Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Tortur for fridom

Av Per Anders Todal
,  22.03.13


To artiklar fortel den mørke soga om Irak-okkupasjonen frå kvar sin vinkel.

Denne veka var det ti år sidan den USA-leidde Irak-invasjonen byrja. Masseøydeleggingsvåpna fanst ikkje, fleire hundretusen døydde i borgarkrigen som følgde, millionar vart drivne frå heimane sine, men framleis kjem det forsvarstalar for denne krigen: For Saddam vart jo fjerna, og Irak vart jo frigjort. Med tida kjem apologiane truleg til å bli fleire, etter kvart som detaljane i denne «frigjeringskrigen» blir gløymde. Men framleis får vi påminningar.

8. mars kjøpte eg The Guardian og siste nummer av Foreign Affairs for å dryge ventetida på ein flyplass. Ein stor artikkel i kvart blad dreia seg om Irak-krigen. Og lesne saman gav dei to artiklane eit slåande og kvalmande bilete av denne soga.

The Guardian skildra strategien USA tok i bruk for å slå ned motstandsgruppene som voks fram etter invasjonen i 2003. Avsløringane burde ikkje overraske. Men metodane som blir skildra, får den kjende mishandlinga av fangar i Abu Ghraib-fengslet til å verke human.

El Salvador-metoden
I 2004 hadde irakiske sunni­opprørarar og tilreisande jihadistar, somme av dei tilknytte Al-Qaida, blitt eit alvorleg trugsmål for okkupasjonshæren. Forsvarsminister Rumsfeld hyrte inn den pensjonerte obersten Jim Steele, ein mann med erfaring frå den skitne krigen i Mellom-Amerika på 80-talet. I El Salvador hadde Steele bygd opp dødsskvadronar som dreiv etterretning og kjempa mot geriljaen med bestialske metodar. Desse erfaringane var det Steele kunne bidra med.

Frå sommaren 2004 vart ein ny spesialstyrke bygd opp i Irak, rekruttert frå sjia-militsar med stygt rulleblad. I ei rekkje hemmelege fengsel – berre i Bagdad skal det ha vore tretten–fjorten av dei – dreiv denne spesialstyrken med den mest groteske tortur av mistenkte opprørarar, også mindreårige. Fleire av dei gamle torturkammera til Saddam Hussein vart tekne i bruk att. «Dei var som Gestapo. Dei torturerte alle dei hadde mistanke til», seier ein anonym amerikansk soldat til The Guardian.

Saka etterlèt liten tvil om at den amerikanske militærleiinga visste kva som gjekk føre seg, og amerikanske soldatar skal ha overlevert mange fangar til avhøyr i desse fengsla. Jim Stee­le lét seg ein gong intervjue av The New York Times i eitt av forhøyrssentra, medan ein torturert fange skreik i smerte lenger nede i gangen. Steele skal ha hatt eit tett samarbeid med Dan Petraeus, USAs øvstkommanderande i Irak.

Sexy og mandig
I Foreign Affairs-intervjuet med general Stanley McChrystal – med tittelen Generation Kill – handlar ikkje Irak-krigen om tortur, men om logistikk, informasjonsflyt og teknologi. Likevel er denne fagpraten på sitt joviale vis vel så skremmande. Foreign Affairs er eit blad der makta diskuterer med makta, og det audmjuke intervjuet med McChrystal er skrive av redaktør Gideon Rose, som gjev intervjuobjektet sitt olbogerom. «Rolla eg hadde i Irak, var sexy, ho var tilfredsstillande, ho var mandig», seier McChrystal.

Han var rekna som ein av dei skarpaste knivane i skuffa til det amerikanske militæret. I Irak leidde han spesialoperasjonane til okkupasjonshæren frå 2003 til 2008, nett dei åra da Stee­le bygde opp sjia-militsane og nettet av tortursenter. Som leiar for det somme kalla «den mest løyndomsfulle militærstyrken til USA», og med eit hovudansvar for spesialoperasjonar mot motstandsgruppene, er det vanskeleg å tru at McChrystal ikkje nytta seg av informasjonen som torturistane til Steele skaffa, eller at han ikkje visste kva som skjedde. Fleire av soldatane hans vart dessutan sende heim fordi dei var innblanda i Abu Ghraib-skandalen i 2004. Og i 2006 kom det fram at elitestyrken til McChrystal sjølv torturerte fang­ar i cellene i Camp Nama. Minst to menneske vart mishandla til døde der. Men Pentagon var nøgd med innsatsen hans: I 2009 vart McChrystal utnemnd til øvstkommanderande for Nato-styrkane i Afghanistan.

Mogning
Den mest slåande passasjen i intervjuet med McChrystal handlar om «den intellektuelle mogningsprosessen» som styrkane hans gjekk gjennom. Den kan stå som eit minneord over Irak-okkupasjonen:

«Da vi starta i Irak, var spørsmålet: ‘Kor er fienden?’ Det var etterretningsspørsmålet. Etter kvart som vi vart smartare, byrja vi å spørje: ‘Kven er fienden?’ Og vi tykte vi var ganske flinke. Og så innsåg vi at det ikkje var det rette spørsmålet, og vi spurde: ‘Kva er det fienden gjer eller prøver å gjere?’ Og det var ikkje før vi kom enda lenger at vi sa: ‘Kvifor er dei fienden?’

Det er ikkje før du følgjer dette intellektuelle sporet at du skjønar at det er dette du må forstå.»

Per Anders Todal er journalist i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake