere med på å snu på den flisa, er det strålande.

Margunn Vikingstad er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake