Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den uheldige lønsveksten

Av Svein Gjerdåker
,  21.03.13


Så er det lønsforhandlingar att. Tidlegare var lønskamp viktig for å lyfta folk ut av fattigdomen. Men i dag?

I dag treng i alle fall ikkje gjennomsnittsnordmannen høgare løn. Den løna er meir enn høg nok. Det er lenge sidan den norske lønskampen kunne grunngjevast ut frå sosiale eller solidariske omsyn. No gjeld det tvert imot å stå imot og halda att.

Det er mange grunnar til det. Mindre lønsvekst gjev mindre forbruksvekst – eit overordna og særs viktig mål for eit land og ein verdsdel som forbrukar altfor mykje av energien i verda.

Lønsveksten må òg stoggast for å tryggja norsk industri og eksport. Nordmenn tener no over 60 prosent meir enn arbeidarar i EU. Ser vi på einskildland, tener vi over 50 prosent meir enn tyskarane.

At nordmenn tener så mykje, kan heller ikkje vera bra for – kva skal vi seia – norsk mentalitet. Det er kjekkare på landsbygda i Provence enn i St. Tropez, for å seia det slik.

Men er det mogeleg å gjera noko med? Då må denne og komande regjeringar stogga den massive satsinga på olje- og gassutvinning. Oljeindustrien driv opp lønene og utkonkurrerer mykje av annan industri og har aldri – korkje arbeidsgjevarane eller fagforeiningane – teke ansvar for det totale lønsnivået i dette landet.

Men kan ein forventa moderasjon når leiarlønene og bonusane er så høge? Det er sjølvsagt eit problem. Alle i konsernleiinga i Posten tener over 2 millionar kroner i året kvar. Konserndirektøren åleine kostar over 6 millionar i løn, bonusar og pensjon. Det er synd vi ikkje har ei regjering som får gjort noko med dette.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake