Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Frå røysterett til søksmålsrett

Av Jørn Øyrehagen Sunde
,  08.04.13


Den årlege produksjonen av lover og forskrifter er mangedobla og flytta ut av Stortinget. Korleis endrar det demokratiet?

Kan det tenkjast at retten til å gå til søksmål er i ferd med å ta over for røysteretten som den viktigaste demokratiske retten for borgarane, og at vi dermed held på å endra sjølve grunnlaget for demokratiet vårt? Det kan høyrast ut som eit juridisk komplott, men det er faktisk ein konsekvens av forventningane våre til det gode liv og det gode samfunn. Og sjølv om spørsmålet er retorisk stilt, reflekterer det likevel ein realitet som kan talfestast.

Tidobling av juristar
Retten til å ta ut søksmål for domstolane vert stadig meir nytta. For femti år sidan vart det ført om lag sju tusen sivile saker for tingrettane i Noreg, medan talet no er femten tusen. Ei sivil sak er ei sak mellom private partar og kan gjelda alt frå grensetvistar til gjeld, frå arv til utbetaling av forsikring. I dag handsamar tingrettane òg seksti tusen straffesaker.

Når talet på saker går opp, må ein ha fleire juristar. For femti år sidan uteksaminerte det einaste juridiske fakultetet i Noreg akkurat nitti juristar. I dag har ein tre juridiske fakultet og minst åtte andre institusjonar som tilbyd ulike former for jusundervisning, og til saman vert det kvart år uteksaminert om lag ni hundre juristar. Det er for lite til å møta samfunnsbehovet i åra som kjem. Talet på jusprofessorar har i same perioden gått frå ni til over nitti. Ein stor del av auken i talet på studentar og professorar har gått føre seg sidan byrjinga av 1990-åra.

Noko av denne auken kan forklarast med ein auke i folketalet på om lag 35 prosent, men langt frå alt. Så dermed kunne ein verta freista til å slutta at samfunnsutviklinga har gått av hengslene, og at juristar og domstolar har fått altfor mykje makt. Men denne auken har sine årsaker utanfor juriststanden og domstolane. Og den viktigaste ligg i folket. Men då ikkje i auke i folketalet, men i endå større grad i auken av forventningane våre til livet og samfunnet. Forventning­ar som har resultert i stadig meir rettsleg materiale – lover, forskrifter og høgsterettsdommar – som skal sikra oss alle eit best mogeleg liv og samfunn.

Meir innfløkte lover
For femti år sidan vart det produsert om lag seksti lover i året. No er talet mellom 110 og 120. Lovene er samstundes vortne lengre. Og dei har vorte meir komplekse. Medan det måtte gjerast endring i ei lov for kvar andre lov som vart laga for femti år sidan, må det no gjerast endringar i to lover for kvar ny som vert laga, som altså er ei firedobling. Mykje av auken har kome sidan midten av 1990-åra.

Ikkje berre aukar talet på lover, men på førearbeida til lovene. I Noreg er førearbeid viktige, fordi vi har tradisjon for å gjera lovteksten kort gjennom å bruka lovføreabreid til å forklara innhaldet i lova. For femti år sidan var førearbeida til kvar lov på om lag seksti sider, medan dei no er på over hundre sider. Dermed har mengda lovførearbeid gått frå noko over tre tusen sider i året til over ti tusen sider. Mykje av auken har skjedd sidan midten av 1990-åra.

Strengare siling
I namnet er det Stortinget som lagar lover. Men i realiteten vert mesteparten av arbeidet gjort av departementa. Dei soknar inn under regjeringa, som, saman med den underliggjande forvaltninga, lagar forskrifter som fyller ut Stortingets lover. Talet på forskrifter har auka mindre dramatisk enn lengda på dei, men det samla forskriftsmaterialet er i dag meir enn dobbelt så stort som for femti år sidan.

I Noreg er Stortinget den viktigaste produsenten av rett gjennom lovgjevinga si, medan regjeringa altså fyller ut lovgjevinga med forskrifter. Ved sida av dei er Høgsterett den viktigaste produsenten av rett. Bakgrunnen for dette er at avgjerdene til Høgsterett vert brukte av lågare domstolar som mal for korleis saker skal løysast. For femti år sidan handsama Høgsterett like under hundre sivile og like under hundre straffesaker. Det gjer Høgsterett framleis.

Men for femti år sidan handsama Høgsterett alle saker som ikkje var grunnlause eller galdt små verdiar, som gjorde at domstolen avviste om lag 30 prosent av alle sivile ankar. I dag avviser Høgsterett 85 prosent av alle saker som vert anka til domstolen. Dei sakene som vert handsama av Høgsterett, er nøye utvalde for å gje mest mogeleg rettleiing for lågare domstolar, og slik har Høgsterett auka produksjon av retten den òg, fordi kvar sak har større rettsleg verknad no enn før. Samstundes har høgsterettsdommane vorte dobbelt så lange i same tidsperiode. Mykje av endringa i både silingspraksis og i lengda på dommar skjedde frå midten av 1990-åra.

Nesten alle saker vart handsama av Høgsterett i avdeling, som vil seia av fem dommarar. Dei sakene som har størst verknad i rettssystemet, er dei som vert handsama i storkammer med elleve dommarar, eller i plenum der alle høgsterettsdommarane deltek. Fram til byrjinga av 1990-åra handsama Høgsterett ei slik sak annakvart år. Etter den tid har Høgsterett handsama to slike saker i året, altså ei firedobling. Endringa skjedde på midten av 1990-åra.

Ein femtedel utanfrå
For femti år sidan vart storparten av norsk rett produsert av storting, regjering eller Høgsterett. Ein har ikkje sikre tal, men det er ikkje utruleg at om lag 80 prosent av norsk rett i dag er produsert innanfor landegrensene. Dei resterande 20 prosent stammer frå særleg Den europeiske menneskerettskonvensjonen, slik han vert tolka av Den europeiske menneskerettsdomstolen, av ulike FN-organ, av WTO og ikkje minst av EU. Endringa skjedde frå midten av 1990-åra.

Då EØS-avtalen tok til å gjelda i 1994, vart om lag to tusen rettsakter inkorporerte i norsk rett. Etter den tid har over seks tusen nye rettssaker frå EU vorte inkorporerte i norsk rett. Europautgreiinga frå 2012 konkluderte med at «gjennom hele perioden 1992–2011 har Norge bare fått 55 materielle unntak (...). I praksis fungerer ikke unntaksmuligheten som noen kompensasjon for demokratiske mangler ved EØS-avtalen.» Det er ikkje så underleg når Europautvalet på Stortinget, som skal handsama slike spørsmål, sidan 1994 har hatt åtte møte i året à 45 minutt.

Men Stortinget brukar ikkje så mykje tid på dei lovene dei lagar sjølve, heller. Dei seinaste åra har komitétilråding­ar og stortingsdebattar i samband med lovgjeving vorte mindre parallelt med at mengda av lover og lovførearbeid har vorte større. Dermed er meir og meir av norsk rett eigentleg produsert av elite­juristar innanfor og utanfor norske grenser og i mindre og mindre grad av dei folkevalde.

Folkevalde utan oversikt
No har det alltid vore ein illusjon at folket gjev seg sjølv lover gjennom dei representantane det vel inn i Stortinget. Men illusjonen har aldri vore større enn no, ei utvikling som akselererte sidan midten av 1990-åra. For det fyrste fordi det må produserast mykje rett utanfor Stortinget for at mengda rett skal verta stor nok til at vi som borgarar synest at våre forventning­ar til det gode liv og det gode samfunn vert oppfylte. For det andre fordi den enorme mengda rett som trengst, gjer at dei folkevalde representantane til tider ikkje veit så mykje meir om kva som går føre seg av rettsleg produksjon, enn veljarane sjølve, noko som er fint lite.

Når heilskapen vert så kompleks at ingen eigentleg har oversikt, vert røysteretten mindre og mindre verd. I staden vert søksmålsretten viktigare og viktigare. Årsaka er for det fyrste at ei rettssak er meir oversiktleg enn ein lovgjevingsprosess – det er langt, langt færre aktørar, og ein både veit kven dei er, og kva oppgåver dei har. For det andre fordi det rettslege er langt meir oversiktleg – ein har eit rettsleg spørsmål som skal avgjerast innan kort tid, utan konsekvensutgreiing­ar, utan politiske forhandlingar i inn- og utland, utan høyringsrundar og så bortetter. For det tredje er det langt mindre tidkrevjande og rimelegare – skal ein på­­verka ein lovgjevingsprosess, må ein ha hjelp av ein organisasjon eller eit lobby­firma, medan ein enno normalt berre treng ein advokat for å føra ei sak. For det fjerde fordi det er minst like effektivt – i dag kan ein få sett til sides ei heil lov dersom ein kan prova at ho er i strid med Grunnlova, med Dei europeiske menneskerettane eller andre sentrale menneskerettar, eller EØS-retten, og domstolane er meir viljuge til å gjera det enn nokon gong.

Dette er årsaka til at søksmålsretten er i ferd med å ta over for røysteretten som den viktigaste demokratiske retten for borgarane. Det har alt skjedd i USA, og det er i ferd med å skje alle andre stader i den vestlege verda. Men utviklinga kjem ikkje av eit juridisk komplott, men den ustyrlege viljen vår til å skapa det gode liv og det gode samfunn. Og svært mykje godt har følgt av denne utviklinga ved at mange menneske har fått eit betre liv i eit betre samfunn. Vi må likevel vera merksame på at vi har kome i ein situasjon der vi har byrja å endra grunnlaget for demokratiet vårt.

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Universitetet i Bergen og skriv på Høgsteretts historie 1965–2015.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake