Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


I bakvendtland kan alt gå an

Av Jon Hustad
,  22.03.13


Høgre er eit parti for bedriftsøkonomar som ikkje forstår samfunnsøkonomi.

Vi byrjar med skatt, for lat oss vedgå det: Skatt er det vi tenkjer på når vi tenkjer på Høgre, og den kampen har partiet vunne. Før Willoch steig skattenivået støtt og var kome over 50 prosent av all verdiskaping, BNP, i Noreg. Etter Willoch har skattenivået lege fast, og også i neste periode lovar Ap å ikkje auka skattane.

Høgre er òg der no og går ikkje lenger inn for store kutt. Skilnaden mellom Ap og Høgre i syn på skattenivå er marginal, men at det samla nivået ligg fast, tyder ikkje at vi ikkje kan gjera noko med innrettingane av skattane, og særleg skulle ein tru at Høgre ville gjera noko med ulempene. For det norske skattesystemet har eitt stort problem, eit problem som eit konservativt parti burde gjera noko med, nemleg at skattesystemet gjer samfunnet vårt ustabilt.

Om vi legg det normative til side, at det er gale å vera rik og vondt å vera fattig, kva slags skattesystem hadde vi laga om vi kunne byrja på nytt? Då hadde vi sjølvsagt laga eit system for å auka sparinga og redusera låneopptaka. Den vestlege verda går no gjennom den største økonomiske krisa sidan 1930-åra. Kvifor? Av di det var altfor, altfor billeg å låna. Høgre, sett bort frå ei gradvis fjerning av formuesskatten, har tenkt å gjera fint lite med dette.

Rå skatt på sparing
Lat oss gå utifrå at du tener bra. Du har lyst til å spara. Spara gjer vi med dei siste kronene vi tener, dei som vert skattlagde hardast. Fyrst betaler arbeidsgjevaren din 14,1 prosent i arbeidsgjevar­avgift. Så betaler du sjølv 45 eller 48 prosent i inntektsskatt. Den siste krona set du så i banken til 3 prosent rente. 28 prosent av rentevinsten tek staten, to prosent av den opphavlege krona og rentevinsten tek inflasjonen. Diverre har du formue. Så staten tek 1 prosent til, også av den opphavleg krona og den nominelle, men ikkje reelle, rentevinsten. Ei krone du i utgangspunktet har betalt rundt 60 prosent i skatt på for å få tak i, vert kvart år mykje mindre verd om du lèt henne stå i banken. Det er gale å seia det: I Noreg må ein vera idiot for å spara i bank, det finst ingen incitament for å spara seg til rikdom.

Vel, det siste er ikkje heilt sant. Når du betaler ned på gjeld, sparer du også, men utan å leggja deg opp kontantar. Du har lyst på eit hus. Du går ikkje til mor og far og bed om pengar, dei har kor som er ikkje særleg med pengar av di det ikkje løner seg å spara i bank, og du sparer heller ikkje sjølv. Nei, du låner. Då går heile prosessen i revers. I staden for å betala høg skatt på kronene du tener, kan du trekkja av 28 prosent av renteutgiftene på skatten, inflasjonen et opp to prosent av det samla lånet i året, og sidan du har gjeld og ikkje kontantformue, slepp du formuesskatt. Dessutan leiger du ut kjellaren og får heile leigeinntekta skattefritt.

Hurra for gjeld
Det norske skattesystemet er altså laga for at folk skal taka opp meir og meir lån og gjera sitt beste for å unngå å ha pengar i banken. Det er òg laga for at folk skal investera i hus i staden for å investera i næringslivet. Finst det eit alternativ? Ja, ein kunne fjerna, eller i det minste redusera, både rentefrådraget og kapitalskatten. Det ville føra til langt meir sparing, langt mindre opplåning og eit samfunn av meir ansvarlege borgarar, som ein skulle tru Høgre ynskte.

Høgre er ikkje der. Ja, dei vil redusera formuesskatten på sikt, som vil gjera det litt mindre dyrt å spara, men dei vil framleis ha rentefrådraga og kapitalskatten, som igjen gjer at sparing er toskeskap. Ei løysing kunne ha vore å gjera det mindre lønsamt å investera i bustad, men nei: Høgre vil «si nei til boligskatt».

Startlån, altså offentleg subsidierte lån til fyrstegongskjøparar, er derimot fine saker, endå det er ei låneform som driv opp prisane og gjer det lettare for folk å taka opp meir lån. Høgre ynskjer «at flere kan få mulighet til å eie egen bolig». Anten har ikkje programkomiteen lese ei einaste bok om kvifor vi fekk den siste finanskrisa, eller så driv dei parti­politikk og gjev folk det dei trur folk vil ha.

Nettoløn!
Og ja, Høgre gjev folk det dei trur folk vil ha, sjølvsagt gjer dei det, men det er likevel lov å freista å gjera landet litt meir berekraftig. Har du høyrt om nettolønsordninga for norske sjøfolk? Truleg ikkje. Den er så galen at folk nektar å tru at ho finst i alle høve. Ordninga inneber til dømes at tilsette på Color Line betaler vanleg skatt for på den måten å få velferdsstatlege rettar, trygd, helse og så bortetter. Kven er det som får skatten? Ikkje staten, men eigarane av Color Line. Dei tilsette betaler altså skatt til eigne eigarar, og staten bokfører det som skatt til den norske fellesskapen, og det i ei tid då norsk næringsliv på land skrik etter arbeidsfolk. Kva meiner Høgre? Høgre vil «sikre en konkurranse­dyktig nettolønnsordning for norske sjøfolk».

Det er dette som er så rart med programframlegget til Høgre, det er nær kjemisk blotta for tradisjonell høgrepolitikk. Alle skal få, og ingen skal få vita at det er fellesskapen som skal betala for dette vi skal få. Høgre er eit parti for bedriftsøkonomar som ikkje forstår samfunnsøkonomi. Kva veit vi om økologisk landbruk? At det gjev svært låge avling­ar og er svært, svært dyrt. Om verda vart økologisk, ville milliardar døy: Høgre vil «støtte økologisk landbruk på lik linje med ‘konvensjonelt’ landbruk og gi økobønder mulighet til kostnadsinndekning gjennom økte priser.»

Spar energi
Det finst ein haug med offentlege utgreiingar som syner at det ikkje er samfunnsøkonomisk lønsamt å byggja såkalla lågenergihus sidan Noreg flyt over av rein og billeg vasskraft. I ein god del tilfelle må prisen på straum tidoblast før slike hus vert lønsame. Høgre vil likevel tvinga private til å byggja slike hus, og dei vil at alle skal vera med og betala for offentlege bygningar: «Alle nye offentlige hus skal være såkalte lavenergi­hus, og Husbanken og Enova skal ha gode støtteordninger for energiøkonomiseringstiltak i bedrifter og husholdninger.»

Altså: Når private har spart det dei greier å spara gjennom lønsame tiltak, skal staten inn og subsidiera, og det samstundes som Høgre går inn for endå fleire subsidiar til dei som vil byggja ut vass- og vindkraft, slik at energi vert endå billegare og subsidiane til energisparing må endå meir opp.

I år har Høgre varsla at dei vil satsa på helse i valkampen. Det høyrest bra ut; alle vil ha meir og betre helse. Men helsetilbod er endå meir enn andre tenester noko vi berre vil ha meir og meir av. Auka helseløyvingar, viser også tallause økonomiske utgreiingar, er det ein får minst att for. Den siste krona brukt er ekstremt lite effektiv samanlikna med den fyrste krona. Dessutan er helsesektoren ein sektor som er lite eigna for rein marknadstenkjing. I ein vanleg marknad vert gratispassasjerane utestengde. Om dei stel eit produkt, vert dei straffa, om dei vantar pengar, har dei ikkje råd til produktet. Slik er det ikkje i helsesektoren. Ingen i Noreg vil lata folk døy på gata, og godt er det.

Tre metodar
Då står vi att med tre metodar for å halda forbruket nede, for det må vi: regulering – dette behandlar vi, men ikkje dette –; kø – di lenger folk må stå i kø, di mindre viljuge er dei til å masa om behandling –; eller prising for dei som har råd til det. Alle vestlege demokrati med unnatak av USA, som har den suverent dyraste helsesektoren i verda, har ei blanding av desse tre verkemidla.

Høgre har funne eit nytt: å betala privat sektor for det dei offentlege ikkje får til. Høgre vil «innføre fritt behandlingsvalg på det offentliges regning, slik at de som trenger nødvendig helsehjelp, kan få et tilbud så raskt som mulig». No er det vanskeleg å definera «nødvendig» og «så raskt om mulig», men om vi skal taka Erna Solbergs retorikk på alvor, tyder dette at kvar den som har fått ein diagnose som det kan gjerast noko med, skal kunna leggja seg inn på ein privat klinikk og senda rekninga til staten, altså til alle andre som betaler skatt. Med ein slik politikk forsvinn all kostnadskontroll over helsesektoren.

I tillegg kjem det at det er det offentlege som finansierer og organiserer all opplæring av helsepersonell her til lands. Lækjarar må trenast opp på store ålmennsjukehus. Dei private klinikkane derimot har ingen kostnader ved opptrening og får gratis utdana arbeidskraft frå det offentlege, og sidan dei ikkje har kostnader til opplæring, kan dei tilby langt betre løn. Dei kan i tillegg velja prosedyrar og operasjonar som dei kan gjera billegare enn offentlege sjukehus sidan desse automatisk har ei rad ekstrakostnader. Kronikarane kan dei overlata til det offentlege. Kva skjedde elles då Gudmund Hernes opna opp for stykkprisfinansiering av offentlege sjukehus? Kostnadene eksploderte der òg.

Kva heiter pengane?
Høgre har vorte eit underleg parti. Dei seier dei vil halda på handlingsregelen, samstundes seier dei at pengane frå Oljefondet skal brukast på investeringar og ikkje trygd. Men i trygda eller sjukeløna vil dei ikkje skjera. Dei vil òg bruka mykje meir peng­ar på samferdsle, men dei seier ikkje kvar arbeidskrafta skal koma frå. Rett nok er dei for privatskular, som er tradisjonell Høgre-politikk, men dei vil nekta dei sama privatskulane å betala ut utbyte, som då tyder at sektoren ikkje skal opnast opp for marknadstenkjing likevel.

Vi har to statsberande parti her til lands, Høgre og Ap. Båe program har det sams at dei er nær uforståelege. Høgre- og venstredimensjonen er oppheva her til lands. I staden har vi fått språkløyse og politikk som ikkje går i hop. Men éin ting er Høgre og Ap samde om: Vi må ha eit skattesystem som oppmuntrar folk til å skaffa seg mest mogeleg gjeld.

«Når tannlegen skal komme, synes barna det er gøy, for han plomberer tennene med knekk og sukkertøy.»



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake