Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Gullkanta i Posten

Av Vidar Ystad
,  22.03.13


Konsernleiinga i heilstatlege Posten på sju personar kostar selskapet meir enn 24 millionar kroner i løn, bonus og pensjon i året.

Éin av desse, kommunikasjonssjefen, tente over to millionar i 2011. Ein million kroner meir enn statsministeren. Ein postbetjent har ei startløn på 320.000 kroner og 364.000 etter tjuefire års tenestetid.

Er dette rimeleg? Det spørsmålet har Dag og Tid stilt til samferdsleminister Marit Arnstad (Sp). Men spørsmålet får vi ikkje svar på frå statsråden.

Dette er situasjonen i dag. Det er nemleg ikkje berre toppsjefen i Posten som har særs rause lønsvilkår. I 2011 utgjorde løn, bonus, naturalytingar og pensjonsinnbetaling til konsernsjef Dag Mejdell 6.126.676 kroner. Heile konsernleiinga på sju personar i Posten har løner på over to millionar kroner.

«Litt høgt»
Dag og Tid stilte seks konkrete spørsmål om leiarlønene i Posten til statsråd Arnstad. Vi spurde om det var rimeleg med slike vilkår med høge grunnløner, høge bonusar og store pensjonskostnader. Og vi spurde om det var aktuelt å gjere noko med ordning­ane. Departementet svarar ikkje på eit einaste av spørsmåla.

Den politiske rådgjevaren til statsråden, Sigrid Brattabø Handegard, svarar på vegner av statsråden at «vår vurdering er at løner på dette nivået kan synast litt høgt. Departementet er likevel av den oppfatninga at lønsforholda er innanfor dei prinsippa som gjeld for leiarløn og retnings­linene som generalforsamlinga har fastsett for Posten.»

Det er samferdsleministeren som er generalforsamling i Posten.

Som sentralbanksjefen
Kommunikasjonssjefen, Elisabeth Hegg Gjølme, hadde ei grunnløn på 1.767.746 kroner i 2011, nesten på krona like mykje som sentralbanksjef Øystein Olsen, som fekk utbetalt 1.768.349 i løn. I tillegg kom bonus på 295.510 kroner, naturalytingar på 11.602 og pensjonskostnader på 376.085 til kommunikasjonssjefen. Samla utgjer dette 2.240.943 kroner. På toppen kjem ein etterlønsavtale om full løn i ni månader etter ei oppseiingstid på seks månader. Sentralbanksjefen har inga bonusordning, men mottok andre ytingar for 147.264 kroner. Pensjonskostnadene var 539.835 kroner.

Til samanlikning hadde statsminister Jens Stoltenberg i 2011 ei bruttoløn på 1.366.700 kroner, som også dekkjer innskot i Statens pensjonskasse.

Rause vilkår
Konsernleiinga talde fem andre personar. Dei hadde dei same rause ordningane:

Gro Bakstad med ei grunnløn på vel 2,2 millionar, 444.000 i bonus, 860.000 i pensjonskostnader.

Randi Løvland med grunnløn på vel 1,7 millionar, 343.000 i bonus, 146.000 i pensjonskostnader.

Tore K. Nilsen med grunnløn på vel 2,8 millionar, 505.000 i bonus, 405.000 i pensjonskostnader.

Arne Bjørndahl med grunnløn på vel 2,3 millionar, 452.000 i bonus, 968.00 i pensjonskostnader.

Pål Amundsen med grunnløn på knapt 2,1 millionar, 336.000 i bonus, 207.000 i pensjonskostnader.

Alle så nær som Bakstad og Bjørndahl har avtale om full løn i ni månader etter ei oppseiingstid på seks månader.

– Uforståande
– Det er heilt ukjent for meg at det var så gode lønsvilkår i Posten. Det er svært overraskande med slike vilkår i eit selskap som er 100 prosent statseigd, og eg stiller meg uforståande til at det er slik. At ein kommunikasjonssjef i eit statleg selskap skal tene meir enn ein million meir enn statsministeren, er meiningslaust, seier stortingsrepresentant Hallgeir Langeland (SV). Han sit i transport- og kommunikasjonskomiteen og i kontrollkomiteen på Stortinget.

Han meiner det er gode grunnar for å søkje å reforhandle lønsavtalane.

I årsmeldinga frå styret for 2009 opplyser styret at konsernleiinga har avstått frå lønsauke. Til gjengjeld fekk heile leiinga solide bonusar. Konsernsjefen fekk 589.100 kroner. Bakstad 371.875, Gjølme 307.877, Løvland 236.503, Nilsen 289.733, Bjørndahl 456.926. To leiarar som har slutta, fekk 393.900, respektive 467.500 kroner.

I 2005 hadde konsernsjefen ei grunnløn på 2.250.000. Det inneber at grunnløna har auka med ein million kroner sidan den raudgrøne regjeringa tok over regjeringsmakta trass i at regjeringa heile tida har hatt som uttala mål å dempe og få kontroll med leiarlønsutviklinga. I heile perioden har Senterpartiet hatt samferdsleministeren som har ansvaret for Posten.

Inga usemje
Tidlegare stortingsrepresentant Sigbjørn Molvik frå SV sat i ei årrekkje i styret i Posten. Det same gjeld Eli Arnstad, tvilling­syster av Marit Arnstad. Ho var i fleire år nestleiar i styret. Forbundsleiaren i LO-forbundet Postkom, Odd Christian Øverland, har også sete i styret for Posten gjennom ei årrekkje. Molvik og Øverland seier at det ikkje har vore usemje i styret om tilsetjingsvilkåra for leiinga i Posten. Bortsett frå vilkåra for konsernsjefen har dette ikkje vore tema på noko tidspunkt i styret, seier dei.

Øverland gjev uttrykk for at han heller ikkje har hatt kjennskap til detaljane om lønsvilkåra for konsernleiinga. Det seier han trass i at desse opplysningane står i årsmeldinga frå styret han sjølv er medlem av, konsernstyret i Posten. Han er også medlem av den såkalla kompensasjonskomiteen som vurderer bonus- og lønsvilkår for konsernsjefen.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake