Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Opprop for Falkberget-senter

Av Ottar Fyllingsnes
,  12.04.13


– Raskast mogleg må det reisast eit Falkberget-hus på Røros.

FALKBERGET

Det meiner ei rekkje framståande personar i norsk kulturliv. Tretti personar har stilt seg bak ein underskrifts­aksjon med tanke på å få etablert eit slikt Falkberget-senter.

– Så langt er det samla inn over to tusen underskrifter, men målet er det tredoble, fortel Sturle Kojen. Han er utflytta rørosing og har vore busett i hovudstaden i mange år. For nokre år sidan gav han ut ein biografi om Johan Falkberget.

Kojen fortel at underskriftsaksjonen vart sett i gang for om lag ein månad sidan, og at det er samla inn over to tusen underskrifter så langt, men at målet er å få inn minst det tredoble.

Satsar på 2017
I oppropet vert det bede om at Kulturdepartementet og Sør-Trøndelag fylkeskommune må samarbeida med Røros kommune om å reisa eit Falkberget-senter eller akademi på Røros.

– I april 2017 er det femti år sidan Johan Falkberget døydde. Det hadde vore passande dato for innviing av ein slik bygning, heiter det.

Initiativtakarane viser til at det overalt i Bergstaden er spor etter Johan Falkberget.

– Me ser det i Røros kyrkje, i hotell, gruveanlegg, gater og vegar, flyplass og jernbane. Utan Falkberget ville ikkje Noreg og verda hatt Røros som unikt verdsarvsenter. Dei meir enn femti bøkene hans fekk stor utbreiing og er omsette og lesne langt utanfor Europa. Samfunnsengasjementet var vidfemnande. Han var politikaren og medmennesket som ueigennyttig kjempa for dei arbeidslause og svake og som gav bort det han tente.

– Tida er fullmogen til å reisa eit bygg som kan ta vare på skattane som er bortgøymde i ulike arkiv, slik som brevskatten, boksamlingar, presseklipp, Falkberget-Ringens-arkiv, pluss det som finst av kreativ vidareutvikling av Johan Falkbergets forfattarskap.

I oppropet vert det vist til at i fotspora til Falkberget gror ein rik og mangesidig kultur innanfor filmskaping, teater, opera, musikk, biletkunst og skulptur.

– Årleg vert det halde ei rekkje Falkberget-seminar, og det kjem stadig nye bøker om han. Ikkje nokon norsk skjønnlitterær forfattar har vorte dramatisert til så mange ulike scener som Falkberget. Det gjeld både teater, film, revy, opera og musikalar, påpeikar dei.

Nasjonal oppgåve
Når folk kjem til Røros av di dei har lese Falkberget, og er interesserte i Bergstaden ut frå det dei har lese, møter dei ikkje stort meir enn ein statue av forfattaren ved jernbanestasjonen og ein annan statue oppe ved eit av hotella.

– Spør folk etter eit Falkberget-museum, vert dei viste til Ratvolden, Falkbergets gamle gard, men han ligg eit par mil nordafor Røros. Og han er vanskeleg tilgjengeleg i minst sju av dei tolv månadene i året. På sjølve Røros har ein ingenting, men me kunne tenkja oss eit akademi for forsking og vidareutvikling av kulturarven etter forfattaren og samfunnsmennesket Johan Falkberget. Helst ser me for oss ein ny og moderne bygning i Røros sentrum, der tilreisande kan møta Falkbergets verd på heilt anna og meir levande vis.

– Og då kan ein samanlikna med Bjørnsons Aulestad, Undsets Bjerkebæk og det nye Garborgsenteret. Dessutan har Røros fått verdsarvstatus, og det er snakk om å byggja eit senter i samanheng med det, seier Sturle Kojen.

Han viser til at Røros kommune ikkje greier å finansiera eit slikt senter, og i oppropet vert det sagt at det må vera ei statleg oppgåve å driva eit Falkberget-senter.

Byste i Oslo
Sturle Kojen fortel at det også vert arbeidd med å få reist eit minnesmerke for Johan Falkberget i Groruddalen i Oslo, der forfattaren budde frå 1910 til 1922.

– Det var der – i Kirkeveien – at han skreiv Bør Børson jr., fortel Sturle Kojen.

Det har stått ei byste av Falkberget i Deichmanske bibliotek i Oslo, og vona er å få til ei nystøyping av den. Bilethoggaren Nils Aas var positiv til dette, og det er samla inn 80.000 kroner til prosjektet, fortel Kojen.

Han vedgår at Johan Falkberget har vorte litt borte frå allmenta dei seinaste åra, men han meiner likevel at det er overraskande stor interesse for Røros-forfattaren. Sjølv har han halde over sytti foredrag om Falkberget etter at han gav ut biografien, og boka er for lengst utseld frå lageret.

Underskriftene
Mellom dei tretti som står bak oppropet om reising av eit Falkberget-senter, er fleire professorar, tidlegare fylkesmann Kåre Gjønnes, operasjef Per Boye Hansen, teatersjef Ellen Horn, komponist Gisle Kverndokk, generalsekretær Per Edgar Kokkvold, forlagssjef Mads Nygaard, operasjef Tom Remlov, komponist Henning Sommerro, teatersjef Erik Ulfsby og Liv Ullmann.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake