Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Er Homer på prosa framleis Homer?

Av Gjert Vestrheim
,  01.03.13


Homer på prosa kan opne for nye lesarar, men òg vekkje ny hug til dei gamle.

EPOS
Homer:
Sangen om Odyssevs
OMSETT AV KJELL ARILD POLLESTAD. CAPPELEN DAMM 2013

For dei fleste norske lesarar i dag er Homer synonymt med Østbyes attdiktingar frå 1920-åra, men han finst òg på nynorsk ved Arne Garborg (Odysseen) og Eirik Vandvik (Iliaden). Sams for desse er at dei held på Homers versemål, heksametret, slik det tradisjonelt har vorte tillempa på germanske språk. Dei dreiar seg altså om vers av typen «enno ein gong fekk eg vetren at sjå for våren at røma», med seks tunge stavingar, men utan rim og med rom for variasjon i talet på lette stavingar.


                                

Pollestad har i staden sett om til prosa og grunngjev det i etterordet med at den metriske forma gjer Homer utilgjengeleg for moderne lesarar: «Heksameteret kan være vakkert over noen linjer, men vil for de fleste virke ganske søvndyssende over tre hundre sider.» Eg har høyrt dette klagemålet før og skal ikkje late som det ikkje finst, sjølv om eg ikkje er samd. Det har faktisk sjølvaste Ibsen bak seg: Han skriv i eit brev at «heksametret er i vore nordiske sprog ubrugeligt», og at slik er det òg på tysk.


                                Uvand tempo
                                

På tysk og skandinavisk har vi likevel ein rik tradisjon for heksameterdikt, med høgdepunkt som Stiernhielms Hercules, Goethes Hermann und Dorothea og Strindbergs Trefaldighetsnatten, men det er diverre få som les dei. Eg trur ikkje det kjem av nokon grunnleggjande feil ved versemålet, men at versa tvingar ein til å setje ned tempoet og helst til å lese høgt (i det minste inni seg), og moderne lesarar er ikkje vane med å lese lange tekster langsamt eller med å lese lange dikt eller med å lese metriske tekster i det heile. Når ein freistar å lese Homer raskt, kjem monotonien i versemålet fram, og då vert det nok både keisamt og søvndyssande.


                                

Det tyder likevel ikkje at det er gale å setje om Homer til prosa. Som Pollestad peikar på i etterordet, er dette regelen på romanske språk. Som han òg peikar på, er ei norsk Homer-omsetjing uansett ikkje berre ei omsetjing frå eit språk til eit anna, men òg frå eit versemål til eit anna (det greske heksametret er basert på lengd, ikkje trykk) og frå eit medium til eit anna: Homers dikt er opphavleg munnlege komposisjonar for munnleg framføring, men for oss er dei skrift. Slik sett er det å setje om til prosa berre å dra konsekvensen av skilnadene mellom grekarane og oss sjølve.


                                Munnleg utfordring
                                

Ei prosaomsetjing av Homer har likevel sine eigne, særlege problem, og dei er knytte nett til at dette er det ein i forskinga kallar oral poetry – munnleg dikting. Det tyder ikkje berre at dikta vart munnleg framførde og overleverte, men at dei vart improviserte ved hjelp av eit stort tal faste formlar som hjelpte til med å få rytmen til å gå opp. Når Homer seier om eit skip at det er snøgt, eller tjøra, eller svarttjøra, vel han ikkje adjektiv ut frå kva som gjev meining i saman­heng­en, men ut frå kor mykje plass som skal fyllast i versemålet. Eit vers som «derefter svarte gudinnen, den blåøyde Pallas Athene» (Østbye) tyder ikkje at diktaren vil minne om at Athene er blåøygd, men at han treng å fylle ut eit heilt vers. Som Pollestad sjølv skriv i etterordet, er det tilsvarande prosa-uttrykket heilt enkelt «Athene svarte».


                                

Samstundes er alle adjektiva, oppattakingane og utvidingane mellom dei viktigaste stiltrekka hos Homer, og Pollestad freistar heldigvis ikkje noka konsekvent «prosaisering». Verset ovanfor finst, i to litt ulike utgåver, fleire stader i byrjinga av verket. Fyrste gongen vert det omsett i full lengd, neste gongen som «sa Athene», tredje gongen som «sa den blåøyde gudinnen Athene», fjerde gongen som «sa gudinnen med de strålende øynene». Det er same ordet som vert omsett først som «blåøyd» og deretter som «med de strålende øynene». Slik variasjon høver godt med originalen, for det dreier seg nettopp om variasjonar utan skilnad i meiningsinnhaldet, og det naturlege er difor å velje den formuleringa som passar best inn i setningsrytmen, anten ein set om til poesi eller til prosa.


                                Bunden til teknikken
                                

Som dømet viser, kan ein ta Homer ut av heksametret, men ein kan knapt ta heksametret ut av Homer, sjølv på prosa, for heile måten hans å uttrykkje seg på er bunden opp til den poetiske komposisjonsteknikken. Eg veit ikkje om dette problemet i det heile lèt seg løyse, og stilmessig føretrekkjer eg Østbyes og Garborgs heksameter. I prosaversjonen er det som om stoffet stretar imot forma. Likevel trur eg Pollestads versjon vil vise seg som eit verdfullt tilskot til norsk bokheim.


                                

Som filolog er eg van med å lese desse tekstene særs langsamt, med fokus på dei språklege detaljane. Slik vert det i nokon mon òg med metriske om­­setjingar: Eg les langsamt og sjeldan særleg langt om gongen. Odysseen på prosa vart difor ei ny oppleving. Med prosa les ein raskare, og ein les meir. Då får ein òg meir syn for den effektive karakterteikninga og drivet i handlinga, og for dei fleste lesarane er det truleg det viktigaste.


                                

Pollestads Odysse vil føre verket til nye lesarar og vekkje ny hug til det hjå mange av dei gamle. Difor er dette eit verdfullt arbeid som vi har stor grunn til å vere takksame for.


                                

Gjert Vestrheim


                                Gjert Vestrheim er fyrsteamanuensis i gresk ved Universitetet i Bergen og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake