Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Stranda i ingenmannsland

Av Per Anders Todal
,  15.03.13


Flyktningleiren Zaatari i den jordanske ørkenen gjev husly for 100.000 syrarar. Dei har berga livet, men ikkje særleg meir. Leiren er full, og alternativ finst ikkje.

Dei er ein del av den verste flyktningkrisa i verda i dag, men manglar ikkje livsmot: Smila til fire små gutar lyser inne i teltet til Abdulkarim-familien. Dei har endeleg fått kladdebøkene som dei har venta lenge på. Ungar er flinke til å glede seg over lite. Rayed på seks, Eyad på fem og Khayed på fire hoppar nyfikne rundt meg.

– Men vi har betre skrivebøker heime i Syria, forsikrar Rayed.

Minstemann, Ahmad på tre, har bandasje på foten. Han har vore uheldig og skore seg på ei blekkplate i dag, men også han held humøret oppe. Ein støvete ransel med Mikke Mus på ligg i eit hjørne. Dei to eldste gutane går fire timar dagleg på den improviserte skulen i flyktningleiren Zaatari i Jordan, berre 17 kilometer frå grensa til Syria der borgarkrigen rasar.

Slik sett er dei heldige: Skulane i leiren har langt frå plass til alle ungane. Over halvparten av dei kring 100.000 syriske flyktningane i Zaatari er barn.

Familien Abdulkarim har vore her i to månader, fortel mor til gutane, som ikkje ønskjer å fotograferast eller seie fornamnet sitt. Ho er åleine med ansvaret for dei minste no: Mannen hennar og dei to eldste sønene rømde frå leiren sist veke for å prøve å få seg arbeid, tene litt pengar og finne ein stad å bu ein stad inne i Jordan. Han var bilmekanikar i Syria. Kanskje har nokon bruk for arbeidskrafta til han sjølv og gutane hans i Jordan.

– Vi vil gjerne ut herifrå. Det er vanskeleg å leve her i leiren. Alt er skite her, seier mora.

Vona er at mannen hennar kan finne ein jordansk familie som vil garantere for dei og gje dei husly. Berre slik kan dei lovleg kome seg ut av Zaatari.

Det har vore to harde månader for familien Abdulkarim. Vinteren har vore av dei strengaste i manns minne i Jordan. Det har vore minusgradar og snø i ørkenen, men det verste var styrtregnet i januar som gjorde bakken til gjørme og fylte mange av telta med vatn til langt opp på leggen.

– Vi har frose, og gutane har vore mykje sjuke her. Men dei er i live. Det ville dei kanskje ikkje vore om vi vart verande i Syria. Vi reiste for deira skuld.

Familien heldt ut lenge heime i landsbyen i Syria, men det stadige bombardementet, både frå lufta og frå bakken, vart for mykje.

– Vi var redde både dag og natt, og vi kunne aldri sove, seier Abdulkarim.

Dei kryssa grensa som del av ei stor gruppe flyktningar. Vegen var vanskeleg og farleg. Som dei fleste andre gjekk dei det siste stykket i ly av nattemørkret.

– Da vi kom nær grensa, slo det ned ein granat like ved oss. Mange i gruppa vår vart skadde, men vi var heldige.

Abdulkarim er svært klar: Familien hennar skal ikkje heim att før Bashar al-Assad har falle.

– Den dagen vi får høyre at Bashar er borte, går vi straks heim. Vi vil gå utan sko, om vi må. Men så lenge han har makta, reiser vi ikkje attende. Det blir ikkje trygt i Syria før han er borte.

Rayed og Eyad dultar borti meg og smiler lurt. Dei har ein skatt å vise fram: Gutane held fram kvar sin neve med klinkekuler.

– Dei er frå Syria, seier Rayed alvorsamt.

– Syria! ropar Ahmad glad frå armen til mora.

Les meir i papiravisa, eller som PDF
her.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake