Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Nei til marknad, ja til meir pengar

Av Jon Hustad
,  05.04.13


Det finst to SV: eitt som er i regjering og eitt som er på landsmøte. Dei to er neppe i slekt.

«Del godene!» heiter SVs vedtekne program. Det er kan henda difor programmet, med sine 134 tettskrivne A4-sider, er dobbelt så langt som dei fleste andre partiprogram. Så er då også akademikarar ei yrkesgruppe som nyttar to gonger så mange ord som vanlege folk. Men jamvel om programmet på visse felt er noko utflytande, skal partiet ha ros for å vera tydeleg om kven fienden er – legg elles merke til den nydelege m-alliterasjonen: «I dag er mannlige, middelaldrende menn med majoritetsbakgrunn over­representerte i folkvalgte forsamlinger», og det har SV tenkt å gjera noko med. Ja ja, at demokrati gjev folk høve til å velja feil folk, kan vel dei fleste vera rause nok til å vedgå.

Eit langt program gjev òg høve til gode prinsipielle drøftingar. SV har nokre slike, særleg er dei kritiske til rentefrådraget: «Dagens rentefradragsordning gir mer skattelette til dem som tjener best, og dermed har råd til gjeld, og ingenting til dem uten gjeld.» Så enkelt og godt kan det seiast. Det vert lånt for mykje her til lands. Her ser SV noko ingen andre parti vil sjå.

Men så byrjar det å verta forvirrande. Lat oss sjå på bustadmarknaden, det er vel der det er tydelegast at SV ikkje forstår økonomi: SV går inn for ein massiv auke i bustadbyggjinga og vil tvinga kommunane til å leggja til rettes for utbyggjing i takt med folketalsauken, men samstundes vil dei at «boligspekulanter og kommersielle aktører må bremses og styres». SV vil altså ha massivt meir bustadbyggjing og massivt mindre forteneste ved å «gjøre boligmarkedet mindre lukrativt for investorer».

Ja, det er rett å taka bort rentefrådraget for å redusera låneopptaka og auka sparinga. Men når folk fyrst har spart desse peng­ane, kvifor er det viktig å hindra dei i å investera i bustadmarknaden? Og er det ikkje nett investorar som har pengane? Det er i alle fall ikkje kommunane som SV vil gje det meste av ansvaret, kommunar som også slit med statlege reguleringar.

Byggkostnader?
Sjå berre på Oslo: Grunna folketalsveksten vil politikarane der utvikla det dei kallar Furuset-byen. Dei vil òg ha kommersielle aktørar med på laget sidan dei sjølve er blakke grunna folketalsveksten. Byggjekostnadene per kvadratmeter for slike prosjekt er 30.000 kroner. Slik er det mellom anna fordi staten har så mange krav, krav som SV stør og vil ha meir av, seier dei i programmet sitt. Men heis, isolasjon og store bad til funksjonshemma kjem med ein prislapp, og sidan marknadsprisen på Furuset er 25.000 kroner, vil ikkje Selvaag og andre vera med. Då vert det ikkje nye bygg der oppe.

Faktisk er det slik at mark­nadsprisen i Noreg i mange geografiske område ikkje er høg nok til at det er lønsamt å byggja nytt. Då er det ikkje investorar som pressar prisane, men staten gjennom krava sine. Ja, hus som alt er bygde, vert dyrare når folk får meir pengar mellom hendene, men kostnadene ved å byggja vert ikkje høgre; kostnaden ved nybygg vert i hovudsak avgjord av lønsnivå for arbeidarane og statlege reguleringar. Og når SV vil ha Rolls-Royce-standard på ny byggmasse, vert dei gamle Corolla-ene automatisk mykje meir verde på bruktmarknaden.

Det er ikkje til å koma utan­om, SV ser ikkje ut til å forstå at for at det skal vera noko å kjøpa, må det også vera noko å selja. Når SV vil «arbeide for sterkere regulering av husleiemarkedet for å dempe prisene», kan kvar ein økonom fortelja at den uunngåelege konsekvensen er at marknaden kjem til å tilby færre husvære, som SV seier dei vil ha fleire av. Så kan SV alltids seia at dei vil auka skattane og bruka desse til å subsidiera husbyggjing, men då talar vi om store summar. Den private bustadmassen i Noreg er i dag på over 4000 milliardar kroner, og det i all hovudsak hus som er bygde etter lægre standardar enn dagens. Det skal nokså mange hundre milliardar offentlege kroner til for å pressa ned prisane i den marknaden.

Fysiokrati no!
SV ser òg ut til å ha eit fysiokratisk økonomisyn, at det er ei gjeven mengd ressursar der ute. Mellom anna vil dei innføra «et nonprofitprinsipp i velferdsstaten». Grunngjevinga er at ingen skal tena på velferd, og at privat sektor ikkje skaper ein einaste ny lækjar eller pleiar. Det siste er sjølvsagt ikkje sant. Om ein lækjar går til privat sektor, og staten vil setja inn ein annan lækjar i staden, vel, så må staten utdana denne eller henta ein ny frå Tyskland. Og om Noreg hadde hatt ein heilt privat velferdssektor, tyder ikkje det at vi hadde hatt færre som arbeidde med velferd. Trøysta får vera at partiet ikkje ser ut til å forstå kva profitt er for noko. Dei aller fleste fastlækjarar her til lands er private. Det dei får utbetalt, er profitt. SV går likevel ikkje inn for å avvikla fastlækjarordninga.

Når det er sagt: Å lesa SVs program med samfunnsøkonomiske briller kjennest nesten litt urettvist. For under økonomiske modellar er det faktisk uvesentleg kven som gjer noko, det avgjerande er kor raskt og bra ein gjer ting og tang, og di raskare og betre di større rikdom og di større ressursar. For SV er slike tankar rein gift: Dei meiner til dømes at «altfor store ressurser i vårt samfunn forsvinner i markedsføring». Tja, vil ein økonom svara: Om folk kjøper stadig meir varer og tenester etter å ha vorte utsette for reklame, di større vert storskalafordelane, og di meir veks økonomien, og di fleire ressursar får vi. Coca-Cola, den største marknadsføraren i verda, har fylt offentlege kassar med skatteinntekter over heile verda. Planeten jorda har framleis litt sukker att.

Betre design med SV
SV vil i grunnen nokså mykje rart, som til dømes «fremme bruk av design som et strategisk innovasjonsverktøy i industrien». Kvifor? For å gjera industrien ei teneste. Men om norsk industri har noko å tena på design, tek dei vel sjølve design i bruk, og er ikkje det meste av det industrien lagar, designa i dag? Kven veit? Kanskje hadde SV ein designar i programkomiteen? SV ynskjer òg å gjera norske forskarar mykje betre, men samstundes vil dei at forskarane skal kunna forska og arbeida innanfor ei normal arbeidstid for mellom anna å gjera det lettare for kvinner. Men ingen forskar vert betre av 7,5 timar fem dagar i veka.

Ja, SV-arar er idealistar, vi veit det no, men sidan politikk er fordeling av knappe ressursar, får vi halda fram. SV vil redusera norsk gass- og oljeutvikling. Utover lokale miljøinteresser har dei to grunngjevingar for dette: Mindre olje og gass fører til mindre CO2-utslepp på verdsbasis. Dette er eit vanskeleg reknestykke sidan norsk olje og gass er nokså «rein», men det vi kan fastslå, er at den oljen og gassen som ikkje vert teken opp, heller ikkje produserer CO2-utslepp. Den andre grunngjevinga er at satsinga på oljesektoren driv opp kostnadsnivået på land og fører til industridaude. Dei fleste økonomar ville nok seia seg samde i båe påstandane.

Nei til oljeprofitt
Men grunnen til at vi satsar så mykje på oljesektoren, er at han gjev enorm profitt. Når vi sel dyr olje på verdsmarknaden, kan vi kjøpa billege PC-ar frå Kina eller tilsetja ei polsk kvinne på sjukeheimen i Ørsta. Om vi skal satsa mindre på olje, vert det altså mindre ressursar å bruka no eller på sikt. Det kan vi sikkert leva med.

SV vil òg redusera arbeidstida til sekstimars dag. Der rauk 10–12 prosent av BNP og nokre millionar arbeidstimar. Det kan vi sikkert leva med òg – og slike tiltak er det mange av. Men når Noreg har mindre ressursar og mindre arbeidstid, skulle ein tru at SV ville at det skulle få konsekvensar for programmet sidan det uansett får konsekvensar i den verkelege verda, særleg sett i lys av at SV vil satsa slik i bustadmarknaden.

Men nei: «På sikt er SVs mål at barnehage skal være et gratis tilbud.» «Målet er en ressursnorm på skolenivå hvor hver skole ikke kan ha mer en 15 elever per lærer på 1.–4.-trinn, og 20 elever per lærer på 5.–10. trinn.» «På sikt er SVs mål at SFO skal være et gratis tilbud.» SV vil «at det innføres en nasjonal minstenorm for sosialtilbud tilsvarende minste­ytelsen til folketrygden.» Vi held fram: «Økt grunnbemanning gjennom kompetente ansatte i hele stillinger er den beste garantien for god pleie og omsorg.» «SV vil starte på en opptrappingsplan som skal ende med at all nødvendig tannhelsehjelp blir dekket av folketrygden på samme måte som andre helsetjenester.»

Legio, legio, legio
Lista kan gjerast mykje lengre. Pengane finst! Og ikkje berre finn vi pengane i Noreg, vi finn dei òg internasjonalt. «Lån fra IMF og Verdensbanken skal ikke kobles til krav om privatisering, kutt i offentlige tjenester eller liberalisering av økonomien (...). Vi går mot lånebetingelser som presser fram velferdskutt og annen høyrepolitikk.» Men kva er til dømes IMF, Det internasjonale pengefondet? Jau, det er eit spleiselag av statar som låner ut pengar til statar som ikkje får tak i pengar på den internasjonale marknaden. Kva ville skje om IMF ikkje stilte krav til høgre pensjonsalder eller sal av store ambassadar i utlandet? Vel, då ville USA, Tyskland, Japan og andre demokratiske statar slutta å låna ut desse pengane og det samstundes som desse statane som er gått tome for internasjonal valuta, ikkje kan importera varer. Pengar representerer ressursar, ingen gjev frå seg særleg med ressursar utan å venta å få noko attende for det.

På felt etter felt går SV inn for politikk som ikkje er mogeleg i den reelle verda. Dei vil ha lyntog mellom byane, dei vil ha tog til Tromsø, tog til Russland og at «retten til familiegjenforening ikke bør begrenses i form av krav til botid, arbeid, økonomi og lignende». SV har i posisjon no vore med på pensjonsreforma, som gjev dei aller fleste kutt i pensjonen. SV er også mot EØS, men sit i ei regjering som administrerer avtalen. Dei er òg mot NATO av di det mellom anna vert styrt av USA, men med i NATO er vi framleis. SV har dei siste åtte åra såleis vist seg som eit nokså vanleg ansvarleg norsk parti. Det er kanskje difor at det siste programmet deira før valet er ein eksess utan sidestykke i norsk politikk.

Kristin Halvorsen var finansminister då Noreg opna for såkalla hedgefonds. På landsmøtet vedtok SV at dei vil forby hedgefonds. Var Halvorsen bortreist på dagen?



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake