Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kor blir varmen av?

Av Per Anders Todal
,  05.04.13


Den globale oppvarminga har stagnert dei siste 15 åra. Det reiser spørsmål om klimamodellane er gode nok.

Dei uvanlege kuldeperiodane på vinteren i Europa og Nord-Amerika dei siste åra er berre eitt av mysteria klimaforskarane balar med. Eit langt meir grunnleggjande spørsmål, så langt utan fullgode svar, er kvifor den globale oppvarminga ser ut til å ha stogga opp? Grafen for gjennomsnittstemperaturen på jorda dei siste 15 åra er så godt som flat, sjølv om CO2-innhaldet i atmosfæren har auka bratt i den same perioden. CO2-utsleppa frå 2000 til 2010 åleine er omtrent ein fjerdedel av dei menneskeskapte utsleppa sidan 1750. Så kor blir det av oppvarminga?

Det er ikkje slik at temperaturen på jorda var venta å stige jamt i takt med CO2-konsentrasjonen. Drivhusgassen CO2 er berre ein av mange variablar som påverkar klimaet, og ei rekkje naturlege variasjonar gjer at temperaturen svingar frå år til år.

Ein skal òg merkje seg at 2000-talet var klart varmare enn 1990-talet globalt. Likevel er stagnasjonen i oppvarminga dei siste 15 åra påfallande. Og skilnaden frå den raske temperaturauken på 1990-talet er slåande. Oppvarminga både i atmosfæren og i dei øvre vasslaga i havet ser ut til å ha stogga opp. Om ikkje oppvarminga skyt fart att i løpet av dei neste åra, hamnar temperaturen på jorda under sjølv dei lågare framskrivingane i dei mest brukte klimamodellane.

Sensitive spørsmål
Dermed blir det sett spørjeteikn ved om klimamodellane held mål. Eit grunnleggjande spørsmål er kor sensitiv temperaturen på jorda er for endringar av CO2-innhaldet i atmosfæren. Eit vanleg mål for dette er kor mykje oppvarming som følgjer av ei dobling av CO2-innhaldet i atmosfæren samanlikna med førindustriell tid. Klimapanelet til FN (IPCC) meinte i 2007 at ei dobling ville gje ein temperaturauke mellom 2 og 4,5 gradar.

Men kva om klimamodellane er feil? Når terrenget ikkje ser ut til å stemme med kartet, blir det etterspurnad etter nye kartografar. Terje Koren Berntsen, professor ved Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo, har fått mykje merksemd for ein studie som ikkje er ferdig fagfellevurdert og publisert enno.

Berntsen og kollegaene nytta ein enklare modell med færre variablar enn dei vanlege klimamodellane. Men studien deira inkluderte faktiske temperaturmålingar, også frå det siste tiåret. Dei kom til at klimaet er mindre sensitivt for CO2-påverknad enn ein før har trudd. Dei endelege tala til Berntsen er ikkje klare, men studien tyder på at ei dobling av CO2-nivået mest truleg vil gje ein lågare temperaturauke enn IPCC-anslaget peikar mot.

– Studien vår er ikkje eit forsøk på å skjøne alle dei komplekse mekanismane som påverkar klimaet. Men fordelen er at vi inkluderer faktiske observasjonar av temperaturutviklinga, seier Berntsen.

Han understrekar at studien langt frå gjev nokon grunn til å avblåse klimakrisa, om resultata viser seg å stemme.

– Om vi skal klare å halde oppvarminga under to gradar, krev det uansett store utsleppsreduksjonar. Men om klimasensitiviteten viser seg å vere lågare enn vi før har trudd, har vi ein betre sjanse til å klare det, seier Berntsen.

Varme i djupet
Klimaforskar Helge Drange er skeptisk til konklusjonane i studien til Berntsen. Han trur det kan vere fleire forklaringar på at oppvarminga ser ut til å ha stagnert. Ei av dei er utviklinga i vêrfenomena El Niño og La Nina i Stillehavet. Kort sagt fører El Niño til oppvarming av atmosfæren, La Nina til nedkjøling.

– Dei siste 5–6 åra har vi hatt ein ganske kald La Nina-situasjon i Stillehavet, som har medverka til å halde temperaturen nede. Når vi får den neste El Niño, kan vi vente ein ny global temperaturrekord, seier Drange.

– Det kan òg vere at djuphavet har absorbert mykje av varmen dei siste åra, men vi har for få målingar til at vi kan seie noko sikkert. Dessutan har partikkelutsleppa frå kolkraftverk i Asia vore store og aukande dei siste åra, og det medverkar til nedkjøling. Det er såleis fleire faktorar kan dempe effekten av drivhusgassane innanfor ein horisont på 10–15 år.

Men også sjølve kjernespørsmålet om kor sensitivt klimaet er for CO2-konsentrasjonen er under debatt, vedgår Drange.

– Når det gjeld til dømes vassdamp høgt i atmosfæren og effekten av partiklar og skyer, er det framleis mykje vi ikkje forstår. Det same gjeld forsterkande mekanismar som redusert opptak av karbon på land og i havet, og smelting av permafrost.

Faren for verkeleg ekstrem temperaturauke blir truleg tona ned i neste IPCC-rapport, som skal kome til hausten, trur Helge Drange.

– Ein temperaturauke på seks til åtte gradar er særs usannsynleg. Men i rapporten blir det neppe stor endring når det gjeld den mest sannsynlege klimasensitiviteten.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake