Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Eit godt val
Oddmund Hagen,  02.04.05

Guillaume Vigneault viser korleis sorg og sorgearbeid, apati og tomheitskjensle kan vendast til noko positivt. Foto: Lille Måne
ROMAN
Guillaume Vigneault:
Mot medvind
Forlaget Lille Måne

Forlaget Lille Måne blei stifta sommaren 2004 og har så langt gitt ut 5-6 titlar, dei fleste innanfor alternativ livsstil og alternativ medisin. Men forlaget satsar også skjønnlitterært, og den første romanen på lista er Mot medvind av den kanadiske forfattaren Guillaume Vigneault. Boka kom ut på fransk i 2003, ho er omsett til engelsk og no til norsk av Thomas Lundbo. Det skal òg lagast film av boka. Ho har med andre ord eit stort publikumspotensial, og det er slett ikkje ufortent, for det er noko med denne teksten som treffer lesaren og bryt ned den skepsisen ein opnar boka med.

Mot medvind er ein lett ironisk generasjonsroman for vaksen ungdom. Hovudpersonen Jack eller Jacques er 36 år. Han opplever ei krise etter eit samlivsbrot, og saman med eks-svogeren Tristan legg han ut på ein biltur frå Montreal over grensa til USA med surfebrett på taket; utan mål, utan meining, det er berre reisa i seg sjølv som driv dei vidare. Dei treffer den spanske ungjenta Nuna som blir med dei, og dermed er det duka for eit trekantdrama. Med andre ord ein romantisk roadmovie-roman med allusjonar til beat-generasjonen og til Jack Keruacs On the road.

Dei slår seg til på New Englands-kysten ei stund, og Nuna og Tristan innleier snart eit forhold som blir vanskeleg for Jack. Etter ein del tumultar krydra med eit skikkeleg saloon-slagsmål og ein porsjon situasjonskomikk, bryt Jack opp og reiser vidare åleine sørover til Florida, vidare vestover til Louisiana og New Orleans der han tek seg jobb som daglønt oppvaskhjelp i eit gatekjøkken.

Her opplever han ei naturkatastrofe som tek livsgrunnlaget frå eigaren av gatekjøkkenet, og så lenge forsikringspapira ikkje er i orden, ser det ganske mørkt ut. Jack, som er ein solidarisk fyr, bruker dei kontaktane han har, og alt ordnar seg før han set seg i Buicken og dreg nordover til New York og seinare tilbake til Canada. Han treffer igjen Tristan og Nuna, og det som heile vegen har lege i korta, blir no oppfylt: Jack og Nuna blir kjærastar. Med andre ord ein roman som går opp i minste detalj og oppfyller dei forventningane som blir skapte undervegs. Det er sjarmerande og uhøgtideleg, ei opplagd «feel good»-greie.

Ein kan alltids spørje kor Jack tek pengane frå, og svaret er at han er ein berømt fotograf som har hatt utstillingar i New York, og han har ein mektig gallerieigar og finansmann i ryggen. Økonomien er derfor ikkje det store problemet for Jack; problemet er at han har mista gnisten, han har begynt å tvile på meininga med det heile, og i tre år har han vore borte frå rampelyset etter utruskap, samlivsbrot og ei kjensle av å bli trekt under overflata. Grunnen sviktar under han, og han kan velje å la det skje eller kjempe seg tilbake på fast grunn.

Kunstverk i sand
Her ligg det filosofiske fundamentet i teksten. Skal ein la seg overmanne av sin eigen melankoli og leve som poetisk romantikar i ei slags zenbuddhistisk livsoppfatning: «Enhver har sin egen himmel; det som betyr noe, er å lete etter vind». Går det an å flykte frå seg sjølv og si eiga fortid, eller må ein prøve å tilgi og forsone seg med det som har hendt? Slike spørsmål reiser romanen, og han gir vel ikkje dei heilt utdjupande svara, men prøver ved å halde oppe to alternativ: Zenbuddhisten som lagar eit kunstverk i sanden, og når det etter fleire veker er fullført, øydelegg han det og startar på nytt, eller fotografen som festar minnet til filmen og kunstgalleriet.

Romanen er krydra av småfilosofiske betraktningar og treffande formuleringar, og viser korleis sorg og sorgarbeid, apati og tomheitskjensle kan vendast til noko positivt. I god roadmovie-tradisjon ber han også fram kjensla av fridom og opprør mot lover og reglar, solidaritet og vennskap, sjarmerande slumpetreff og lagnadstunge møte mellom menneske. Vigneault bruker også sjakkspel, puslespel, surfing, flyging og bilkøyring som symbollegging av det han vil formidle, små detaljar som føyer seg inn i eit mønster og viser ein enkel, men gjennomtenkt og gjennomarbeidd komposisjon der dei sjarmerande og velformulerte avskilsbreva også er ein del av heilskapen.

Guillaume Vigneault er fødd i 1970. Han er son av Gilles Vigneault, ein kjent kanadisk poet og visesongar. Mot medvind er den andre boka hans, og han har opplagt noko å fare med i skildringa av sin eigen generasjon. Derfor har eg ingen problem med å gratulere Lille Måne med eit godt og klokt val av opningsroman i ei skjønnlitterær satsing.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake