Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Bodø: Kystby teken av stormen

Av Ronny Spaans
,  09.04.13


Bodø vart bomba og atterreist som murby under krigen. Men bodøværingane vil ha ny «extreme city makeover». I dag er det tårn med panoramautsikt som gjeld.

Utanfor Bodø står det straumkvervlar i havet: Saltstraumen like sør for sentrum, og ut mot Lofoten, Moskenstraumen. Dei sterke tidvasstraumane har vore Nord-Noregs, om ikkje heile Noregs, mest kjende naturfenomen gjennom tidene. Dei har sett støkk i mang ein sjømann.

I bykjernen kvervlar det òg. Kring tårn, heisekraner og vaierar. 20 milliardar skal brukast i åra framover på ei totalrenovering av Bodø by. Ein halv milliard er sett av til hamneområdet: hamnepromenade, hotell ved sjøsida, ny hurtigrutekai. Hovud­attraksjonen er det nye kulturhuset «Stormen» i kulturkvartalet. «Extreme city make over» heiter det hos «Bodø – i vinden» – eit omdømeprosjekt som arbeider for å promotere Bodø som urban by.

Ja, Bodø er i vinden til gagns. Vinden kvervlar kring nybygg og tårn i sentrum. Vinden sender bòs og papir opp i lufta. Det fyk langs «Stormen». Paraply har ingen nytte i byen når det regnar. I Bodø blæs det ovanfrå, sidefrå og underfrå.

Bodø har fem gonger så sterk middelvindsfart som Oslo i mai månad, heiter det i ein rapport om høghusstrategiar i Noreg. Somme bodøværingar etterlyser ei konsekvensutreiing av byggjeprosjekta.

Kva er utfallet av Bodøs nye sjøside? Ein skyline i klasse med Manhattan? Eller ein ny malstraum: eit vindfullt bysentrum ufarande for folk og fe?

Nordens Barcelona
– Om Tromsø er Nordens Paris, er Bodø Nordens Barcelona. Barcelona er kjend for den moderne arkitekturen sin, seier Morten Jakhelln, dagleg leiar i Jakhelln Eiendom og styreleiar i Bodø kulturhus.

Frå kontoret hans i Jakhelln-bygget ved sjøsida speiar han mot mektige fjell i havet og mot det nye kulturkvartalet sør i sentrum. Jakhelln er synonymt med Bodø. Ætta kom hit alt i 1807, då det var 46 innbyggjarar i byen. I dag bur det 70.000 i Bodø-regionen.

– Regionen har 1500 ingeniørar. I framtida vil ikkje oljenæringa vera sentrert kring éin by, slik som i Stavanger, men vera desentralisert.

Liksom dei gamle nordnorske neskongane kjenner Jakhelln eit ansvar for heimstaden sin. Bodø hovudflyplass skal leggjast ned og jagarflya flyttast til Ørlandet og Evenes. Bodø-høgskulen har fått universitetsstatus, men campus Mørkved ligg eit godt stykke utanfor sentrum. Bodøværingane vonar at eit gigantprosjekt, som nett er vedteke, den fyrste djupvassutbyggjinga i Nordsjøen på gassfeltet Aasta Hansteen, skal få ringverknad for byutviklinga. Men ungdom mellom tretti og førti er ei sår mangelvare i distriktet. Her kjem kulturkvartalet inn: «Stormen» skal rote opp liv i byen.

Eg spør om nybygga ikkje vil skapa mykje vind i sentrum.

– Vi må innsjå at vi bur i ein by. Skal vi tilfredstille urbane ideal, må det fortetting til, så byen blir effektiv og moderne.

Bodøs skyline
Arkitekt Even Aursand er av dei få kritiske røystene i byen. Han er skeptisk til volumet på det nye Rica-hotellet ved sjøkanten, Bodøs nye skyline. Hotellet skal stå ferdig i 2014. Det blir på sytten etasjar, like høgt som regjeringsbygget i Oslo.

– Klimaanalysane som vart utførde før utbyggjinga, tok om­­syn til berre éi av dei to dominerande vindretningane i Bodø: austanvinden om sumaren, og sørvesten om vinteren. Analysen tek heller ikkje omsyn til alle nybygg ved hotellet som vil påverke vindtilhøva. Tenkjer ein ikkje klima og skjerming, vil det gå ut over hamnepromenaden og dei nye plassroma kring det nye kulturhuset.

Aursand etterlyser samtidig respekt for den opphavlege byplanen i Bodø:

– Mange siktliner, som er så typiske for Bodø by, har vorte dekte til. Eit døme er eit viktig siktpunkt i Bankgata, der ein kan sjå mot Børvasstindan i aust og Landego i vest. No har nybygget til Luftfartstilsynet som er reist ved hamna, sperra utsikta mot Landego.

Bomba by
Siktlinjene Aursand talar om, fører oss attende til krigen. Ikkje alt det vinden fører med seg, er av det gode. For Bodø var det som kom frå lufta ein maidag i 1940, katastrofalt. Å utslette ein by tek ikkje lang tid: To og ein halv time var det seksogførti tyske bombefly trong.

Vi kan mimre om Trehus-Bodø før bombardementet, men med det atterreiste Bodø fekk byen noko som i grunnen er eit sjeldsyn i Noreg: ein heilskapleg byplan. Leiar for «Brente Steders Regulering», arkitekt Sverre Pedersen, teikna ein klassisk by med akseforma orden, opne byrom og siktliner mot såkalla fondmotiv: kjende fjellformasjonar i akse med sentrale offentlege bygg – domkyrkja, jarn­banestasjonen og rådhuset. Bodø er eit klassisk døme på funksjonalisme i etterkrigstida på same vis som Ålesund er kroneksemplet på jugendstil.

Der strame husfasadar i by­­kjernen er av mur, er «svenskehusa» – som var prefabrikkerte i Sverige – vest for sentrum i tre og har saltak. Dei har den same einskaplege stilen og det enkle formspråket.

– Byplanen til Pedersen speglar att sosialdemokratiske verdiar, seier Even Aursand.

Ekstrem oppussing
Men Bodø vil ikkje lenger vera traust etterkrigsby. Her skal vera høgt og langt. Panoramautsikt mot hav og fjell. Norsk samtidsarkitektur er ekstremsport. Frå baren på toppen av Rica-hotell, på skybar, får du skydiving-suget ned mot bakken og fri sikt til Lofotveggen i midnattssol.

Rica-baren blir likevel berre småtteri mot planen om Arctic Edge – eit spektakulært hotell på Rønvikfjellet – fjellet skal etablerast som eit nasjonalt utkikspunkt for det polare ljoset: nordljoset og midnattssola.

I knapt nokon annan norsk by er kontrasten mellom gamalt og nytt større. Postpetroleums-Bodø sviv enno i lufta over meg, i forventningane om kva uferdige reisingsverk skal realisere. Enno dominerer Etterkrigs-Bodø på bakkeplanet. Ein del av hovudgata har fått glastak. Det gjev ly for sure, isnande elingar. I gatene råder den nøkterne og funksjonelle stilen, minningar om naudår og sparsemd. Mange av dei skrik etter restaurering, men har fått rivingsstemplet på seg.

Feminin arkitektur
Eg spør Unni Furfjord, arkitekt i Designhjørnet og medlem i sentrumsgruppa som kjempar for auka vitalitet i bykjernen, om Bodø er vakker.

– Bodø er ein by som byd på store utfordringar, svarar ho.

Ho synest ikkje Pedersens murby er tilfredstillande: «Gje oss meir feminin og tilgjengeleg arkitektur», heiter det i eit oppslag i Avisa Nordland. Inngangspartiet i Designhjørnet er dekorert med seks høghæla skor – her arbeider det berre kvinnelege arkitektar.

– Vi må få fleire barnefamiliar inn i sentrum og fylle dei mange gråe, triste bakgardane med bu­­stader og møtestader.

Fugl føniks
Bodø har meir enn gråe murar å styre med. City Nord, kjøpesentret utanfor bykjernen – Bodøs svar på Trondheims City Syd – har utvida dei seinaste åra. Kommunefolk er som vanleg ettergjevande andsynes pengesterke utbyggjarar.

Men no står bykjernen i fokus. Blir det nye Bodø betre enn den sosialdemokratiske draumen til Sverre Pedersen? Dei gråe, nøkterne gatene og bygningane er ein konsekvens av ei tid merkt av sparsemd og dårleg tilgang på materiale. Men opp or krigsoska steig ikkje berre triste murbygg, men òg Fugl Føniks: Bodø kan skryte av domkyrkja og rådhuset i byen, teikna av Gundolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas. Det sistenemnde er ikkje berre bygd i italiensk renessansestil, men dertil prydd med statuar av skarv og ørn, fuglar frå den lokale faunaen.

Eg forlèt Bodø med snøggbåten sørover. Bodøs skyline blir mindre og mindre i horisonten. Brått får eg auga på to ørner som ror i lufta over meg. Det blæs enno godt. Men vinden plagar ikkje dei. Ørnene seglar stødig wog fredeleg i det blå.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake