Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Blottlegg gamalt nytt

Av Arild Pedersen
,  05.04.13


Det er lite nytt i boka til Elisabeth Skarsbø Moen. Ho skulle gjort meir research i Trøndelag snarare enn på Oslo-nachspiel.

PORTRETT
Elisabeth Skarsbø Moen:
Ola Borten Moe. Portrett av en pløyboy
Vigmostad & Bjørke 2013

Elisabeth Skarsbø Moen har hatt fri frå jobben i tabloidavisa VG for å skriva ei bok om Ola Borten Moe. Resultatet tyder likevel ikkje på at overgangen har vore for stor. Rett nok er boka, i motsetnad til moderavisa, heilt utan bilete. Men kapitteltekstane er korte og kunne, med litt nedredigering, godt ha vorte publiserte som avisføljetong.

Boka gjer då heller ikkje krav på å vera ein biografi, rimelegvis også ettersom objektet berre er snart 37 år, men skal vera eit portrett av ein «pløyboy», som det konsistent tabloid heiter i tittelen. Diverre har ho sjølv late seg freista til å «forleika» seg: Ho fortel i innleiinga at ho vart med til nachspiel saman med Ola og rådgjevar Ivar Vigdenes, etter ein fuktig kveld på byen, for så etter mange akevittar å verta invitert inn i badstova saman med dei to trønderane. Men då ho fekk sjå dei nakne, frika ho ut, som den vestlendingen ho er.

Nakenskap sel
Derimot frikar ho ikkje ut frå å ta med denne episoden i boka, sjølv om Ola forståeleg nok meiner at dette må ålmenta kunna greia seg utan, og difor avautoriserte boka. Det rare er at Elisabeth Skarsbø Moen ikkje ser kor lett gjennomskodeleg dette er: Sjølvsagt fortel ho det for å få tabloid­oppslag i si eiga tabloidavis og i snakke-TV, og for å selja boka.

Og at medan ho tilskriv Ola Borten Moe noko så negativt som maktlyst, kan vi meir enn ana avundsykje hos ho sjølv: Per Vassbotten gjorde i si tid eit kjempeskup då han intervjua og fekk fotografert bestefar Per Borten i trusa. No kunne Elisabeth Skarsbø Moen verta like vidgjeten av å ha sett barnebarnet truselaus. Men kvifor tok ho ikkje bilete? Har ho ikkje smarttelefon? Eller gjorde ho det? Følg med!

Lite nytt under sola
Utan denne tabloide «storhendinga» er det ikkje mykje nytt boka kjem med. På dei etterfølgjande 120 små sidene vert vi fortalde noko hulter til bulter om familie, politisk karriere og nettverk og ikkje minst dagens politiske framstøytar innanfor oljepolitikk, alt kombinert med personkarakteristikkar.

Vi får høyra om tilhøvet mellom parti­leiar Navarsete og første nestleiar Moe: at det er prega av mistillit, frykt og til dels hat. Men det var vel godt kjent? Vi får attfortalt det velkjende spelet kring Navarsetes utskjelling av Sandra Borch og korleis Navarsete måtte leggja seg flat, og at Moes posisjon vart styrkt. Vi får presentert hypotesar kring spørsmålet kvifor Moe no ikkje vil stilla til val til Stortinget. Men dei hypotesane om mogeleg taktikk og strategi er vel temmeleg openberre? Og om nokon skulle ha ein sjuk trong til å få greie på korleis Ola Borten Moe fann kona si, kan dei få svar på det òg.

Ein maktopportunist
No er det Moens hovudhypotese at Moe har som mål ikkje berre å verta partileiar i Senterpartiet, men òg til og med statsminister, som bestefar sin. Kjell Magne Bondevik har alt vist kor stor makt eit vippande småparti kan ha, og kor høgt slektningar kan nå òg i norsk politikk. Moen går dessutan langt i å meina at Moe er så maktorientert at han lett legg til side standpunkt som står i vegen for makt, altså at han er ein maktopportunist. Men ho gjev sjølv data for å avvisa hypotesen: Ho legg vekt på at Moe ofte tek upopulære standpunkt, utan å forankra dei i nettverk og parti.

Ho aksepterer òg at det er mogeleg for ein politikar å skifta standpunkt av di han har vorte meir erfaren og mogna. Dessutan meiner ho å finna eit ideologisk perspektiv hos Moe: Han representerer den gamle trøndske nasjonalkonservative storbondetradisjonen i Senterpartiet, i motsetnad til Navarsetes småbonde- og kommuneadministrasjonslinje.

Noregs Pakistan
Dette er kan henda den beste innsikta hos Moen: Ho har eit eige kapittel om «Trøndermakta», der ho legg vekt på at Senterpartiet i botn og grunn er eit trønderparti. Men det er her ho skulle ha gjort meir research, snarare enn på Oslo-nachspiel.

Om ho hadde reist kringom i Trøndelag som sosialantropolog, ville ho ha funne at det er noko eige med trønderar. Sjå kor like Trond Giske og Ola Borten Moe er når det gjeld vilje til makt og oppbyggjing av (innfule) nettverk, i tillegg til at dei båe er leptosome. Det er til og med likskapar mellom Moe og Northug jr.: Båe er nokså dauve for kritikk når dei gjer upopulære ting: spelar poker i Las Vegas eller vil bora etter olje i Lofoten.

På mange vis er Trøndelag Noregs Pakistan: styrt av bondebaserte (klan)hovdingar, som gifter seg inn i alliansar. Helst skulle denne boka ha vore skriven som ei soge av Jon Leirfall, den gamle fienden av Borten-ætta.

Sett no at Elisabeth Skarsbø Moen fekk rett, og Ola Borten Moe vert statsminister. Då ville boka hennar kunna ha hatt stor interesse for framtidige historikarar. Problemet er at ho er bygd på anonyme kjelder. Det er gangbart i dagsaktuell journalistikk, men ikkje i varig historieforsking.

Arild Pedersen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake