Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Eit språklaust parti

Av Jon Hustad
,  01.03.13


Den som vil finna ut kva Arbeidarpartiet har planlagt i neste stortingsperiode, gjer klokt i å lesa noko anna enn partiprogrammet.

Drep meg, herre konge, men ikkje med Arbeidarpartiets program ... På side tre dukkar den fyrste heilsetninga opp, det er òg den mest interessante. Ho har litteraturhistorisk flukt over seg: «Roger Ingebrigtsen har ikke deltatt i avslutningsfasen av komiteens arbeid.» Som det stod i dei klassiske møtereferata i Flåklypa Tidene: «Gabrielsen var ikke til stede.»

All politisk makt i Noreg renn gjennom Ap, difor burde programmet vera sentrallyrikk for det politiske Noreg. Det er programmet ikkje. Det er nær uforståeleg. Vel er Ap i utgangspunktet eit sosialistisk parti, men meiner dei slikt som dette: «Velferden dreier seg grunnleggende sett om menneskelige relasjoner. Vi ønsker ikke å la markedet avgjøre menneskelige relasjoner.» Nei, sjølvsagt meiner dei ikkje dette, marknaden skal framleis få avgjera svært så mange menneskelege relasjonar. Kvifor skriv dei det likevel då? Jau, truleg av di dei meiner det høyrest fint ut. Det gjer òg det dei meiner om skattesystemet. «Arbeiderpartiet vil ha et skatte- og avgiftssystem som gir stabile inntekter til fellesskapet, fremmer sysselsetting, rettferdig fordeling og et betre miljø.» Kven vil ikkje arbeida for slikt noko?

Kva og kvifor
Ja, alle partiprogram er fulle av ting som alle kan vera samde i, men ingen program har så mykje av slikt som Ap. Og kor interessant er det i lengda for fiskaren å tenkja over kva havet er for noko, og kvifor han er der ute? Politikk er ikkje det alle er samde om, politikk er i hovudsak fordeling av knappe gode. Men fordeling er kontroversielt, og kontroversar vil Ap unngå. Difor vil dei òg halda «de samlede skattene og avgiftene på samme nivå som i dag», som igjen må tyda at dagens skattenivå er det mest rettvise nokon gong.

Ap vil i staden vurdera. Ap vil til dømes «vurdere et utvidet HMS-ansvar i konsern og franchiseforhold», dei vil òg «vurdere hvordan det kan motvirkes at bruk av anbud i offentlig sektor svekker ansattes pensjonsvilkår», og det trass i at dei er mot at marknaden skal avgjera menneskelege relasjonar. Stimulera er også bra, særleg til konkurranse: Ap vil «stimulere til videreutvikling av toppidrettens prestasjonskultur og verdier». «Anbud», prestasjonskultur og motstand mot marknad og konkurranse, det er Ap, det. For ikkje å gløyma: Ap vil «arbeide for en offentlig sektor som er opptatt av service og individuelt møter hver enkelt innbygger.»

Kan media
Men ingen skal taka frå Ap at dei har det beste medieapparatet i landet. For eit par veker sidan kunne Dagsrevyen melda at Ap og Helga Pedersen gjekk inn for ein fast standard for vaksne i barnehagar fram mot 2020. Høgre var visst imot. Kvar og ein fekk inntrykk av at dette var eit dristig og ekspansivt framlegg. No skulle det verta langt fleire pedagogar og mykje betre tenester, og Høgre var eit kaldt og kynisk parti. Dagsrevyen las ikkje det som stod med lita skrift: Ap vil «innen 2020 innføre en bemanningsnorm som sikrer nok voksne i barnehagen. Normen må utformes i tett kontakt med kommunesektoren, og slik at voksentettheten i barnehagen er om lag på dagens nivå.» Dagens nivå altså.

Noko politikk inneheld programmet. «Vi vil øke timetallet i matematikk i ungdomsskolen, og sørge for at hvert fylke har minst én videregående skole som spesialiserer seg på realfag på høyt nivå.» Dette er eit framlegg om eliteskular for dei reknekunnige, som Ap i alle år har vore imot, men no vil føra inn av di arbeidsmarknaden etterspør det. Det er vel mest her Aps styrke ligg, at dei er totalt fleksible samstundes som dei maktar å gje inntrykk av at alt ligg fast.

Klimarot
Men det skaper ikkje nett eit logisk konsistent partiprogram. Klårast ser vi kan henda den haltande logikken i klimadelen av partiprogrammet, så lat oss konsentrera oss litt om den biten. På side 36 les vi: «Norge er omfattet av det europeiske kvotesystemet. De samlede utslippene i kvotesystemet kan bare reduseres gjennom å redusere den samlede kvotemengden.» I klårtekst tyder dette at om Noreg reduserer sine utslepp av CO2, vil det føra til lægre prisar på CO2-kvotar, altså vil ein norsk reduksjon av utslepp ikkje føra til lægre utslepp totalt i Europa. EU har fastsett kor store dei samla utsleppa frå EØS-området skal vera, og har overlate til marknaden å styra resten og nektar no å redusera kvotemengda grunna finanskrisa.

Kvifor har EU ført inn dette systemet? Jau, for å gje industrien såkalla incitament til å redusera utsleppa. Di meir Hydro slepper ut, di dyrare skal det verta. Men Ap vil òg vera industrivenlege. På side 30 kan vi lesa: Ap vil «videreføre ordningen med CO2-kompensasjon for industriens kraftpriser». Det tyder at industrien må betala for kvotane for så å få pengane attende frå staten. Ap vil med andre ord betala for å kompensera for den mark­nadsmekanismen Jens Stoltenberg så mange gonger har skrytt hemningslaust av, og det trass i at «den viktigste driveren for teknologiutvikling i næringslivet er å prise utslipp av klimagasser».

Det stoggar ikkje der. Éin av grunnane til at norske hus har vorte dyrare, skriv Finansdepartementet i perspektivmeldinga, er krava om betre isolering for å få ned forbruket av elektrisitet, men likevel vil Ap «følge opp klima­meldingen slik at bygningskravene i teknisk forskrift blir passivhus i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020». Dette vil føra til lægre utslepp i Noreg, og om ein skal tru Ap sjølv, ikkje lægre utslepp i Europa grunna kvotesystemet. Kravet fører òg til at det vert bygt færre hus i Noreg, og er ikkje samfunnsøkonomisk lønsamt.

Samfunnsøkonomi!
Men samfunnsøkonomisk lønsame vil Ap gjerne vera. Noreg vil i framtida få eit enorm kraftoverskot, syner alle prognosar. Denne auken kjem av di staten tvingar forbrukarane gjennom grøne sertifikat til å subsidiera ulønsam kraftutbyggjing, altså samfunnsøkonomisk ulønsamt. Men på side 32 kan vi lesa: Ap vil «bygge samfunnsøkonomisk lønnsomme overføringslinjer mellom Norge og utlandet», som i sin tur vil føra til at industrien og norske forbrukarar må betala ein høgre pris for krafta, nett det ein vil unngå gjennom ordninga med grøne sertifikat. Forstå det den som kan, denne lesaren gjer det ikkje.

Det Ap derimot er gode og logiske på, er å lova det som alt er eit faktum: «Arbeiderpartiet vil i perioden 2015 til 2020 sette kommunene i stand til å øke med ytterlige 10.000 nye årsverk i helse og omsorgssektoren fram mot 2020, samtidig som det planlegges for en ytterligere vekst fra 2020.» Dette er om lag det same som å seia ein kjem til å ha meir klede på seg når det vert kaldare. Eldrebylgja garanterer for konsekvensen. Det er dette som er kjernen i Aps program, å gjera lovnader av det som i alle høve er og vert faktum. Tak til dømes noko så enkelt som denne lovnaden og tenk såkalla negasjon, at ein vil gjera det motsette: Ap vil «sørge for at de som ikke kan klare seg med oppfølging fra helse- og om­sorgspersonell hjemme, får tilgang til bolig med heldøgns omsorg eller sykehjemsplass».

Platt og tungt
Av slikt er det så mykje i Aps program, og det gjer det så tungt å lesa. Ja, «Alle har ansvar for egen helse. Men fellesskapet har også ansvar for alles helse.» Språket er så platt og flatt, det er ei evig sundagspreike i den moderne fleirbrukskyrkja som vert kalla Noreg. Det finst ikkje spor av Gudmund Hernes, Einar Førde eller Haakon Lie. Språket vert stort sett aldri nytta til å klårgjera, det moderne Ap-språket er kamuflasje. Det er som om veljarane ikkje skal oppdaga at Ap er eit politisk parti, og partiprogrammet vert difor lite anna enn eit pliktlaup.

Det er sjølvsagt forståeleg at det er slik. Ap har stått for styringa no i åtte år. Om dei går inn for ny politikk, så seier dei samstundes at den gamle politikken ikkje har vore god nok. Å gje motstandaren eit slikt høve ville vera politisk dumt. Men politikk er å vilja; det er som om Ap ikkje vil, det er som om partiet har gjeve opp. Kven kan med handa på hjarta tru på eit parti som skriv slikt: Ap vil «øke pasientsikkerheten gjennom åpenhet og læring i både sykehus og kommunehelsetjeneste.»

Men her ligg paradokset. Nett av di Ap skriv slik, så får det truverde. For truverdet ligg i at partiet har styrt Noreg i over femti år. Og det har ikkje gått så ravgale. Ap er vilje til makt, men den makta vil dei løyna.

Oppsummert: Ingen som er glad i å lesa, vil finna noko å gleda seg over i dette programmet, og den som likevel gjer det, vil stå att like klok. Den siste setninga, sjølve punchlinen i programmet, er denne: «Arbeiderpartiet vil fortsette med å redusere saksbehandlingen i Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda.»

Gabrielsen er ein annan stad.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake