Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Bananrepublikken USA

Av Therese Sollien
,  15.03.13


Kvar månad no pumpar sentralbanken i USA 500 milliardar kroner inn i økonomien i landet. Det går neppe bra.

Kva er det eigentleg som går føre seg i USA? Korleis kan dei driva med desse underskota, og kven er det som låner dei pengar? Svaret er at dei låner av seg sjølve. Lat oss sjå nærare på korleis det er mogeleg.

Sentralbank er noko dei fleste styresmakter som uroar seg for eiga evne til å kontrollera inflasjon og slikt, vel å halda seg med. Det er ikkje difor den amerikanske sentralbanken, The Federal Reserve, er særmerkt. Det merkelege er kva banken gjer for å halda USAs hovud over vatnet i møte med gjeldsauken dei seinaste åra. For å henta pengar ut or lause lufta skulle ein tru berre var mogeleg i bananrepublikkar.

Frå ein statleg synsstad løner det seg at valutaen har ein relativt låg verdi. Då vert nasjonale varer og tenester billegare for andre land å kjøpa, og dimed vert varene lettare å eksportera, medan importvarer vert dyrare og ikkje så tiltrekkjande for forbrukarane. Det er til dømes difor amerikanarane ikkje likar at Kina nektar å sleppa fri yuanen på marknaden, han vert kunstig lågt prisa. Det gjev Kina ein føremon i marknaden. Som senator Lindsey Graham seier det: «Den amerikanske arbeidsstokken vert slått av eit kommunistisk diktatur som juksar. Dei arbeider ikkje betre enn oss, dei manipulerer valutaen og subsidierer industrien.»

Kjøp gjeld!
Den viktigaste føresetnaden for å ha ein sentralbank er at staten har store utgifter. Di raskare dei trykkjer pengar, di lettare vert det å betala desse utgiftene. Men om ein trykkjer pengar raskare enn nye varer og tenester kjem på marknaden, får ein inflasjon; pengar er nemleg ikkje noko anna enn eit vilkårleg symbol på det menneska skaper av verdiar i ein økonomi. Vert det ubalanse mellom mengda pengar og mengda verdiar, får ein inflasjon eller deflasjon. Difor treng ein å ha sentralbank. Dei vedtek kor mange pengar bankane skal kunne laga, og det utan å verta påverka av politiske ynske.

Men kva gjer ein stakkars sentralbank når økonomien slit? Til vanleg held dei seg unna statsgjeld og styrer renta ved utlån til bankar, men sidan finanskrisa kom, har sentralbanken byrja å kjøpa statsobligasjonar for å redusera renta på statsgjelda, og han kjøper massivt. Kvifor gjer sentralbanksjef Ben Bernanke dette? Det korte svaret er, som Philip Coggan skriv i boka Paper Promises, at pengar er gjeld, og gjeld er pengar. Gullstandarden tok slutt i 1971, og sidan då har det ikkje vore noko fysisk motstykke i systemet som fortel kva pengane er verde. Medan gull er noko handfast som ein kan eiga og som held seg i verdi, er moderne pengar ikkje noko anna enn eit kravbrev. Når sentralbanken kjøper statsobligasjonar, aukar dei pengemengda, og då går renta ned av di det vert meir pengar i systemet og avkastninga på obligasjonane minkar. Det har sentralbanken gjort lenge no.

Endå meir gjeld
Men kva skal ein gjera når rente­nivået nærmar seg null? Då kan ein setja i verk det dei kallar kvantitativ lette. I teorien tyder det å kjøpa fleire obligasjonar. I praksis tyder det at dei pumpar pengar inn i systemet frå lause lufta. Sentralbanken har sett i verk tre rundar med kvantitativ lette dei seinaste åra. Det dei har kjøpt mest av, er bustadlån. No for tida kjøper sentralbanken opp bustadlån og statsobligasjonar for 85 milliardar dollar kvar einaste månad. Det er det same talet som styresmaktene skal spara mellom mars og oktober med dei automatiske budsjettkutta. I 1975 var 85 milliardar dollar heile Pentagons budsjett. Det er to gonger så mykje pengar som OL i Beijing kosta. Ein kan verta svimmel av mindre.

At amerikanarane nyttar meir pengar enn dei tener, er rett nok ikkje noko nytt, det har dei alltid gjort, og som Keynes peika på, finst det gode grunnar til å føra underskotspolitikk. Underskotet i år vert dekt av neste års auka skattar og avgifter, som kjem naturleg av at økonomien har vakse. At økonomien veks, følgjer mellom anna av at styresmaktene fører meir pengar inn att i systemet gjennom underskotspolitikken. Det vi ser i USA for tida, er ei slags gjennom­føring av denne grunnregelen, berre på steroid og veksthormon. Men dop er sjeldan sunt i lengda.

Uflaks for Obama
Obama har ikkje hatt lukka på si side dei seinaste åra. Tea Party-rørsla har nekta å gå med på å auka skattane, jamvel om skattelettane til Bush bidrog til å auka underskotet til å byrja med. Krigføring, massive helseutgifter, auka behov for arbeidsløyse­stønad og lågare skattinntekt enn forventa grunna finanskrisa har kosta staten ufattelege summar. Sidan tala er så astronomiske, er det nyttigare å sjå på den amerikanske gjelda i samanheng med BNP. Den samla gjelda i 2000 låg på kring 35 prosent av BNP. I januar 2013 var ho på 73 prosent. Tek ein med den offentlege gjelda òg, altså den som delstatar og kommunar og andre offentlege aktørar har, er den totale amerikanske gjelda på over 16 billionar dollar, eller 16.000 milliardar dollar. Det utgjer 104 prosent av BNP. Med ein slik sum kan ein kjøpa alt som vert produsert i USA av varer og tenester i eit heilt år og framleis ha pengar att. Forstå det den som kan.

«Hu’s your daddy», spøkte republikanaren Michele Bachmann i fjor, med tilvising til at Hu Jintao og kinesarane eig så mykje av den amerikanske gjelda. Men ho tok feil: Kinesarane og japanarane eig om lag like mykje, det vil seia kring 8 og 7 prosent respektivt. Noreg eig litt òg. Kr 724.802.277.679 av Oljefondet er fordelt på 1925 investering­ar i USA. Storparten av gjelda eig amerikanarane sjølv, det vil seia 65 prosent, og resten er òg notert i dollar, som igjen gjer at om USA trykkjer endå meir peng­ar, så vert utalandsgjelda stadig mindre verd. Kinesarane har alt byrja å selja seg ut. Dei er redde USA ikkje kjem til å kunna betala for seg når låna forfell.

Framtida
Kva skal skje med den amerikanske gjelda? Det er ikkje godt å seia. Svært mykje peng­ar har vorte trykt utan at verdiskapinga har auka. Ein naturleg konsekvens av ein slik praksis er inflasjon. Når og om obligasjonane skal seljast att, kan renta byrja å auka, prisane stiga og sparepengar verta verdilause. Ingen veit sikkert sidan det ikkje har vore gjort før. Eit anna mogeleg scenario er stagnasjon, altså at verdiskapinga ikkje aukar, levestandarden går ned og gjelda endå meir opp. Den tredje mogelegheita er at USA ikkje greier å betala. Då er det berre å håpa at ein ikkje har kasta bort dei siste tiåra på å spara pengar, for dei sparepengane ser ein aldri att. Sparepengane til amerikanarar vert i alle høve stadig mindre verde, og det same vert investeringane utlendingar har i USA.

Det er elles ein myte at budsjettet må gå med overskot for at gjelda skal gå ned. Alt som trengst, er at økonomien veks raskare enn gjelda aukar. Men den amerikanske økonomien veks lite, medan gjelda held fram med å auka dramatisk. Sentralbanken opererer for tida med ein regel dei kallar Evans Rule, som seier at dei ikkje kjem til å auka renta og halda fram med å kjøpa gjeld til arbeidsløysa kjem under 6,5 prosent eller inflasjonen overstig 2,5 prosent. Obama har gjeve opp tinginga med republikanarane om å få i stand eit rammeverk som kan få budsjettet i vater og freista ikkje eingong å setja seg imot då dei automatiske budsjettkutta byrja denne månaden. Same kan det vere. Får dei på plass ein avtale, vert det nok for lite og for seint i alle høve. Amerikanarane vil ikkje betala høgre skattar, i staden aksepterer dei at staten gjer pengane deira mindre verde. Det er kanskje ein føremon at folk flest ikkje forstår pengepolitikk?

Therese Sollien er ph.d.-student i International Relations ved Florida International University.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake