Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den amerikanske draumen til endes

Av Bernt Hagtvet
,  01.03.13


– Folkestyret er grunnleggjande svekt på båe sider av Atlanteren, seier Geert Mak, aktuell med ny bok om USA etter suksessen med fjernsynsserien om Europa.

Geert Mak har tidlegare stått bak ei bok om og ein TV-serie om Europa som har funne eit stort publikum, ikkje minst her i Noreg.

– No har du skrive bok om reisa di i John Steinbecks fotefar frå vest til aust i Nord-Amerika. Kva skilnader ser du mellom Europa og USA?
– Då må eg minna om sider ved USAs historie som skil landet frå dei fleste i den «gamle» verda. Dei som utvandra til USA, var sterkt religiøse. Dei tolde ikkje religiøs undertrykkjing. Tenk berre på dei som la ut på det bårute havet med «Mayflower» (1620). Særleg kalvinistane var sterkt prinsippfaste. Dette la grunnen for ein sterk tendens i retning messianisme, trua på USAs eineståande misjon i verda og det heilt særskilde moralske grunnlaget i statsskipnaden.

Byrjinga
Geert Mak legg vekt på den amerikanske sjølvoppfatninga. Landet var reinare enn dei gamle kolonimaktene i Europa, ein reaksjon mot all kolonialisme og vilkårleg makt. Føremålet med politikken var «to create the world anew», byrja på nytt, laga ein stat i Guds bilete.

– Dette var arven frå revolusjonen. Det er dette vi kallar det amerikanske unnataket, «exceptionalism», seier Mak.

– Vi ser det i sjølvbiletet hjå mange amerikanar, i utanrikspolitikken, òg hjå Obama. Dette draget la òg grunnen til ein sterk individualisme og djup skepsis til statsmakta, i alle fall når ho ville regulera moral- og religionsoppfatningane hjå den einskilde. Her går mønstret langt attende. Gløym ikkje at statsmakta under britane vart identifisert med korrupsjon og urepresentativt styre. Likevel er det for enkelt å seia at USA i heile si soge har vore full av statsskepsis. Både Teddy og Franklin D. Roosevelt, frå to ulike parti, stod for ein aktiv stat. Og det var under Eisenhower at staten verkeleg kasta seg på ei massiv infrastrukturutbyggjing (highway-systemet). Ingen var usamde i det. Den gongen.

Vogga til OPPLYSINGSTIDA
Mak seier at vi ikkje må gløyma at det var i USA at opplysingstida verkeleg fann fotfeste, og viser til forfatningverket frå 1787 og i den jeffersonianske sjølvstendefråsegna frå 1776. Du – alle – kan jakta etter lukka. Samla sett gjev denne arven seg utslag i ei sterk tru på at ein kunne velja, avgjera sin eigen lagnad, som individ og som folk. Ein kunne dra, eller ein kunne vera heime. Dei som drog, var sterke folk.

– Du ser opplysingsarven òg til dømes i Jeffersons interesse for naturvitskapane og i trua alle grunnlovsfedrane hadde på utdanning. For alle. Det ligg ein respekt for fornufta her. Så seint som i 1950-åra sette til dømes Eisenhower i gang ein debatt om lagnaden til landet. Du kunne så å seia starta om att heile tida. Tru på menneskeleg vilje er typisk amerikansk, seier Mak.
SLUTTEN
Voksteren i antirasjonalitet, vitskapsforakt og halvfundamentalistiske rørsler innanfor det republikanske partiet no, saman med svekkjinga av middelklassen, gjer det ikkje så lett å tala om optimisme og opplysingsbasert politikk i dag. For ikkje å tala om den amerikanske draumen. Mak er samd.

– Det vi ser no, er slutten på den amerikanske optimismen, trua på at alle kan verta rike. To av tre amerikanarar meiner no at framtida vil verta dårlegare enn i dag. Det er skremmande nytt. I 1964 sa tre av fire at dei var lukkelege. No seier altså to tredjedelar at landet deira er på feil veg.

Her ligg eit sosiologisk faktum: Det er mest ikkje sosial mobilitet att i USA. 40 prosent av folket i USA vil for alltid verta verande lågast i den amerikanske samfunnskroppen.

– Det same talet for England, eit av dei mest klasseridne samfunna i Europa, er 30 prosent, seier Mak.

– Etter Reagan har det òg skjedd ei enorm overføring av rikdom til stadig færre amerikanar. Folk eg trefte, bruka uttrykket «den gigantiske støvsugaren» om denne inntektsoverføringa. Det amerikanske samfunnet er no alvorleg ute av balanse.

– Og sidan USA aldri har hatt eit sosialdemokratisk parti, vil vel dette ikkje endra seg?
– Nei, dei radikale rørslene i USA feste seg i fagforeiningar, ikkje i noko parti. Og dei ville ikkje skapa ein ny stat – på sett og vis hadde amerikanarane alt hatt sin revolusjon. Fagrørsla ville at alle skulle verta rike. Den amerikanske draumen endå ein gong. I USA er det såleis ei merkeleg respekt for dei superrike, jamvel ein Donald Trump. Ikkje misunning, berre eit ynske om å verta som han. Med ein slik mentalitet er det tungt å få til solidaritet.

UNDERGRAVINGA
– Kva meiner du er årsakene til den politiske krisa i dag?

– Eg ser fire ulike:

1. Demokratane miste sørstatane, og republikanarane vart drivne ut av dei store byane i nord. Det skapte ein ubalanse i politikken.

2. «Jerrymandering», den medvitne manipuleringa med valkrinsar, gjord frå båe parti. Det fekk til fylgje at eit stort tal av krinsar rett og slett vart eittpartikrinsar.

3. Korrupsjon. Dei fleste Kongress-representantane er altfor avhengige av lobbyistar og penge­makta. Dette har ført til ein politikarforakt i USA som er farleg.

4. Svekkjinga av sivilsamfunnet. Steinbeck budde lang tid i Sag Harbor på Long Island. I hans tid såg folk kvarandre; det var ei kjensle av å vera i same båt. Folk helsa på kvarandre i ein «community spirit». Sjølv om alle visste at Steinbeck var demokrat og fleirtalet i Sag var republikanarar, såg dei på han som ein mann med kunnskapar og medvit, ikkje som ein fiende du skulle overvinna.

Gert legg til:

– Med framveksten av forstadene, «suburbia», har dette sivilsamfunnet vorte undergrave. Samfunnet har vorte sterkt individualisert, ja, fragmentert, ei utvikling som med fjernsynet, og no med sosiale medium, har akselerert. Vilkåret for demokratisk politikk er med dette vorte svekt. Tidlegare så folk på kvarandre som menneskelege. No vert opinionen meir forma gjennom polariserte medium som til dømes Fox News, ei klar form for vulgarisering av ordskiftet som attpåtil pustar til kunnskaps­forakt.

Manglande legitimitet
– Skjer den same utviklinga i EU?
– Ja. I EU vert det no bygt opp eit omfattande maktsystem heilt utan demokratisk legitimitet – mest for å avgjera småsaker. Det vert oppfatta som utidig byråkratisering og berre aukar avstanden mellom styrande og styrde. Publikum reagerer med indignasjon og gjev røystene til ytterparti på høgre og venstre fløy. Sjå på Italia. Dei nasjonale mellompartia smuldrar opp, dei som frå gamalt av var samtalepartnarar i unionen. Polariseringa aukar. Demokratiet er ikkje å fatta, det er ikkje til å skjøna meir.

– Var EU-utvidinga eit feilsteg?
– EU hadde valet etter at kommunismen gjekk under om anten å verta utvida eller å verta fordjupa i demokratisk lei. I ein eim av triumfalisme valde unionen det fyrste. Eit mistak som no òg forklarer mykje av problema til euroen. Samstundes må eg medgje at det ikkje var lett for politikarane å visa tilbake krava frå dei no frie statane i aust om å koma med i EU.

– Den demokratiske staten er avløyst av marknadsstaten. Det viktigaste no er å få tilbake bankar som ikkje er casino, men energitilførsler i økonomien, slik dei var tiltenkte. Me har gløymt soga. På sett og vis ligg skulda hjå sosialdemokratane. Me tok reguleringa deira for gjeven. No har bankane for lenge vore reiskapar for kaos.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake