Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Frå matfatet: Lasagne

Av Siri Helle
,  08.03.13


Lasagneindustrien har enda opp som eit supperåd.

Lasagne tyder firkantar. Rett og slett – lasagne er rektangulære, flate pastaplater til å steikje i form. Og, tru det eller ei, nordmenn gjer det heilt rett: to sausar, ein tomatbasert kjøttsaus og ein bechamel, ost på toppen, inn i omnen. Vi har skjøna det. Norsk lasagnemiddag, nett slik mamma mia ville ha gjort det.

I reklamebiletet er det ordentlege italienske damer som lagar lasagne. Damer med knute i nakken, mønstrete forkle og store, kjøtfulle nevar, kvinnfolk som flår tomatar, kjevlar pastadeig, hakkar lauk og eltar kjøtdeig på ein gong. Dei eig kjøkkenet, dei eig maten, dei eig arbeidet med han. Der står vi ikkje heilt i stil – med bankkort og ei frosen aliminiumsform frå Rema.

Sjuande far i huset
Det er den franske frosenmatgiganten Comigel som produserer lasagne for Findus. Eller, meir konkret er det fabrikken Tavola i Luxembourg som produserer lasagne for Comigel. Her lagar to hundre arbeidarar 16.000 tonn frosenmiddagar kvart år, skal vi tru The Guardian. Når Tavola treng forsyning av kjøt, ringjer dei til den franske kjøtimportøren Spanghero. Spanghero ringjer kjøtoppkjøparen sin på Kypros, som sel ordren vidare til endå ein oppkjøpar i Neder­land som, endeleg, legg inn tinginga på kjøt hjå slakteri i Romania. Returen går strake vegen i samanlikning: Romania – Spanghero – Tavola – Findus lasagne. Effektivitet? Eller sjuande far i huset?

Jo, det er mange sjuande og åttande og niande fedrar i denne historia. Findus starta opphavleg som eit fruktforedlingsfirma i Sør-Sverige (FruktINDUStri), men det gjekk ikkje mange år før frosne fiskefiletar frå Hammerfest vart det leiande produktet. Fleire djupfryste produkt kjem til, og det heile går så bra at storindustrien, representert ved Nestlé, kjøper selskapet i 1962. Dei styrer skuta fram til år 2000, då investeringsselskapet EQT tek over nokre år, vert misnøgde med innteninga og sel Findus til «gamlefar i hornet» – eit endå større investeringsselskap med namnet Lion Capital.

Opp som ei løve ...
Ifylgje nettsida til Lion Capital fokuserer dei på «konsumentsektoren» – ja, dei ynskjer å verte verdsleiande i denne marknaden. Baserte i London er dei registrerte med hovudverksemdene vekstkapital og profitable oppkjøp. I Norden eksisterer dei som holdingselskapet Foodvest International Ab, som formelt står som eigar av Findus-konsernet.

Kor går så den kortaste vegen mellom Lion Capital og rumenske slakteri? Ikkje forbi mitt middagsbord i alle fall. Eg kjenner meg ikkje så trygg midt opp i all denne kjøpinga og storkapitaliseringa. Det er som om det ikkje handlar om mat lenger – for tida handlar det visst mest om å skulde på kvarandre.

Nei, ta meg tilbake på kjøkkenet til mor. Ein lyt nok setje av ein time, pluss steiking. Og det skal godt gjerast å få det billegare enn Findus’ 95 kroner kiloet. Lasagnelaging kjem med lauktårer, steikjeos, svidde sausgryter, oppvaskberg og sløve rivjern. Slik det skal vere. Slikt kaos er den einaste vegen til full kontroll over råvarer, smak og meistring. Og for all del, det må gjerne vere far som står bak grytene. Men berre éin generasjon om gong­en, takk.

Kjøper eg Findus lasagne? Nei takk, eg tek kniven i eigne hender og lagar lasagnen min sjølv.

Siri Helle er elev ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake