Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Krise­generasjonen

Av Erika Fatland
,  08.03.13


Krisa i Spania er over. No er seigpininga i gang.

Finanskrise. Omgrepet har ein abstrakt, analytisk klang, men stanken som slo mot oss då me steig ut av taxien utanfor den mellombelse heimen vår i Granada, var høgst konkret. Byen er elles mest kjend for det mauriske borgpalasset Alhambra og dei snødekte toppane til Sierra Nevada som strekkjer seg majestetisk mot skydekket, men i dei tronge, pittoreske gatene var det no søppelfjella som regjerte.

Søppeltømmarane streika, og ut frå stanken og høgda på søppelberga å døme hadde dei streika ei stund. Og sjølv om søppelstreik er blant streikane som haustar minst sympati hos folk flest, var det ikkje vanskeleg å forstå kvifor mennene i grøne kjeledressar hadde lagt ned arbeidet i protest: Firmaet deira ville setje ned løna med 5 prosent og samstundes forlengje arbeidsdagen.

Etter nokre dagar forsvann søppelet, og gatene vart skylde med klorin. Søppeltømmarane var komne til semje med sjefane sine: lengre arbeidsdagar, ned 2,5 prosent i løn og ingen oppseiing­ar før 2015. I dagens Spania vert dette rekna for å vere ein siger.

Bronse i arbeidsløyse
Økonomar held seg helst til tal og prosent, noko som speglar seg i dei gjengse skildringane av finanskrisa. Her er nokre nøkkeltal: Ved utgangen av 2012 var arbeidsløysa i EU 10,7 prosent. I Hellas, landet som hittil har vorte hardast råka av krisa, var arbeidsløysa heile 26,3 prosent, medan Spania, som er meir enn fire gonger så stort, kom like bak med 26,02 prosent.

Ved byrjinga av året var seks millionar spanjolar i arbeidsfør alder utan jobb. Den andalusiske byen Granada har pallplassering i nasjonal arbeidsløyse: 37,32 prosent held til bronse. 162.900 granadinarar er utan jobb og fast inntekt, og talet aukar for kvar månad som går.

I gata gjer tala seg utslag i ord. Overalt heng det skilt med innskrifta «til sals» eller «til leige», lyktestolpane og oppslagstavlene er fulle av handskrivne lappar med tilbod om alt frå tysktimar og barnepass til husvask og ulike typar massasje, alt til sørgjeleg konkurransedyktige prisar.

Men dei verkelege dramaa går føre seg bak husets fire vegger.

¡Stopp utkastingane!
– Er det nokon nye saker? ropar ei lita, energisk kvinne med skulderlangt, brunt hår. Ho ser seg spørjande rundt i det slitne lokalet. Det er så fullt i det gamle klasserommet at det er mest umogleg å få lukka døra.

Menneska der inne er i alle aldrar, frå tjue til sytti, nokre har med seg borna sine, andre er komne på vegner av vaksne born. Dei fleste er enkelt kledde; enkelt, men anstendig. Det surrar av stemmer og ord, klemmane sit laust.

Dei som ikkje har klart å kapre ein stol, sit på golvet eller står langs veggene, og heile tida strøymer det fleire til.

Ein mann rekkjer nølande handa i vêret. Det vert nesten stilt medan han fortel om den gamle far sin, som er i ferd med å verte kasta ut frå heimen sin fordi broren ikkje har greidd å betale huslånet. Lånet vart teke opp i den gode tida, tidleg på 2000-talet, med pant i huset til faren.

– Ei typisk sak, kommenterer kvinna og gir mannen nokre skjema som han må fylle ut. Dei skal sjå på saka, lovar ho før ho hastar vidare i programmet.

– Nye saker? Fleire nye saker?

Klokka er litt over åtte om kvelden og gruppa «Stop Desahucios», «Stopp utkastingane», har måndagsmøtet sitt i Granada. Gruppa vart stifta som direkte følgje av finanskrisa og har no lokallag i alle store, spanske byar. Dei hjelper folk som står i fare for å verte kasta ut frå heimane sine med gratis advokathjelp og opplæring i lov og rett.

Om nødvendig vert representantar frå gruppa med i møte med banken og i krisetilfelle hindrar dei politiet i å kaste ut folk ved å lenkje seg fast framføre inngangsdøra. Nyleg innførde regjeringa ei ny lov som gjer det mogleg å straffe slik sivil ulydnad med inntil 3000 euro.

– Alle som er her, har problem, kviskrar dama ved nabopulten til meg. Sjølv er ho der på vegner av mora på over åtti år, som ikkje lenger greier å betale huslånet, og sonen og kona hans, som begge er arbeidslause og må overleve på 800 euro i månaden. Med ein liten baby i huset er situasjonen prekær.

– Hadde det ikkje vore for hjelpa me har fått her, hadde både mor mi og son min vorte kasta ut for lenge sidan, fortel ho.

– Dette har vorte familien min no, her hjelper alle alle. Eg kjem hit kvar veke for å sjå om det er noko eg kan hjelpe til med.

Berre i Granada har «Stop Desahucios» fleire hundre saker gåande, og på landsbasis har gruppa hjelpt tusenvis av menneske. Men dei greier ikkje hjelpe alle.

– Som de sikkert alt veit, tok ein av medlemene våre i Córdoba, 36 år gamle Francisco Lema Bretón, sitt eige liv i førre veke, fortel José Iglesias, advokat og leiaren for gruppa, mot slutten av møtet.

– Francisco hoppa ut frå fjerde etasje etter å ha fått eit brev om at han skulle kastast ut frå husværet sitt. Han etterlét seg kone og eitt barn.

Ifølgje «Stop Desahucios» er ein tredjedel av sjølvmorda i Spania dei seinaste åra direkte knytt til utkastingar. I snitt vart det i 2012 gjennomført 517 utkasting­­ar kvar dag.

Kuttar feil
Slik det så ofte er i tronge tider, har krisa gått hardast utover dei som hadde minst frå før. Professor i praktisk økonomi Juan de Dios Jimenez Aguilera er sterkt kritisk til måten spanske styresmakter har handsama situasjonen på:

– Regjeringa har kutta i det som det er enklast å kutte i, nemleg velferd, seier han.

– Dei har gjort store kutt i helse og utdanning og privatiserer der dei kan, i staden for å skjere ned på administrasjonen, som er enorm. Det første Partido Popular gjorde då dei kom til makta i 2011, var elles å minske skattane og avgiftene, slik at staten no på toppen av det heile får inn mindre inntekter enn før.

Som dei fleste andre eg har snakka med, er heller ikkje Aguilera det minste overraska over dei siste, store korrupsjonsskandalane som har råka landet og som strekkjer seg langt inn konge­­huset og regjeringskontora.

– Her i landet har pengane alltid vore nært knytte til makta, fortel han.

– Slik var det under monarkiet og under Franco-tida, og slik har det halde fram. Folk flest har vore klare over at det har vore slik, men dei har tolerert det. No som arbeidsløysa er rekordhøg, folk går ned i løn og misser sosiale gode, er toleransegrensa for kva politikarane kan sleppe unna med, naturleg nok lågare. Problemet er at me ikkje har noko transparent system, som i Noreg eller i Tyskland.

Den tapte generasjonen
Ordet krise kjem frå det greske krisis og kan setjast om med ‘brå endring’, ‘skjebnesvanger forstyrring’ eller ‘avgjerande vending’. Innbaka i definisjonane ligg forventninga om at ei krise er noko kort og mellombels – ein overgang til noko nytt. Men den internasjonale finanskrisa, som no er inne i sitt sjuande år, har vist seg å vera alt anna enn mellombels. Situasjonen har gått frå dramatiske nyhende om bankkonkursar og kriselån, til seigpining.

I Spania er det berre stats­minister Rajoy som er optimist. I oppsummeringa av «Nasjonens tilstand» i slutten av februar kunne han fortelje at han såg lys i enden av tunnelen. Mot slutten av 2014 vil det verste vere over og situasjonen vil snu, meinte han. Få eg har møtt, deler optimismen til statsministeren, heller ikkje professor Aguilera:

– Sjølv om eg er optimist av natur, trur eg det er meir realistisk å innstille seg på at det vil ta tjue år før økonomien er i balanse igjen, seier han.

Ein slik tidshorisont gir lite håp til dagens unge, som ikkje utan grunn vert omtala som «Spanias tapte generasjon». 55 prosent av alle unge spanjolar mellom 18 og 25 år er utan arbeid. I Granada er talet nesten 70 prosent.

– Dei som har sjanse til å reise ut av landet, bør gjere det, er rådet Aguilera gir.

Au pair med mastergrad
Andrea Mayorales er mellom dei mange som alt har reist. Med mastergrad i fransk filologi er 29-åringen utdanna fransklærar. Etter å ha sendt søknad og CV til over tre hundre bedrifter, alt frå språkinstitutt til supermarknader, utan å få eitt einaste svar gav ho til slutt opp og reiste til Irland for å arbeide som au pair.

– Eg har alt budd og studert tre år i utlandet, men skilnaden var at då gjorde eg det fordi eg hadde lyst. No gjer eg det fordi eg må, fortel ho.

– Kvar gong eg er i utlandet, lengtar eg heim til familien min og til Andalucía; difor skulle eg så gjerne ha vorte buande i landet mitt, men det er ingen jobbar å få.

I 2005 vart «los mileuristas», «tusen­euroingane», eit omgrep i Spania. Det vart nytta til å om­­­tale dei mange nyutdanna som måtte ta til takke til praktikantstillingar og andre «slavejobbar» til tusen euro i månaden. Med ei slik løn kunne dei naturlegvis skyte ei kvit pil etter eige husvære og økonomisk sjølvstende. I dag høyrer dei som er så heldige å tene tusen euro månaden, til middelklassen. Eit nytt omgrep har begynt å spreie seg: «los nimileuristas», dei som aldri kjem til å tene tusen euro i månaden.

Dei få venene til Andrea som har fått jobb etter avslutta utdanning, arbeider lange dagar for 600–700 euro i månaden i stil­ling­­ar dei er overkvalifiserte for. Ei venninne arbeider som spansklærar for utlendingar og turistguide, arbeidsdagen er ti timar, og ho får betalt 700 euro i månaden. Ei anna jobbar med å sortere frukt og grønsaker i landsbyen sin. Også ho tener knappe 700 euro i månaden, noko som for fleire og fleire har vorte ei vanleg månadsløn. Mange unge har ikkje anna val enn å flytte heim att til foreldra eller heilt enkelt aldri å forlate reiret. Gjennomsnittsalderen for å flytte frå foreldra er no 29 år og stig for kvart år som går.

– Personleg trur eg ikkje leng­­er eg har noka framtid i Spania, og det gjer meg uendeleg trist, skriv Andrea Mayorales i det siste e-brevet eg får frå henne etter at ho har reist til Irland.

Erika Fatland er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake