Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den plagsame sjølvråderetten

Av Therese Sollien
,  12.04.13


Trass i optimismen i 1990-åra vert ikkje verda noko meir demokratisk, skal vi tru den siste rapporten frå Freedom House.

Vegen til helvete er brulagd med gode intensjonar, vert det sagt. Då FN avgjorde at verdssamfunnet hadde eit ansvar for å verna alle menneske, var det utan tvil med gode intensjonar. Det var likevel eit feilgrep.

I 1992 skreiv Francis Fukuyama boka The End of History and the Last Man. Historia var over, meinte han. Austblokka og kommunismen hadde brote saman, og Fukuyama konkluderte med at no hadde det vorte prova ein gong for alle at det liberale demokratiet var den beste styreforma. Tidsalderen til ideologiane var over, og det liberale demokratiet var endepunktet. Kvifor viser forskinga likevel at verda har vorte mindre demokratisk dei seinaste åra?

Evig fred?
I 1795, to hundre år før Fuku­yama, skreiv Immanuel Kant essayet «Den evige freden» der han kom med tre postulat om korleis evig fred er mogeleg. Den fyrste påstanden var at frie statar kunne danna føderasjon, og då kom samhandlinga mellom dei til å verta lovregulert og fredeleg.

Den andre påstanden var at statar som er republikkar, kom til å verta fredelegare enn einevelde, for ei lovgjevande forsamling ville halda kongen i sjakk og hindra krigar. Den tredje påstanden var at handel mellom landa ville gjera dei avhengige av kvarandre, og difor ville det ikkje løna seg å gå til krig.

Det var ein slik optimisme og tru på framtida som på mange vis kjennemerkte 1990-åra og neoliberalismen som voks fram på den tida. Institusjonar skulle tryggja freden, og det var ikkje få av dei: EU, NATO, WTO, IMF og så bortetter. Viktigast var sjølvsagt FN.

Og sidan dei hadde bestemt seg for ikkje å kriga korkje kaldt eller varmt lenger, vart dei nøydde til å kalla krigane for noko anna: humanitær intervensjon.

Rwanda
FNs Kofi Annan svara kritikarane i 1999, som drog fram sjølvråderetten som ei sentral grunnsetning i diskusjonen om humanitære intervensjonar: «Om humanitære intervensjonar verkeleg er eit uakseptabelt åtak på sjølvråderetten, korleis skal vi då svara på eit Rwanda, eit Srebrenica?» – to konfliktar der han meinte verdssamfunnet hadde svikta.

Clinton ville ikkje inn i Rwanda etter problema dei fredsvarande styrkane hadde råka på i Somalia, og FNs fredsvarande styrkar makta ikkje å verna folket frå Ratko Mladics menn i Jugoslavia.

Seks år seinare fekk Kofi Annan svaret han hadde venta på: FN vedtok at sjølvråderetten, slik vi kjende han frå Westfalen-freden i 1648, var historie: No var sjølvråderetten eit ansvar, ikkje ein rett, same kor sjølvmotseiande det lyder. Det folkerettslege prinsippet som vart vedteke i 2005, vert kalla R2P: Responsibility to Protect.

Prinsippet har tre hovuddelar. Den fyrste er at alle statar har ansvar for å verna befolkninga mot folkemord, brot på menneskerettane og krigsbrotsverk. Det andre er at om staten sjølv ikkje evnar å verna befolkninga, har det internasjonale samfunnet eit ansvar for å hjelpa staten med å verna henne. Det tredje er at om staten sjølv ikkje vernar befolkninga, pliktar det internasjonale samfunnet å handla.

Mindre demokrati
Korleis kan det ha seg at demokratia på verdsbasis likevel minkar for sjuande år på rad? Ifylgje Freedom House har to av dei fem faste medlemene i Tryggingsrådet i FN, Russland og Kina, mykje av skulda. Sjølv om giganten Kina har vorte meir økonomisk liberal dei seinaste åra, har det ikkje vorte det spor meir politisk liberalt. Kina er like ufritt som før, trass i den auka levestandarden. Freedom House reknar Kina som ein av versting­ane, det vil seia like ufritt som Kviterussland, Cuba og Sør-Ossetia. Attvalet av Putin i 2012 vert rekna som «strengt kontrollert». Omskrivinga av lova om landssvik til noko så vagt definert at det femner om kva det skal vera, inkludert vanleg samhandling med utlendingar, gjer i seg sjølv at Russland dreg det demokratiske snittet i Tryggingsrådet kraftig ned.

Dessutan er tidlegare fyrtårn for dei nye demokratia, som Ungarn, Polen, Den tsjekkiske republikken og Slovakia, dominerte av populisme. Eurasia har vorte verdas minst frie subregion. Det amerikanske kontinentet viste ingen teikn til forbetring det seinaste året, medan Ecuador, Surinam og Paraguay har vorte verre.

I Midtausten, då? Tunisia har vorte meir demokratisk, og Egypt og Libya har gått frå å vera ufrie til å vera delvis frie. Syria har derimot vorte dramatisk forverra, og Bahrain, Irak, Jordan, Kuwait, Libanon, Oman og Dei sameinte arabiske emirata har vorte mindre frie enn dei har vore før. Det kan verka som om våren er over og vinteren har kome i staden. Men sirenene syng framleis.

Falsk lovnad
Overnasjonale institusjonar gjev oss ein falsk lovnad om fred, skreiv den amerikanske statsvitaren John Mearsheimer i 1994. Den som trur at Europa har vore fredeleg sidan den andre verdskrigen grunna FN, har kanskje gløymt at USA framleis har 50.000 soldatar stasjonerte i Tyskland, og at atomparaplyen enno er oppslått.

I ein freistnad på å tryggja folka i verda har vi no sagt frå oss sjølvråderetten og gjeve han til ein ikkje-demokratisk institusjon med rett til å drepa dei som ikkje oppfører seg slik vi vil. Klokt er det ikkje. Historia har vakna til live att, og herrane frå Westfalen vrid seg i grava.

Kvifor skulle ein ynskja å overføra stadig meir makt til ein overnasjonal og udemokratisk institusjon? Ikkje eingong Kant ville støtta ei slik utvikling. I ei tid der vår allierte USA er den einaste supermakta i verda, verkar det kanskje som ein god idé å gjera FN så mektig som mogeleg. Men er det noko historia har vist, så er det at slike maktstrukturar kan endra seg raskt. Kjem vi til å tenkja at det var ein like god idé den dagen Kina og Russland er dei som set dagsordenen?

Therese Sollien er doktorgrads­student ved Florida International University.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake