![]() |
|
|
Miljø med noko attåt Av Jon Hustad , 15.03.13 Det hadde kanskje vore ein føremon om leiinga i Venstre hadde møtt opp i fysikktimane. Om Arbeidarpartiet er ørnen i norsk partifauna, som Jens Arup Seip ville ha oss til å tru, må Venstre, skaparen av alt politisk liv, vera Fugl Fønix som gong etter gong stig opp or oska. Sidan det ikkje representerer noka særinteresse, burde partiet for lengst ha vore daudt, men like fordømt dukkar det opp på nytt og på nytt. Det må vera historia som bergar det, for kven vert ikkje varm om hjarterota når ein tenkjer på den frie bonden, den radikale borgaren, motkulturane, røysterett for alle og «all makt i denne sal»? Venstre er beraren av det meste vi er byrge av i dette landet, og som vi veit, på Vestlandet røystar alle Venstre jamvel når dei røystar på andre parti. Men med Ap kom synda inn i landet, brått var vi alle ein del av eit undertrykkjande klassesamfunn, og verda vart aldri den same. Kontroversielt! Det stoggar ikkje der, for på side 11 kan vi lesa at Venstre i praksis vil avvikla lærarskulane òg, dei same lærarskulane som i si tid utdana Venstre-kadrane: Venstre vil ha «økt opptakskrav på grunnskolelærerutdanningen ved å ha krav om karakteren 4 eller bedre i norsk og matematikk». I eit normalt år, og slik har det vore i snart femten år no, har om lag 70 prosent av dei som vert tekne opp på lærarutdanninga, dårlegare karakterar i norsk og matematikk enn 4. Og når 70 prosent av studentane forsvinn, forsvinn òg lærarutdanninga. I tillegg vil Venstre at ingen skal kunna undervisa i fag dei ikkje har minst eitt år fordjuping i. Anten kan ikkje Venstre prosentrekning, eller så har dei tenkt å gjennomføra ein skulerevolusjon. Lønskostnadene ved å ha berre flinke folk i skulen har ikkje Venstre rekna på. Men dei skal få for motet. Venstre, av alle, vil underminera rekrutteringsgrunnlaget for Utdanningsforbundet. Venstre er noko så unikt som eit skuleparti som vil leggja seg ut med dei som arbeider i skulen. Ingen skal heretter kunna skulda Venstre for å vera eit særinteresseparti. Ny velferdsstat Og det stoggar ikkje der. Venstre vil redusera barnetrygda for dei som tener greitt, dei vil avvikla all statleg stønad til AFP, dei vil fjerna den offentlege tenestepensjonen, dei vil auka den formelle pensjonsalderen til 75, og dei vil taka bort mange av reglane i arbeidsmiljølova om fritid og overtid. I tillegg krev dei at det alltid skal vera meir lønsamt å arbeida enn å gå på trygd. Om omgrepet nyliberalisme har meining, så må det vera mynta på Venstre, og om norsk venstreside og norske fagforeiningar vil ha ein fiende, er Venstre mykje betre eigna enn både Frp og Høgre. Underskrivne har lese alle partiprogramma, Venstres er tvillaust det mest kontroversielle. Dei vil til og med føra inn aktivitetsplikt for uføretrygda. Her skal det arbeidast! Og ein gong i framtida vert nok desse framlegga offisiell norsk politikk. Kan ikkje miljø Men skal ein slik politikk gje meining, kan ein ikkje samstundes føra inn subsidiar og incitament til å laga meir energi generelt. For energi er energi same kva form han kjem i. Om Noreg vel å bruka mindre karbon, bør vi ikkje samstundes prøva å skapa meir energi; det vi sparer, må vi lata vera å nytta på andre område. Kort sagt: Om Noreg skaper stadig meir energi og sender han ut på verdsmarknaden, vil prisen på karbon verta lægre enn han elles ville ha vore. Det er så enkelt og så vanskeleg at i botnen av all klimapolitikk må målet vera å nytta minst mogeleg energi for å få utført oppgåver. Dette nektar Venstre å forstå. Ordet buss er knapt nemnt i Venstres program. Det er derimot tog. Venstre elskar tog, særleg om dei går fort: «Vi vil bygge ut et nytt og miljøvennlig jernbanenett i løpet av de neste tjue årene. Først nye dobbeltspor rundt våre største byer, deretter nye linjer mellom landsdelene.» Og dette nettet skal vere «med dobbeltspor tilrettelagt for høye hastigheter (minst 250 km/t)». Men kva veit vi frå fysikken? Jau, at di raskare vi vil ha ein masse til å gå, di meir energi må vi bruka. Buss for tog Isolert sett kan kanskje dette verka fornuftig om toga skal gå på vasskraft, men berre utbyggjinga av infrastrukturen åleine vil altså måtta føra til dramatisk auke i det norske karbonavtrykket. I tillegg er det slik at Noreg er knytt til det europeiske kraftnettet, og dimed vil svært mykje av energien koma frå kolkraftverk i Europa. På toppen kjem det at tog krev massivt med subsidiar som så gjer at staten må tena endå meir pengar, les: pumpa opp endå meir olje og gass. Og, syner utrekningane frå Transportøkonomisk institutt: Tog fører til spreidd busetnad som på si side fører til 50 prosents auke i bilkøyringa. Fleire kablar Venstre seier i tillegg at dei vil fylgja handlingsregelen. Miljø- og samferdslesatsinga til Venstre er utan eit einaste kostnadsoverslag. Det gjer Venstre lurt i, for berre dei to sektorane åleine vil måtta føra til dramatiske nedskjeringar i alle andre samfunnsområde om Venstre skal halda regelen. Men det vil ikkje Venstre. Tal er for økonomar, og sløsing er bra for miljøet. Venstres program må òg føra til mykje høgre innvandring; nokon må byggja alt det dei vil byggja ut. I tillegg vil dei gjera det mykje lettare å få arbeidsløyve for asylsøkjarar og andre, dei vil òg gje automatisk amnesti til alle barnefamiliar som kjem hit og greier å halda seg fast i tre år. Noreg ligg i verdstoppen i energibruk per innbyggjar. Om det er miljø Venstre er oppteke av, treng ikkje verda fleire nordmenn, men færre. Venstre vil òg kutta i skattane, både til dei rikaste og til dei som har minst. Vi får vona at desse pengane ikkje går til auka forbruk. Artig lesnad Dei stod langt frå kvarandre politisk, difor røysta dei Venstre...
« Tilbake |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|