Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Duka for bråk

Av Therese Sollien
,  08.03.13


Irans atomprogram kan gje Pentagon høve til å få att pengane frå Kongressen. Ein nyttig fiende er god å ha.

USA/IRAN

Førre veke byrja dei automatiske kutta i USAs offentlege utgifter. 1,2 billionar eller 1200 milliardar dollar må kuttast frå dei offentlege utgiftene dei neste ti åra, og dei aller største kutta skal hentast frå forsvarsbudsjettet. Er dei smarte i Pentagon, brukar dei valkampen i Iran for alt han er verd. Ironisk nok kan president Mahmoud Ahmadinejad koma til å verta Pentagons ukjende ven som får forsvarsbudsjettala i balanse att.

Det var Dwight D. Eisenhower som i si tid åtvara amerikanarane om makta i det militær-industrielle komplekset og evna deira til å leggja press på styresmaktene for stadig å auka løyving­ane til militæret. Om Iran held fram med å opprika uran i same tempo som dei gjer i dag, kjem dei ein gong i april eller mai til å nå den såkalla raude lina som Israel har trekt. Det tyder at dei kjem til å ha ei mengd opprika uran som Israel og USA meiner mogeleggjer produksjonen av ei atombombe så raskt at dei ikkje kan akseptera det. Kva det tyder at dei ikkje kan akseptera det, er ikkje sagt klårt, men trugsmålet om bruk av våpenmakt kan ikkje mistydast.

Evige tingingar
Førre tysdag byrja ein ny runde tingingar i Kasakhstan mellom Iran, Tyskland og dei fem faste medlemene av Tryggingsrådet i FN. To veker før organiserte dei iranske styresmaktene offentlege feiringar av det 34. jubileet for revolusjonen som oppretta den islamske republikken Iran. «Død over Amerika! Død over Israel!», ropa dei feirande i gatene i Teheran.

Krig er ei vidareføring av politikk med andre middel, sa general von Clausewitz. Sanksjonane mot Iran er alt så omfattande at den iranske økonomien er tvungen i kne. I nesten heile det siste tiåret har Iran hatt tosifra inflasjonsratar, og i slutten av 2012 nådde han 27 prosent. Grunna sanksjonane er Iran utestengt frå det meste av verdas internasjonale banksystem, og av di landet har problem med å eksportera varer utan tilgang til bankane, har rialen svekt seg så mykje at fabrikkar slit med å importera naudsynte delar, som igjen svekkjer den iranske produksjonsevna. Utrekningar frå Det internasjonale energi­byrået seier at Iran gjekk glipp av 40 milliardar dollar i oljeinntekter i 2012 på grunn av kombinasjonen av sanksjonar og dårleg leiarskap.

Urettvist mot Iran
India, Israel og Pakistan har tidlegare nekta å skriva under ikkje-spreiingsavtalen utan å verta møtte med tilsvarande sanksjonar, for ikkje å seia utan sanksjonar i det heile. Frå ein iransk ståstad verkar boikotten å vera vilkårleg. I eigne augo har Iran rett til å byggja atomreaktorar til fredelege føremål, det er å produsera ikkje-ureinande energi. Både ayatolla Khamenei, den øvste leiaren, og president Mahmoud Ahmadinejad har nyleg uttala at dei nektar å gå med på direkte samtalar med USA med våpen retta mot tinningane. Ahmadinejad har gått endå lenger ved å seia at han er klar for å setja seg ned i eigen høge person til tingingar dersom trugsmåla tek slutt. Ei slik fråsegn kan tolkast på to vis:

Den fyrste mogelege tydinga er at Ahmadinejad gjev uttrykk for støtte til den øvste leiaren, at han handlar som ein statsmann. Den andre, meir trulege, forklåringa er at han ynskjer å visa seg som ein likemann med den øvste leiaren, ein som vil posisjonera seg til å halda på makta også etter at valet er over. Om så er tilfellet, kjem han neppe til å gå stilt i dørene i tida frametter. Så har då også ayatolla Khamenei alt fjerna Ahmadinejads viktigaste støttespelarar frå maktposisjonane deira av di det er venta at Ahmadinejad ikkje er viljug til å gå utan kamp.

Ikkje konspirasjon
Ein treng ikkje å vera konspirasjonsteoretikar for å innsjå at trugsmål mot den nasjonale tryggleiken lever innanfor ein økonomi der merksemda umogeleg kan vere allestadsnærverande, og i desse dagar er det betre kår i USA for å retta merksemda utover att enn det har vore på nokre år. Den siste supermakta har ikkje råd til å vera overalt samstundes. Men no har amerikanarane drege seg ut av Irak, og etter attendedragingsplanane skal dei siste soldatane ut av Afghanistan innan slutten av 2014.

Førre veka vart Chuck Hagel innsett som forsvarsminister. Han har vore eit svært kontroversielt val som Obama har hausta mykje kritikk for. Hagel var republikansk senator i Nebraska frå 1997 til 2009 og er kjend for å ha vore sterkt imot invasjonen av Irak, som han samanlikna med krigen i Vietnam. Endå viktigare i denne samanhengen er at han òg er kjend for å ha uttrykt seg sterkt kritisk mot påverknaden til den israelske lobbyen i Washington, som han endåtil kalla «den jødiske lobbyen».

«Eg er senator for USA, ikkje Israel», uttala Chuck Hagel i 2006. Han har støtta kravet til palestinarane om Aust-Jerusalem som hovudstad, han kritiserte Israels krig mot Libanon i 2006, og viktigast av alt i denne samanhengen: Han har vore sterkt imot å auka sanksjonane mot Iran. Ein av grunnane til at Hagel har vore eit så upopulært val som forsvarsminister, er at mange mistenkjer at Hagels utsegner om Midtausten djupast sett avspeglar Obamas standpunkt, som han sjølv ikkje er i posisjon til å uttrykkja. Men kvar du står, kjem an på kvar du sit, sa Nelson Mandela. Den øvste sjefen i Pentagon har truleg ikkje same høve til å avvisa mogelege trugsmål mot den nasjonale tryggleiken som han hadde då president Bush sat med makta og Hagel berre var senator for Nebraska.

Frie val!
I juni skal det vera val i Iran. Den øvste leiaren, ayatolla Ali Khamenei, har alt uttala at det ikkje er nokon vits i å snakka om frie val, for vala i Iran har alltid vore frie, hevdar han. Tidlegare utanriksminister Ali Akbar Velayati er venta å vere ein av dei mest trulege kandidatane til å taka over for Ahmadinejad. Velayati er ein av seniorrådgjevarane til ayatollaen og er kjend for å ha vore sentral i utforminga av den harde lina mot Vesten hjå den noverande leiarskapen. Ein annan truleg kandidat er utanriksminister Ali Akbar Salehi, som tidlegare har vore Irans representant i Det internasjonale energibyrået. I 2009 vart han vald til å leia Irans atomenergiorganisasjon og vart nekta innreise til EU.

Neppe Putin
Analytikarar har spekulert i om Ahmadinejad hadde sett føre seg å taka over makta att i neste valrunde, lik Putin gjorde etter Medvedjev. Det vil ikkje den øvste leiaren ha noko av og har bede Ahmadinejad taka eit stilt farvel. Det ynsket kjem han neppe til å få oppfylt. «Eg har inga frykt. Eg lovar til Gud at eg ikkje har noka frykt! Berre meg kan de snakka til, andlet til andlet», sa han nyleg til journalistane. «Finst det nokon annan, sei meg kven!»

Ahmadinejad lèt seg ikkje diktera, og han viser seg å ikkje vere redd for å konfrontera leiarskapen som den iranske grunnlova seier sit over han. Når forsvarsbudsjettet i Washington skal kuttast i vår, gjer Pentagon lurt i å sjå etter trugsmål mot den nasjonale tryggleiken. Med ein laus kanon i Teheran som verkar viljug til å gjera kva som helst for å halda på makta, treng dei truleg ikkje leita lenge. Om det nasjonale farenivået vert auka til raudt i snarleg framtid grunna atomprogrammet i Iran, er det ikkje noko å verta forundra over.

Therese Sollien er PHD-student ved Florida International University



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake