Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Sex, singelliv og odelsrett

Av Ingeborg Mjør
,  22.02.13


Om enn med ei noko uklar målgruppe er denne teikneserieromanen dyktig fortald.

Teikneserieroman
Lene Ask:
Neste gang blir alt riktig
Jippi forlag 2012

Ei ung kvinne ligg og søv. Telefonen ringjer. «Det er mor.» Kvinna knyter spontant neven. Desse fire teikneserierutene er ein effektiv inngang til Lene Asks oppvekst­roman i teikneserieformat. Dette er også ein roman om livsval for ei ung kvinne. Marit er sing­el bibliotekar i byen, ho er frå gard, ho er einaste barn. Så døyr far. Forteljinga vekslar mellom byen og bygda, notid og barndom. Barndomen handlar om ei religiøs, uglad og depressiv mor, men også om ein fin far og naboguten Martin. Vaksenlivet i byen handlar om jobb og nokre kortvarige forhold til menn. Kan henda er det litt einsamt. Martin driv alt som bonde, forholdet til han er varmt, men «komplisert». Når mor må på sjukeheim, aukar presset på Marit. Kva med garden?

Gode typar
Dette er ein godt fortald teikne­serie. Stader er viktige. I mors hus er kjøkenbordet med utsikt til tunet arena for samtalar prega av pausar. Så er det typane. Ei jam­gamal kvinne i bygda har tre ungar og invaderer Marit med familiemas. Men også byen byr på klisjear. Marit skulkar jula og sjekkar opp ein likesinna. Men etter overmodig kritikk av tradisjonens åk luskar hipsteren av garde tidleg neste morgon, til familieselskap: «Mamma kommer til å frike ut om jeg ikke kommer.» Marit sjølv går heller ikkje fri for ironi når ho distanserer seg frå heimbygda med urbanistiske frasar.

Minimalistisk og rikeleg
Lene Ask er også dyktig til å konstruere situasjonar. Her er gravferd, barsamtalar og sjukebesøk. Og inga oppvekstskildring utan ei smertefull julefeiring, Marits juleminne er nådelaust. Dialogen fungerer bra, han er både minimalistisk og rikeleg emosjonell i replikkar som «Hun har det visst travelt der inne i Oslo».

Fargebruken er gjennomførd og «vaksen», interiøra på garden er syttitals, og Marit er konstruert over ein ujålete bibliotekarklisjé. Boka har ei uklar målgruppe. Framsida antydar barnelitteratur, men boka er for vaksne. Ho startar med ein seanse med ei mor og dotter som kranglar i biblioteket, dei får fart på Marits familieminne. Barnet dukkar opp seinare, men motivet er svakt integrert og tilfører lite til resten av historia.

Til slutt er Marit på garden, mor og Martin er der også. Åkeren er pløgd, vårkvelden vakker. Markens grøde har vore ein referanse gjennom teksten, til lita nytte for dei unge med odelsrett. Har han likevel teke eit stikk? Eller har naboguten igjen brukt traktortursjekketrikset sitt? Eller er den utflytta bibliotekaren berre heime i helga for å gi mor si ein pause frå sjukeheimen?



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake