Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ny spikar i kista til likskapsmodellen

Av Svein Gjerdåker
,  05.04.13


DnB, der den norske staten er den største eigaren, skal nedbemanna og kutta 1500 årsverk. Det gjer dei ved å gjera som Statoil og Hydro for nokre år sidan – deler raust ut med sluttpakkene.

Då Statoil og Hydro i 2007 slo seg saman, fekk alle over 58 år som slutta, 70 prosent av løna fram til dei var 67 år.

Er du 62 og tilsett i DnB, kan du no få med deg ei sluttpakke på 3 – tre – år. Nærmar du deg 65, får du ei sluttpakke på 2 – to –år.

Bankdirektør Rune Bjerke, tidlegare partisekretær i Oslo Arbeiderparti, kallar avtalen eit «spleiselag» ifylgje Dagens Næringsliv – der både «kunder, eiere og ansatte» skal dela på rekninga.

Rune Bjerke sjølv skal i all fall ha visse føresetnader til å delta i dette heroiske spleiselaget. I fjor fekk han utbetalt over 7 millionar kroner i løn og bonusar av banken.

Om LOs mann i DnB, konserntillitsvald Viktor Sæther, skal delta i spleiselaget, er usikkert. Han er uansett nøgd med avtalen. Og med eit resultat før skatt på 17,6 milliardar i fjor har banken pengar nok å ta av. Men sidan staten er hovudeigar, høyrer vel mesteparten av desse pengane til staten?

Her kan vi berre konstatera at sluttpakkene til DnB, framforhandla mellom LO og banken, er ein ny spikar i kista til den norske likskapsmodellen – og endå ein avtale som er med på å øydeleggja det som er att av sunt arbeidsliv i dette landet.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake