Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Stormakt på bistandstoppen

Av Per Anders Todal
,  12.04.13


Den økonomiske stormakta Brasil var største mottakar av norsk bistand i fjor, syner tal frå Norad. Storparten av «bistanden» er ei norsk investering i eit kraftselskap.

BISTAND
Norad-oversynet over dei største mottakarane av norsk bistand i 2012 er pussig lesnad. På topp-ti-lista finst nokre av dei fattigaste landa i verda, som Afghanistan, Somalia og Sør-Sudan. Men aller øvst tronar Brasil, ei stormakt med verdas sjette største økonomi. Ifølgje Norad fekk Brasil i fjor over 1,2 milliardar i norsk bistand – nesten det dobbelte av Afghanistan.

Dette trass i at BNP per innbyggjar i mellominntektslandet Brasil er større enn i land som til dømes Thailand, Kina, Serbia og Bosnia. Brasil har òg råd til å arrangere fotball-VM i 2014 (budsjett: 76 milliardar kroner) og OL i 2016 (budsjett: 100 milliardar kroner).@

Brasil-bistanden kunne vore meir forståeleg om forklaringa var dei mykje omtalte regnskogspengane som Noreg løyver for å verne Amazonas. Men løyvingane til Amazonas-fondet utgjer under ein tredjedel av Brasil-bistanden: 360 millionar. Når ein går saka etter i saumane, viser det seg at storparten av «bistandsmidlane», 821 millionar, er del av ei norsk investering i eit kraftselskap i Brasil – ei investering gjord på reint kommersielt grunnlag. Brasil er dessutan ein koloss på vasskraft allereie, som verdas tredje største vasskraftprodusent.

Kva er dette for slag bistand?

Bistand og profitt
I denne saka ligg det fleire viktige prinsipielle problem. Men før vi kan gå inn i dei spørsmåla, må vi gjennom nokre tekniske detaljar for å forklare Brasil-mysteriet. Samanhengen er slik: Utanriksdepartementet har eit investeringsselskap kalla Norfund, som skal bidra til å utvikle levedyktige bedrifter i fattige land. Norfund får tilført kapital over bistandsbudsjettet og samarbeider med mange partnarar frå norsk næringsliv.

Norfund eig mellom anna eit selskap kalla SN Power saman med Statkraft. SN Power investerer i fornybar energi i mange land rundt i verda – inkludert i Brasil. I fjor kjøpte SN Power 40 prosent av det brasilianske kraftselskapet Desenvix for over to milliardar kroner, den største investeringa SN Power har gjort til no. Men ulikt Norfund har ikkje SN Power som føremål å drive bistand. Selskapet opererer på normalt kommersielt grunnlag og skal investere i lønsame vasskraftprosjekt i såkalla «framveksande økonomiar» – til dømes i Brasil.

Dei 821 millionane som Norad har bokført i norsk «kraftbistand» til Brasil, er ikkje ei direkte løyving over det norske statsbudsjettet. Men bokføringsreglane til Norad er slik: Fordi Norfund eig 40 prosent av SN Power, blir Norfunds del av kjøpesummen for Desenvix 821 millionar. Og den summen sender Brasil til topps på lista over norske bistandsmottakarar.

Dermed er vi over i dei prinsipielle problema: Korleis kan det kallast bistand når SN Power gjer ei normal, vonleg lønsam forretningsinvestering i Brasil – som skal gje pengar i kassa til Statkraft, som eig 60 prosent av SN Power?

– Problematisk
– Eg kan ikkje svare på om dette kan kallast bistand. Det spørsmålet må du rette til Utanriksdepartementet, seier Hanne Thonstad, som er seniorrådgjevar i Norad.

– Vi har berre følgt reglane for korleis vi fører statistikken vår, og brukt dei tala vi har fått frå Norfund og SN Power. Investeringa til SN Power i Brasil er fordelt ut frå brøken for eigarskap i selskapet, og da utgjer delen til Norfund 821 millionar, seier Thonstad.

Kjell Roland, administrerande direktør for Norfund, vedgår sjølv at det er problematisk å kalle Brasil-investeringa til SN Power for bistand.

– Men det er ikkje intensjonen til verken Norad eller andre å blåse opp storleiken på norsk bistand. Forklaringa er teknisk og heng saman med OECDs

Unødig kompliserte reglar
for korleis ein skal bokføre bistand som skal byggje opp næringslivet i fattige land, seier Roland.

Berre ein mindre del av Brasil-investeringa til SN Power er finansiert med nye pengar frå Norfund, resten kjem frå banklån og overskot frå andre investeringar i SN Power-porteføljen, understrekar han.

I utkanten
Men uavhengig av bokføringsprinsippa er her uansett eit prinsipielt problem: Norfund skal først og fremst bidra til utvikling i dei verkeleg fattige landa i verda. «Norfund opererer i noen av de fattigste landene i verden og investerer i markeder der vanlige kommersielle aktører ofte vegrer seg for å gå inn alene på grunn av stor risiko», heiter det i Utanriksdepartementets eigen omtale av Norfund.

– Å investere i vasskraft i den økonomiske stormakta og vasskraftgiganten Brasil framstår ikkje som noko typisk bistandsprosjekt?
– Det er eg samd i, og dette er heilt klart i utkanten av kva Norfund bør og kan gjere. Vi har som langsiktig mål å satse meir på vasskraft i dei fattige landa i verda. Men vi må ha industrielle musklar med oss, og det får vi gjennom samarbeidet med Statkraft om SN Power, seier Roland.

– Men SN Power har så langt stort sett investert i mellominntektsland som Chile og Brasil. Er det grunn til å tru at det vil endre seg?
– Vi har fått aksept frå eigaren vår for at vi kan femne breiare geografisk når det gjeld fornybar energi, fordi klima- og utviklingspolitiske mål er så samanfallande. Men det er ikkje i Brasil vi skal putte pengane på sikt. Dette er ein mellomstasjon. Men eg skjønar at det blir stilt spørsmål ved dette.

Roland understrekar at SN Power òg har prosjekt i fattige land som Laos og Nepal.

Sjølvhjelp?
– Noreg eksporterer mykje utstyr og ekspertise innanfor vasskraft. Det er lett å tenkje at bistand på dette feltet går i tospann med interessene til norsk eksport­industri?
– Nei, det vil eg avvise. Vi har ikkje opplevd pågang frå slike interesser i Norfunds prosjekt. Målet vårt er veldig enkelt: Vi skal bidra til utvikling i fattige land. Men Noreg har ein eineståande kompetanse på å byggje og drive vasskraftverk, og vi har mykje kapital. Å kombinere dei to tinga er eit columbiegg, seier Kjell Roland.

Forsvarer bokføringa
Brasil-investeringa til SN Power er god bistand, hevdar utviklingsminister Heikki Holmås.

Utviklingsminister Heikki Holmås forsvarer i eit e-brev at Brasil-investeringa til Norfund og SN Power kan omtalast som utviklingsbistand.

– Vi bruker bistands­pengar på å sikre næringslivsinvesteringar i låg- og mellominntektsland. Mangel på investeringar er eit hinder for utvikling. Tilgang til energi er viktig for å skape utvikling i utviklingsland. Hjelp til å betre fattige lands kraftforsyning med fornybar energi er god bistand, skriv Holmås.

Han forklarer den høge bistandssummen til Brasil i fjor med bokføringsprinsippa til Norad.

– På grunn av gjeldande praksis med å føre heile investeringsbeløpet som bistand i det året investeringa blir gjord, ser summen stor ut for dette året. Men dette er ei investering som Norfund seinare kjem til å selje seg ut av, og da vil salssummen bli «trekt frå» i statistikken.

– Brasil er ei stormakt, har verdas sjette største økonomi og er verdas tredje største vasskraftprodusent. Korleis kan det kallast bistand å kjøpe seg inn i eit stort brasiliansk vasskraftselskap?
– Tilgang til elektrisitet er ein føresetnad for næringsverksemd og jobbskaping og for å bedre levekåra. Mang­lande eller ustabil tilgang til straum er av dei viktigaste hindera for lokale næringsdrivande i utviklingsland. Stønad til å betre fattige lands kraftforsyning basert på fornybare energikjelder er god bistand og bør inngå i den alminnelige bistandsporteføljen, skriv Holmås.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake