![]() |
|
|
Manglande 8. mars-parolar Av Svein Gjerdåker, 08.03.13 Det er nokre viktige 8. mars-parolar som manglar i demonstrasjonstoga i dag. Toga får ikkje fram at kvinnekampen er delt mellom den moderne likestillingskampen for fleirtalet og klassisk kvinnefrigjering for eit veksande mindretal. I den siste gruppa finn vi kvinner som innvandrar og slår seg ned her under den store innvandringa vi no opplever. For mange i denne gruppa handlar det om å fri seg frå kulturelle og religiøse forventningar og påbod. Det er den grunnleggjande kvinnefrigjeringa på nytt. Det gjer ikkje situasjonen lettare at mange innvandrarkvinner òg har problem i det norske samfunnet av di dei er innvandrarar. Ikkje slik at den moderne sekulære norske modellen med to velutdanna godt vaksne foreldre, der «vi er gravide», der born går i barnehage før dei er eitt år gamle og der halvparten til slutt skil seg, er det ideelle utviklingsstadiet som alle må streva etter. Men det er visse fridommar alle i dette landet må kunne forventa. Difor er frigjeringa av innvandrarkvinner frå land der frigjeringa ligg langt etter den vestlege viktig. Vi må motverka patriarkalske og kulturelle praksisar som hindrar innvandrarjentene til fritt å velja korleis dei vil ordna livet sitt. Forfattaren Amal Aden, som fekk Amnesty-prisen sist veke, og er fast skribent i Dag og Tid, står midt oppe i denne kampen. Ho kjempar dagleg for å betre livet til mange born, kvinner, lesbiske og homofile i nokre av innvandrarmiljøa. I dette strevet mot intoleranse, særleg mot lesbiske og homofile finn vi den prekære kvinne- og frigjeringskampen i Noreg dag. Det er merkeleg at denne kampen ikkje er meir synleg i 8. mars-toga. Kanskje til neste år? « Tilbake |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|