Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ikkje særleg lærerikt

Av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
,  08.03.13


Hulter til bulter legg Erik Solheim politisk teori og tenking til sides for personleg røynsle.

MEMOARAR
Erik Solheim i sam­arbeid med Marit O. Bromark:
Politikk er å ville
Cappelen Damm 2013

Politiske memoarar, meir enn sjølvbiografiar, står i valet mellom å vere illojale eller keisame. Men utspela til Erik Solheim i denne boka er så lite analyserte at vi ikkje skjønar meir av det indre livet i verdspolitikken, i SV eller i regjeringa. Vi aukar heller ikkje forståinga eller sympatien med vanskelege val og tilstandar.

Vi må berre akseptere karaktersetjingane frå skulemeister Solheim (som elles vil ha storsatsing på lærarrolla i framtida). Uheldig for partiet hans i eit valår, men handlinga i denne boka forklårar kvifor: Alle må skjøne bakgrunnen hovudpersonen har, for å vurdere innsatsen til andre.

Det gjer at jamvel for oss som er kritiske til mangt i SV, tippar Solheim over skalaen mot illojalitet – og nærmar seg det låttelege i sjølvtillitsnivå. Når han ein sjeldsynt gong vedgår at han ikkje fekk alt til, minner han meg om uttrykket: «Vi er alle syndere, jeg unntar ikke engang meg selv!»

Konkluderer ikkje
Rett skal vere rett, Solheim fer ikkje med sladder. Han nærmar seg likevel somtid det lurvete, som når han plent må skulde Jagland for miseren på Sri Lanka. Etter ei av dei få relativt interessante lengre utgreiingane i boka, om rolla til Noreg som fredsmeklar, tek ikkje Solheim på seg å konkludere om fredsmeklarrolla er positiv, umogeleg eller kan ut­­viklast, nei. På pinleg manér snur han sorga over dei tapte liva og eige fåfengt arbeid til ei ukledeleg personleg fornærming over å ha vorte dårleg handsama av sjefen. Sikkert sant. Men lærerikt? Nei.

Solheim avskaffar politisk ana­­lyse og byter han ut med røynsleoppsamling frå personlege kontaktar, kompetanse og dugleik. Det er sympatisk nok at han er flink til å låte vel om politiske motstandarar, ikkje berre nasjonalt, men frå mange kantar av verda. Retorisk er det ein styrke og inneber at han meiner seg å ha roskompetanse til å stå over dei han omtalar. Men når dette – utanom i miljøpolitikken – vert nærast einaste vurderingsmåte, trengjer inntrykket seg på om at vi likså gjerne kunne hatt eit eittpartisystem. Eller meir interessant: at ein kunne plukka folk frå ulike parti etter evner og kunnskapar. Men den tanken er aldri beinveges drøfta, sjølvsagt. Viktigare å syne at SV plukka feil personar då det galdt.

«Museumsvaktarar»
Halvorsen og Solheim kjempa ned bruken av sosialismeomgrepet frå SV-politikken for mange år sidan. Dei framstår då også i boka som uskiljelege kumpanar i kvar ei sak – og med litt hjelp av Djupedal før han gjekk ut or soga i 2007. For om lag tjue år sidan kalla Solheim motstandarane sine for «museumsvaktarar». Vel, han provar i det minste at det ikkje veks på ein rullande stein, og rullar og romlar ikring, det gjer han i sanning.

Resultatet er at han aldri vågar seg på noka form for vurdering av kva sosialdemokratiet har å seie, anten lokalt eller nasjonalt. Rett nok skjønar eg han slik ein stad at europeiske kristendemokratar er om lag på line med det han sjølv meiner, men kva det skulle føre med seg i diskusjonane om til dømes velferdsstaten, får vi ikkje vite.

Retorikken er heilt etos-orientert, det tyder: Vi vert bedne om å lite på Solheim av di han har så omfattande røynsler. Der er lite av logikk og orden; redigeringsprinsippet er uskjøneleg – einskildsoger, tankar og minne kjem hulter til bulter. Lidenskapar ser vi berre litt av i dei lengre kapitla om miljø- og fredsarbeid og elles i punkt der Solheim er uboteleg fornærma. Absolutt alt er konsentrert omkring egoet: reiser, statsmiddagar, samtalar, møte med framståande politikarar, eigne born brukte som døme. Alt.

Han har vore alle stader, har tala med alle viktige menneske, har skjøna alt. Utan at vi får analysar (anna enn i knappe sentensar og lånte eller sjølvlaga klisje­ar) ser vi at Solheim har full greie på Kina, India, Tyrkia, USA, Latin-Amerika (særleg Brasil, han har tala med Lula), Aust-Europa, Bu­rundi, Sudan, Zimbabwe, Nepal, Sri Lanka, Burma, Afghanistan. Og meir.

Statsmannskappa han aksla som dobbelminister i miljø og utviklingssaker (den einaste i verda!), omgjorde han med superheltstatus – som han saknar sårt. Ingen store mysterium står att. Vi får råd om å tale med diktatorar (som ein bør tale med), får vite kva tilhøvet er mellom kapital og kunnskap, lærer koss personar med rett politikk best forvaltar pengar, og så bortetter i ein evig flaum.

Gull i gråstein
Problemet er at mest inkje får stogge opp for nærare vurdering­­ar. Solheim kastar smutt bortetter vassyta; kvar ævelege gong ser vi steinen søkke, oftast etter få tuppar i bylgjene. Det irriterande er at her finst mange interessante einskildpoeng, kan hende er det faktisk gull som glimar somtid, inne i gråsteinsurda av klisjear og sjølvgratulasjonar. Med alle dei umotiverte layoutmessige og saklege avbrota vert vi til sist så frustrerte at komne til kjernesakene reknar vi ikkje med å lære noko vesentleg. Med god grunn. Likevel litt overraskande, når ein gjennom åra har høyrt mange positive referat frå bistandsarbeidarar og andre om engasjementet og den effektive måten Solheim ofte har agert på. I denne boka kjem egoet hans i vegen for han sjølv.

Solheim hevdar ein stad at internasjonal politikk i dag er multipolar, etter at spenninga mellom aust og vest løyste seg opp i mange andre motsetnader. Hans eigen skrivemåte er i høgste grad også multipolar, til skilnad frå bipolar. Episodar, anekdotar, uferdige resonnement, på­­standar om alt mellom himmel og jord, sitat, sentensar, klisjear, døme utan tolkingsprinsipp og som oftast umotivert utdeling av karakterar, attåt mykje anna, fer mot den arme lesaren som mitraljøseeld. Den uforløyste taktikk-drøftinga av SV mot slutten etterlèt oss ikkje med fred i sinnet. Eitt er sikkert: Vellukka politikarar treng ikkje å skrive som om dei lyt ta opp att tapte slag liksom geriljasoldatar til skogs.

Nyttige einskildtiltak
Kva vil Erik Solheim verte hugsa for i norsk politikk? Som mangt anna som gjev seg ut for tankar og argument i boka, er også tittelen lånegods, lånt frå Olof Palme. Ei mild historisk vurdering av Solheim kan vere at han avskaffa nytten av politisk teori og ideologisk tenking, førde inn nokre nyttige einskildtiltak i miljø­arbeidet og nådde elles aldri opp til sitt eige sjølvbilete.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake